Den nye leiaren i Senterungdommen tenker høgt om ein ny regjeringskoalisjon på andre sida av «midtstreken».
Som leiar i ungdomslaget er Nils Forren òg medlem i sentralstyret i partiet.
– I ei eventuell regjering med Høgre og Frp vil det vere betre med Senterpartiet enn med Venstre, sa han på Nyheitsmorgon i dag tidleg.
Han la til at det er «krise på venstresida» i norsk politikk, og presiserte at han ikkje identifiserte seg med den sida.
Partileiar Trygve Slagsvold Vedum seier til NRK at det «sjølvsagt er rom for at ungdomsleiaren tenker høgt». Sjå heile svaret under.
– Eg er open for alle, eg, svarer leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby.
Han er klar for å ta Senterpartiet inn i ei borgarleg regjering, og seier at Høgre «fint kan bli einige med Sp i saker som innvandring, skatt, avgifter og kulturpolitikk».
– Om dei forkastar det nåverande prosjektet sitt, så er dei sjølvsagt velkomne til det.
NRK har spurt om Høgre-leiar Erna Solberg står med like opne armar, men har foreløpig ikkje fått svar.
– Det var eit spenstig utspel
Eit kinesisk ordtak seier at eit menneske utan konfliktar er ikkje eit levande menneske, og i Senterpartiet sitt tilfelle er hjartet delt i to:
Grønt offentleg velferdsparti på den eine sida, og pragmatisk næringsparti på den andre sida.
Sistnemnde symbolisert ved tidlegare statsråd Ola Borten Moe, som ikkje lenger er ein del av regjeringskollegiet.
– Det var spenstig, seier han om utspelet til Forren.
Han legg til at ytterlegare kommentarar «får partileiinga ta seg av».
Andre har etterlyst Senterpartiet sin grøne identitet, symbolisert ved Sp-høvding Svein Sundsbø som græt over at partiet underspeler røtene sine i naturvernkampen.
– Sanninga er at dei som burde og kunne vore våre allierte – Venstre og MDG – i staden har gjort oss til sin hovudmotstandar, sa han til NRK i mars.
– Dei har ingenting på borgarleg side å gjere
Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Aleksander Øren Heen, avviser at partiet kan gli over midtstreken.
– Eg gjer kva eg kan for å unngå ei borgarleg regjering, seier han.
– Er det greitt at den nye leiaren i Senterungdommen tenker høgt om regjeringsskifte, eller bør han reservere dette til meir eigna forum?
– Det har eg inga meining om.
Leiar i Unge Venstre, Omar Svendsen-Yagci, seier at Senterpartiet uansett ikkje er velkommen.
– Dei har ingenting på borgarleg side å gjere. Dei har brukt ein heil regjeringsperiode på å reversere alt dei blågrøne gjorde i åtte år, seier han.
Nasjonalt partibarometer desember 2024
Kva ville du stemt om det var stortingsval? Oppslutning samanlikna med november.
27,7% | +2,4 | |
20,7% | −0,3 | |
16,8% | −0,7 | |
6,9% | −2,4 | |
6,8% | +1,5 | |
4,8% | +0,4 | |
4,7% | −0,7 | |
4,2% | +1,3 | |
3,9% | +0,4 | |
3,7% | −1,7 |
– Viljen til makt fører til usannsynlege løysingar
I 2021 skrev redaktør i det konservative tidsskriftet Minerva, Nils August Andresen at «stadig fleire» Høgre-folk drøymer om ei borgarleg fleirtalsregjering med Senterpartiet:
«I vaken tilstand vil ein knapt vedkjenne seg slike tankar. Likevel er det ikkje mogleg å undertrykke denne nye draumen heilt: Kva om Høgre og Senterpartiet kunne samarbeide? Kva om dei kunne danne regjering saman?».
Tre år seinare seier Andresen at draumen om ein koalisjon bygd på realpolitikk og nasjonalstat er svekt av «djup usemje» om Europa, sentralisering og reformer.
– Derfor trur eg ikkje det er nokon stor realisme i ein sånn konstellasjon i dag.
– Senterpartiet må gå tilbake til borgarleg side først, og så eventuelt bygge regjeringsplan etterpå.
Han legg til:
– På den andre sida: Viss alt skjer seg mellom dei fire borgarlege partia, og ein statsministerkandidat Solberg eller Listhaug leitar etter fleirtal, skal ein aldri utelukke at viljen til makt fører til i utgangspunktet usannsynlege løysingar.
Nils August Andresen, Minerva-redaktør
Det finst folk i både Høgre, Frp og Senterpartiet som har ein draum om ein koalisjon, som skal pregast av realpolitikk og nasjonalstat. Det finst ein viss logikk i ein slik konstellasjon òg. Men i vegen for ein slik draum står framleis det forholdet at Senterpartiet gjorde Solberg-reformene til hovudfiende.
Foto
Emma Berge Ness, stortingsrepresentant for Sp
Senterpartiet skal sjølvsagt ikkje sitte i regjering med våre politiske hovudmotstandarar. Det er stor avstand mellom høgresida og det politiske prosjektet vårt som handlar om å utvikle heile landet og jamne ut forskjellar mellom folk.
Ola Svenneby, leiar i Unge Høgre
Høgre kan fint bli einige med Senterpartiet i saker som innvandring, skatt, avgifter og kulturpolitikk. Men det krev jo eit ganske massivt skifte, og at dei forlèt prosjektet som dei nå er ein del av, der dei har bidratt til auka skattar, mindre valfridom og ein større stat.
Omar Svendsen-Yagci, leiar i Unge Venstre
Dagens Senterparti-regjering representerer alt Venstre og borgarleg side er imot. Dei gjer det dyrare for folk å velje klimavennleg, sender ei historisk skatterekning til næringslivet, gir elevane mindre fridom og fører ein ruspolitikk som straffar rusavhengige i hel. Om ein ønsker ei blågrøn regjering, må folk stemme Venstre ved valet neste år.
Trygve Slagsvold Vedum, Sp-leiar
Nils er ein tydeleg stemme for ungdom rundt om i Noreg som er mot sentralisering og for norsk matproduksjon og nasjonal kontroll over naturressursane våre. I partiet vårt er det sjølvsagt rom for at han «tenker høgt» på Nyheitsmorgon. Senterpartiet og Ap gjennomfører eit historisk løft i forsvaret, jordbruket og den mest offensive distriktspolitikken på mange tiår.
NRK
Steffen Fjellestad, leiar i Sogn og Fjordane Senterungdom
Eg er samd med leiaren vår at det er betre med Senterpartiet enn Venstre i regjering når det gjeld meir nasjonal kontroll og betre tenester nært folk i heile landet og for å kunne få gjennomslag for viktige saker for oss. Så målet må vere å kunne vidareføre dagens regjering med Ap for å halde fram med alt det gode arbeidet som denne regjeringa gjer.
Publisert 18.12.2024, kl. 14.53