– Seattle og San Francisco blir styrt av «venstreradikale galningar» som ikkje veit kva dei driv med, sa presidenten ifølge nyheitsbyrået Reuters og fortsette:
– Om eg ikkje trur det blir trygt, kjem vi til å flytte dei til ein annan by, absolutt. Det er faktisk eit veldig godt spørsmål.
Både Seattle og San Francisco blir styrt av ein guvernør og ordførar som er politikar for Demokratane.
– Om vi trur det kjem til å berre vere litt farleg i samband med VM, så kjem vi ikkje til å tillate at meisterskapen blir arrangert i dei byane. Vi kjem til å flytte om på litt. Men eg håpar ikkje det skjer, seier Trump.
Fifas visepresident slår tilbake
Dersom han går inn for det drastiske grepet, vil han truleg møte stor motstand. Det store hinderet kan vere regelboka til Fifa.
Det påpeikar Fifas visepresident Victor Montagliani.
– Det er Fifas turnering og Fifas regelbok. Det er Fifa som tar desse avgjerdene, seier han ifølge The Guardian.
Han fortset:
– Med all respekt til nåverande verdsleiarar, fotball er større enn dei og fotball vil overleve regima deira, regjeringane deira og slagorda deira.
NRK har prøvd å komme i kontakt med Fifa om Trumps utspel. Førebels utan hell.
LEIARAR: USAs president Donald Trump under eit møte saman med Fifas president Gianni Infantino.
Foto: Jacquelyn Martin / AP / NTBMeiner Trump kan «øydelegge» VM
USA-ekspert hos Civita, Eirik Løkke, åtvarar mot meisterskapen som ventar. Han tviler på det blir siste gong Trump kjem med ein omstridd uttale om fotball-VM.
– Det bidrar til å øydelegge fotball-VM og skaper ei stor usikkerheit. Det er ikkje kriminalitet eller venstreradikale som kan øydelegge VM, det er Trump sjølv, seier Løkke til NRK.
REAGERER: Eirik Løkke, rådgivar i Civitas, meiner Donald Trump kan skape ei rekke skandaleoverskrifter når fotball-VM er i gang neste år.
Foto: Hanna Johre / NRKHan fortset:
– Han kan bruke VM til å deportere innvandrarar. Da har du skikkeleg skandaleoppslag, og eg trur Fifa er livredde for det. Dei blir ikkje mindre bekymra når han bruker meisterskapen til politiske formål, og han er ein stor fare for meisterskapen.
VM er eigd og driven av Fifa, og dei har i utgangspunktet signert bindande avtalar med arrangørbyane i USA, Mexico og Canada. Desse avtalane er ikkje underskrivne av dei respektive landa.
Det finst likevel eit lite smotthol. Dersom Fifa meiner at ein by blir rekna som for farleg til å arrangere ein VM-kamp, kan det ende med at meisterskapen ikkje finn stad i den aktuelle byen.
Det skal likevel ein stor operasjon til for å fjerne ein arrangørby. Det har allereie blitt selt diverse billettpakkar til byane, med datoar og anna.
Løkke presiserer at det er kriminalitetsproblem i både Seattle og San Francisco, men ikkje av det ekstraordinære slaget.
– Dei har hatt store problem, men det blir neppe eit problem for VM. Det handlar meir om at du bør passe på bagasjen som turist og ikkje bør bevege deg i område du ikkje kjenner til om kvelden. Det er ikkje i nærleiken av den spinnville forklaringa til Trump, seier USA-eksperten.
– Kva bør Noreg og NFF vere førebudd på med Trump dersom dei kvalifiserer seg til VM?
– Dei må vere førebudde på at det kan komme mykje støy frå Trump og opplegg som er noko anna enn det dei skal konsentrere seg om.
NÆR VM-PLASS: Det norske fotballandslaget er få poeng unna plass i fotball-VM.
Foto: Cornelius Poppe / NTBNorske fans blir åtvara
NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt kjem også med ein dyster spådom om meisterskapen, dersom Erling Braut Haaland og dei andre norske stjernene tar seg dit.
– Dette kan potensielt øydelegge heile VM-festen for norske fans utsvelta på den typen spaning og moro, meiner Saltvedt.
Han trur uansett at det er lite, eller ingenting, norske supporterar og NFF kan gjere med truslane til Trump.
– Norske protestar vil ikkje nytte. Her er det berre å krysse fingrar for at Fifas visepresidentar kjem gjennom med bodskapen sin i tide før trekkinga 5. desember, seier Saltvedt.
SPÅR KAOS: NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt.
Foto: NRKUtsegnene til den amerikanske presidenten har også vekt harme i fleire amerikanske storbyar. Blant dei er i Seattle, ein av byane som blei trekte fram av Trump.
– President Trump fortset å vise vankunna si om byen vår. Vi gjer det harde arbeidet som trengst for å førebu oss på denne unike moglegheita til å ønske verda velkommen til Seattle, seier ordførar i byen Bruce Harrell til nettstaden The Athletic.
Han hevdar dessutan at pilene peikar rett veg i Seattle og meiner at valdskriminaliteten i byen er redusert med 20 prosent. Harrell seier også at byen har tilsett 130 nye tenestemenn i 2025.
Han meiner dessutan at den amerikanske presidenten gjer det stikk motsette.
– Mens vi gjer vår del for å forbetre sikkerheita før vi skal vere vertskap for kampane, har Trump-administrasjonen gjort byen vår mindre trygg ved å halde tilbake viktige midlar til verktøy mot terrorisme, meiner han.
Publisert 03.10.2025, kl. 07.14 Oppdatert 03.10.2025, kl. 07.47