Sp-ordførar døydde av kreft – vart heidra berre timar før han sovna inn

3 hours ago 3


Fredag sovna Sigurd Erlend Reknes inn, heime på Nordfjordeid på Vestlandet.

Då var kampen mot kreften, som han hadde kjempa mot sidan 2021, over. Det same var eit langt liv i politikken.

Han vart berre 48 år gamal.

– Han hadde ei lang merittliste, lenger enn mange andre som er langt eldre, seier fylkesordførar i Vestland Jon Askeland (Sp).

Reknes var ordførar i Stad kommune frå 2023.

I tillegg har han i mange år vore sentral for Senterpartiet i fylkespolitikken i tidlegare Sogn og Fjordane, men også i Vestland.

Vedum: – Kjem til å verta sakna

Dessutan var han sentralstyremedlem i Senterpartiet.

– Sigurd Reknes døydde så altfor tidleg. Sigurd var ein solid, varm og handlingsorientert politikar. Eg hadde gleda av å få tydelege og klartenkte råd frå han heilt til det siste. Mine tankar går til Sigurd sin familie. Sigurd kjem til å verta djupt sakna.

Dette skriv Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet, i ei melding til NRK.

Fleire andre Sp-profilar har også kommentert dødsfallet på sine opne Facebooksider.

«Sjølv om vi visste om ein tøff sjukdomshistorikk, så er det uverkeleg at Sigurd no er gått bort. Kvil i fred», skriv stortingsrepresentant og tidlegare statsråd Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

«Han var ein tydeleg politikar og eit varmt menneske! Fred over minnet ditt Sigurd – du vil bli sakna,» skriv kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Tidlegare ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo (V) er også prega av dødsfallet.

«Ord blir fattige. At Sigurd har gått ut av verda midt i livet, etter lang tids kreftsjukdom, er uendeleg vondt og trist,» skriv Bjørlo.

Sigurd Reksnes, Trygve Slagsvold Vedum, Liv Signe Navarsete

Her er Sigurd Reksnes saman med Trygve Slagsvold Vedum og Liv Signe Navarsete på fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Senterparti i 2017.

Foto: Odd Helge Brugand / NRK.

Søkte om å gje han heidersmerke

Stad-ordføraren vart nemleg lagt merke til av mange. Og berre veker før han døydde vart det søkt om å gje han Senterpartiet sitt heidersmerke.

Dette er eit merke for dei som utmerker seg på ein særskild nyttig måte for partiet, ifølgje vedtektene.

Fylkespartiet, som søkte, skreiv mellom anna dette i søknaden:

– Det er mange som har sett pris på Sigurd, både som politikar og menneske, og av ord som er nytta for å beskrive han er «politisk krigar», heil ved, pragmatikar, lojal, nytenkande, skvær, medmenneske og til å stole på, heitte det i søknaden.

Dette vart innvilga, og i går, fredag 31. januar, sette Askeland seg i bilen saman med ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling (Sp).

Målet var Nordfjordeid, der dei skulle dela ut heidersmerket til Reknes.

Fekk halvtime med historier

Dei rakk akkurat fram i tide.

– Me hadde ein halvtime med han. Me mimra, gret, og lo om kvarandre. Han sette stor pris på å få heidersmerket, seier Askeland.

48-åringen var i godt humør.

– Hadde han meiningar om Senterpartiet sin exit frå regjeringa?

– Nei, det snakka me faktisk ikkje om. Han visste jo at han ikkje ville leva slik at han kunne sjå konsekvensane av det, svarar Askeland.

Jenny Følling fortel at det var eitt politisk område som Reksnes snakka mykje om på dødsleiet.

– Me spurte om det var noko han ville sei. Då sa han at god helsepolitikk var hans sterkaste ynskje, fortel Følling.

Sigurd Reksnes

Sigurd Reksnes var oppteken av landbrukspolitikken. Her er han føre traktoren i 2012.

Foto: Stig Høynes

Fekk telefon rett etterpå

Etter at Reksnes hadde fått heidersmerket, diplom og blomar, sa Følling og Askeland farvel og sette seg i bilen sørover i fylket igjen.

Då Askeland køyrde av ferja etter å ha kryssa Sognefjorden, cirka tre timars køyretur sør for Nordfjordeid, fekk han ein telefon.

Livet til Sigurd Erling Reksnes var over.

– Det var veldig spesielt. Men det minner oss om å ta besøka og seia dei fine orda før det er for seint, og ikkje i gravferda, seier Askeland.

– Å få vera med han i går var veldig fint. Men det var ein veldig trist beskjed å få, seier Følling.

Sigurd Erlend Reksnes lèt etter seg seg ektefelle og to barn.

Våre tankar og medkjensle går til Sigurd sin familie og nære vener i sorga, heiter det i ei pressemelding frå Stad kommune og fungerande ordførar Judith Kvåle.

Publisert 01.02.2025, kl. 19.26 Oppdatert 01.02.2025, kl. 19.30

Read Entire Article