Solrun skjønte ikkje kva som skjedde – turfolk seier ho kan vere glad for å vere i live

14 hours ago 3


Det var søndag Solrun Nebb (38) og kjærasten Øyvind Gustavsen gjekk på ski til toppen av romsdalsfjellet Smørbotntind (1188 moh.). På veg opp var vêret skiftande, og då dei kom til toppen, kjende ho at det var noko spesielt i emning.

– Det starta med at eg merka summing i øyra, akkurat som eg hadde ei bie i hårbandet, fortel ho.

Samtidig reiste håret seg på hovudet hennar, og brått kjende ho støyt gjennom hendene som var så kraftige at ho måtte kasta frå seg stavane.

– Det kom ein «bzzzz-lyd» i stavane, seier ho.

Ho trur det kan ha gått føre seg i rundt eitt minutt før det gav seg.

Smørbottind

Det var skiftande ver på Smørbotntind søndag.

Foto: Øyvind Gustavsen / NRK

– Dette er ikke noe å leke med!

Kjærasten tok bilde av Solrun Nebb med håret rett til vers. Det bildet la ho ut på Facebookgruppa Toppturer i Nordvest måndag, og det har mange fått med seg. Fleire skriv at det kunne gått alvorleg gale.

– Trur nok du har brukt opp flaksen din, skriv ein.

– Dette er ikke noe å leke med! Slår lynet ned har du flaks om du overlever, skriv ein annan.

Fleire kommenterer at dei har opplevd det same, og at det einaste rette er å søke ly og komme seg ned frå fjellet.

Skjermdump frå Facebook

Det er mange som har sett innlegget til Solrun Nebb frå Levanger i Trøndelag.

Foto: Skjermdump / NRK

Kva hadde du gjort om du opplevde dette?

– Du kan faktisk vere den utløysande faktoren

Vakthavande meteorolog Alexander Skeltved ved Vervarslinga for Vestlandet er einig i at ein bør vere på vakt. Han seier at ein person i verste fall kan utløyse lynet sjølv.

– Dei har heilt rett dei, som har åtvara henne. Det er berre å kome seg ned så fort som råd, sjølv om ein ikkje har sett eller høyrt noko lyn i området. Nettopp det at du er til stades med skistaven eller er det høgste punktet, kan gjere at du faktisk startar det einaste lynet som kjem til å gå den dagen. Du kan faktisk vere den utløysande faktoren, seier han.

– Kor farleg er det?

– Dersom du løyser ut eit lyn vil jo lynet gå gjennom kroppen, og verste utfall er jo at det går gjennom indre organ. Då kan ein jo risikere å døy, seier han.

Skeltved seier fenomenet blir omtalt som Sankt Elms eld.

Alexander Skeltved, statsmeteorolog

Vakthavande meteorolog Alexander Skeltved ved Vervarsling på Vestlandet.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Vil at andre skal lære av henne

Skituren til det populære fjellet i Rauma har blitt noko spesielt å sjå tilbake på for paret frå Trøndelag.

Dei fann raskt ut at dei burde kome seg lenger ned i terrenget, og er overraska over at dei ikkje har høyrt om fenomenet før. Sjølv om begge kjende dei elektriske støyta godt i stavane, blei dei ikkje redde.

Her er fjellet dei to gjekk til.

– Eg tenkte vel at her er det mykje elektrisitet, og at dei støyta var det verste som kunne skje, seier Solrun Nebb.

– Kjenner du deg flau no etterpå?

– Nei, ikkje flau i det heile tatt. Eg har vore på tur i mange år, og aldri kome bort i eit slikt scenario. Naiv, kanskje, men eg kjenner meg ikkje dum. Eg er heilt sikkert ikkje åleine i dette.

No håper ho at flest mogleg les om det som skjedde dei, og tek lærdom.

– Noko bra kan det kome ut av dette, og det er jo folkeopplysninga, seier ho.

Solrun Nebb skjønte ikkje kvifor håret sto rett til vers på Smørbotntind. Det gjorde ikkje kjærasten heller.

Solrun Nebb på Smørbotntind med håret rett til vers.

Foto: Privat

Publisert 18.03.2025, kl. 15.13

Read Entire Article