Stengjer skulen grunna kulda: – Sat langt inne

3 days ago 2


Såpass kaldt er det i Os nord i Østerdalen torsdag at dei held barne- og ungdomsskulen stengd.

– I dag har vi bestemt å stenge skulen på Os, fordi vi ikkje får opp tilfredsstillande temperatur i klasseromma og får ikkje ventilasjonsanlegget til å fungere optimalt, seier kommunedirektør i Os Marit Gilleberg.

Det betyr at rundt 150 barne- og ungdomsskuleelevar ved skulen er heime torsdag.

– Det sat langt inne. Vi diskuterte fleire alternativ, seier ho.

Den stengde skulen vart først omtala av Arbeidets Rett.

Kaldaste januar på lenge

Det ser ut til å bli den kaldaste januar sidan 2010, både i Innlandet og nasjonalt. Det opplyser vakthavande meteorolog Bente Wahl.

Det kan bli svært låge temperaturar i både Folldal i Innlandet og Røros i Trøndelag. Begge fekk sin lågaste temperatur så langt i år, i natt.

Heile januar har vore temmeleg kjølig begge stadar, ifølgje meteorologen. Folldal ligg 8,5 gradar under normalen for januar, og Røros er på 6,7 under normalen.

– Det er ganske ekstremt, vil eg si.

Landets lågaste temperatur i natt var òg i Folldal, som var nede på 39 minusgradar. På Røros var dei nede i 37,5 minusgradar, og i Osmoen i Os 37 minus.

Og det kan bli endå kjøligare, åtvarar meteorologen.

– Ein skal ikkje sjå bort ifrå at det kan bli endå kaldare i dagane som kjem.

Her kan du sjå kor det er kaldast no:

Bygger ny skule

I desse dager held dei på og byggjer ny skule i Os.

I det gamle bygget kan dei få problem når temperaturane blir låge nok. Som i dag. Verneombod og leiinga ved skulen vurderte at dei no ikkje fekk til høg nok temperatur i skulebygget, og at dei derfor måtte stengje skulen.

– Det var sett inn masse vifteomnar men då bles jo berre sikringa, så det kunne vi ikkje basere oss på.

Os skole

Os skule held stengt torsdag. Dei tek ny vurdering om kva dei gjer fredag i løpet av dagen.

Foto: Lars Os / NRK

– Vi har fyrt for kråka i mange år, så no bygger vi ny skule og får betre ventilasjon og energistyring i bygget.

Dei vil ta ei ny vurdering i løpet av torsdagen når det gjeld om dei må stengje skulen fredag òg.

Kva gjer elevane og lærarane i dag?

– Berar ved og fyrar, vil eg tru, seier ho og peikar på dei låge temperaturane.

– Foreldre og ungar må vere kreative i dag, dei kan både jobbe med skulearbeid og bere ved.

Vand med låge temperaturar

Lufthavnsjef ved Røros lufthavn Gudbrand Rognes opplyser på sms at dei er godt vand med låge temperaturar på Røros.

– Men det riv litt i nasen i dag.

Rundt halv ti opplyser han at morgongavgangen mot Oslo nettopp gjekk, to timar forseinka. Kulda var årsaka til forseinkinga.

– Ved så låge temperaturar må ein halde fokus på å unngå skadar på vannrøyr, bygg, kjøretøy osv.

Publisert 29.01.2026, kl. 10.36 Oppdatert 29.01.2026, kl. 10.44

Read Entire Article