– Oi, dette er enormt, sa kommentator Chris Howarth på direkten då italienske Sara Conti og Niccolo Macii entra isen under avslutningsshowet til VM i kunstløp søndag kveld.
Samstundes fekk paret kraftig jubel frå eit ekstatisk publikum i Boston.
Grunnen?
Dei hadde «bytt» antrekk.
Conti stilte i lausskjegg, parykk og ei drakt som gav bulande musklar på overkroppen.
Macii hadde tiara og ein svart liten ballerinakjole.
– Eg veit ikkje kven som er kven, kommenterte Viaplays Howarth lattermildt.
– Galskap
Conti og Macii starta med ein slags humoristisk versjon av Svanesjøen, der altså mannlege Macii var svana. Så stoppa han opp, vifta teatralsk med peikefingeren og reiv av seg kostymet.
Under bar han eit undertøysett i noko som likna skinn.
Samstundes dunka feministlåten «Who run the world?» av Beyoncé ut av høgtalarane.
Publikum lo og jubla då oppvisningsnummeret tok stadig nye vendingar, og kommentator Kirsten Moore-Towers, som sjølv har teke del i tre OL, var tydeleg begeistra:
– Dei må ha hatt det så morosamt ved å lage dette, sa ho engasjert til kollegaen sin.
– Dette var galskap, svarte Howarth.
Trur det var ei støtteerklæring
Camilla Gjersem trur ikkje valet av nummer var tilfeldig for det italienske paret.
– Det er eit stort mangfald i kunstløpmiljøet, og eg tolkar det som at dei brukte moglegheita til å sende eit politisk signal, seier ho.
PÅ SCENA: Camilla Gjersem, her på Idrettsgallaen 2024.
Foto: Ole Martin Wold / NTBDen tidlegare kunstløparen trekk fram at VM var i USA, der Donald Trump nettopp har signert ein presidentordre som forbyr transpersonar i kvinneidrett. I tillegg er 31. mars transsynlegheitsdagen.
– Det er ikkje heilt uvanleg med menn i ballettdrakt og andre kostyme under avslutningsshowet, men her trur eg det faktisk ligg meir bak. At det ikkje berre var meint som humor, men at det og var ei støtteerklæring til transmiljøet og LHBT+-miljøet generelt, seier Gjersem, og presiserer at det er tolkinga hennar av kostymevalet.
Det italienske paret har ikkje svara på NRKs førespurnad.
Avslutningsshowet blei halde på meisterskapens siste dag, og dei aller fleste medaljevinnarane var der for å underhalde publikum og kvarandre. Conti og Macii vann bronse i parløp tidlegare i VM, og derfor var dei altså ein del av den avsluttande oppvisninga.
– Der kan dei gjere element som ikkje er lov i konkurransar. Det er berre for å underhalde, forklarer Lise Røsto Jensen.
Ho har vore internasjonal meisterskapsdommar i kunstløp.
– Det er ingen andre reglar enn at det ikkje er lov å gjenta konkurranseprogrammet, held ho fram.
– Er det lov med politiske markeringar?
– Ja, det er ingen reglar, svarer Jensen.
Norsk nedtur
Norske Mia Risa Gómez feila i eit hopp og enda berre på 29.-plass etter kortprogrammet tidlegare i VM. Dermed fekk ho ikkje gå friløpet.
Den skuffande plasseringa gjorde også at draumen om å sikre OL-billett via VM-suksess, ikkje blei oppfylt.
19-åringen varta opp med ein kjempeprestasjon tidlegare i år, da ho blei nummer 12 i EM. Det var beste norske plassering sidan Sonja Henie var aktiv for snart 90 år sidan.
Publisert 31.03.2025, kl. 17.57