Oversersjant Daniel Skjauff i Brigade nord er blant dei som jobbar med tryggingsarbeid før militærøvinga Cold Response, som går av stabelen neste veke.
Ein sentral del av det er å sjå på skredfaren i områda og eventuelt prøve å løyse ut snøskred ved hjelp av sprengstoff, fortel han.
– Vi prøver å gjere vegen fram tryggare. Ein kan ta ein dal som var utrygg og fjerne faktoren som gjer han utrygg slik at folk kan ta seg fram der.
Skjauff og medsoldatane hans har for eksempel løyst ut ein skavl på rundt 80 kubikk med snø som så fall ned på eit flak som dei var bekymra for at skulle rase ut.
– Viss ei slik mengde snø ikkje løyser det ut, så skal det mykje til for at personale med ski eller på skuter eller andre køyretøy løyser ut skred der, seier oversersjant.
16 drepne av snøskred – øving vart avlyst
40 år og nokre dagar før Cold Response begynner, førte eit snøskred til at ei anna Nato-øving, Anchor Express, vart avlyst.
I dag torsdag 5. mars er det nemleg 40 år sidan 16 ingeniørsoldatar mista livet i Vassdalen-ulukka i 1986. Av dei som overlevde fekk fleire store fysiske og psykiske skadar.
40 år etter ulukka skulle Forsvaret eigentleg heidre dei omkomne ved fjellet Storebalak, men utfordrande vêr gjer det for farleg å ta seg inn i området, skreiv avisa Fremover på tysdag.
Redningsmannskap søker for fullt etter sakna etter raset i 1986.
Foto: Laurvik, HenrikForsvaret slutta med offisielle markeringar etter 25-årsmarkeringa av ulukka. Men dei har ei intern markering i tidligare Holmen leir kvart år, fortel brigadar Terje Bruøygard, sjef for Brigade Nord.
– I år har vi i tillegg invitert dei overlevande til ei lukka minnemarkering på Forsvarets veteransenter på Kongsberg, seier han.
Forsvarssjefen, hærsjefen, sjefen for ingeniørbataljonen og brigadesjefen deltar der.
Markering for dei 16 omkomne etter rasulukka for 40 år sidan.
Foto: Laurvik, HenrikEndra sikkerheitskultur
– Institusjonelt sett er vi betre rusta i dag fordi vi har eit godt system for skredvarsling, seier Bruøygard.
I dag fokuserer dei på å unngå å hamne i skred, ikkje på å handtere eit utløyst skred.
– Terskelen for å ikkje gå inn i eit skredfarleg område er veldig låg. Vi ventar heller til det er tryggare, framfor å risikere liv og helse, seier Bruøygard.
.
Brigadesjef Terje Bruøygard (i midten).
Foto: Øystein Arild M Antonsen / NRKMåndag startar Nato-øvinga Cold Response. Tusenvis av soldatar frå 14 land skal ut i terreng som kan vere rasfarleg.
Under slike store øvingar set Forsvaret ned eigne skredgrupper. Dei utarbeider lokale farevarsel baserte på terrenget som skal brukast, fortel oberst Vegard Flom, sjef for Forsvarets vinterskole.
– Vi opererer med eit regelstyrt ferdselsmønster. Det betyr at terreng blir opna eller stengt basert på dei faktiske funna vi gjer i snøen, seier Flom.
Oberst Vegard Flom, sjef for Forsvarets vinterskole.
Foto: Stein Eide / NRKSkredekspertane deira gjer lokale testar frå dal til dal.
– Vi baserer oss på Varsom.no, men går også ytterlegare ned i dei lokale forholda, slik at dei blir kartlagde. Og så sender vi ut lokale varsel som regulerer ferdselen til styrkane som deltar i øvinga, seier Flom.
På spørsmål om ein kan garantere seg mot skredulukker, svarer Flom:
– Skred er kompliserte greier. Forholda skiftar fort. Så heilt garanterte kan vi ikkje vere, men vi gjer det vi kan.
– Stor innsats i treninga
Sjefen for Forsvarets vinterskole seier det har vore og vil vere stort fokus på skred under Cold Response. Han kallar det ei utfordring å få inn tusenvis av allierte som ikkje er vande til å ferdast i nordnorsk klima- og topografi.
– Vi har derfor lagt stor innsats i treninga deira lenge før dei kjem på vinterøvinga, seier Flom.
I november trente vinterskolen til Forsvaret opp allierte instruktørar som igjen har skulert eigne mannskap, utdjupar Flom:
– Våre allierte vil følgje sikkerheitsanordningane med dei same avgrensingane og moglegheitene som dei norske styrkane, seier han.
Publisert 05.03.2026, kl. 07.28 Oppdatert 05.03.2026, kl. 07.47














English (US)