Etter møtet mellom USA og Noreg i Det kvite hus torsdag, meiner tidlegare statsminister Erna Solberg (H) at statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) håndterte møtet på ein bra måte.
I møtet diskuterte USAs president og den norske delegasjonen blant anna krigen i Ukraina og moglegheita til å få i stand ei våpenkvile.
I presseseansen etter møtet sa Trump at han vil ha slutt på at folk skal døy og at USA jobbar hardt for å få til ei våpenkvile.
Signalet frå dette møtet er vanskeleg å tolke, meiner Solberg.
– Eg tenker at det forandrer seg litt dag for dag kva USA gjer med dette. Eg trur den største utfordringa med det er historieforståinga til Donald Trump knytt til territorium og områder. Óg hans litt manglande tydelegheit på at det er Russland som er aggressoren i denne saka, sa ho til NRK.
Eit langt møte
Torsdag møtte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Jens Stoltenberg USAs president Donald Trump i Det kvite hus.
Der diskuterte dei blant anna handel mellom Noreg og USA, krigen i Ukraina og samarbeid mellom landa.
Møtet varte meir enn 90 minutt og blei etterfulgt av ein presseseanse i Det ovale kontor.
Der understreka USAs president at han «elskar Noreg».
Publisert 24.04.2025, kl. 20.37 Oppdatert 24.04.2025, kl. 20.43