– Eg kan sjå for meg at elevar på vidaregåande kan oppleve det som lettare, med tanke på fråvær. Ein kan få like mykje informasjon via ein videosamtale som fysisk.
Det seier Wiktoria Bujnicka som NRK møter i Førde.
Videosamtale med legen gjer det enklare for elevar på vidaregåande skole å unngå fråvær, meiner Wiktoria Bujnicka.
Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRKHo får støtte frå Connie Hamre, som er i ein annan generasjon enn Wiktoria.
Connie Hamre på gata i Førde synest det er bra med ny teknologi.
Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK– Eg synest det høyrest heilt greitt ut å bruke ny teknologi, og da blir det kanskje lettare for oss å få legetimar òg. Så reknar eg med at dersom det skulle vere behov for fysisk konsultasjon, at du da får oppfølging på det. Så eg ser ikkje noko problematisk med det.
Frå april neste år pålegg regjeringa alle fastlegar å tilby digitale tenester som blant anna videotimar.
Regjeringa har endra fastlegeforskrifta, som viser kva som er oppgåvene til fastlegane.
Dei har dermed vedtatt at alle fastlegar må tilby digitale tenester gjennom video, tekst og telefon.
Det seier helseminister Jan Christian Vestre.
Helseminister Jan Christian Vestre meiner innbyggarane vil ha dette tilbodet.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK– Vi har mange innbyggarar som i større grad ønsker å kunne gjennomføre konsultasjonar digitalt, og derfor innfører vi nå denne plikta for fastlegane for førespurnader som er eigna for det.
Forslaget har vore ute på høyring. NRK har lese alle høyringssvara og ser at pasientorganisasjonar, kommunar og teknologibedrifter er positive.
Ordninga har vore testa ut i ei rad kommunar dei siste åra.
Men fastlegane, som skal gjennomføre videosamtalane, er kritiske.
– Fastlegane var kjappe med å ta i bruk videokonsultasjonar under pandemien, når det var eit behov for det, men deretter ser ein at bruken har falle. I dag ligg bruken av videosamtalar på 1 -2 promille av konsultasjonane.
Det seier leiar av Allmennlegeforeininga, som er fastlegane og allmennleganes interesseorganisasjon, Hans-Christian Myklestul.
Leiar av Allmennlegeforeningen Hans-Christian Myklestul trur ikkje på behovet for dette.
Foto: Hedvig Kolboholen / AllmennlegeforeningenMen helseministeren har valt å lukke øyra for innvendingane frå allmennlegane.
– Eg trur ein del innbyggarar synest det er rart at dei videokonsultasjonane som dei hadde gode erfaringar med for eksempel under pandemien, no ikkje lenger er tilgjengelege.
Helsefagleg skepsis
Allmennlegane fekk støtte i skepsisen sin hos Helsetilsynet. Der peika dei på ein internasjonal studie gjennomførte ved universitetet i Bristol i 2020.
«Forsking viser at digital tilgang aukar den totale arbeidsmengda til legen. Blant anna er det vist at «digital-first» konsultasjonsmodellar aukar arbeidsmengda for legane, og at digitale konsultasjonar kjem i tillegg til og ikkje i staden for fysiske konsultasjonar»
Datatilsynet av opptatt av sikkerheita for pasientane og skreiv:
«Vi har ingen prinsipielle innvendingar til forslaget om digitale fastlegetenester. Vi vil likevel framheve kor viktig det er at fastlegane blir sette i stand til å overhalde grunnleggande krav til personvern og personopplysningssikkerheit før dei blir pålagde å ta slike tenester i bruk».
Helseministeren er ikkje bekymra for at legane får det meir travelt enn i dag.
– Det står att å sjå. Dette vil jo ikkje endre talet på fastlegetimar som er tilgjengelege. Så om pasienten da ønsker ein fysisk konsultasjon eller ein videokonsultasjon, så vil jo den konsultasjonen ta sannsynlegvis like lang tid. Og så får vi jo sjå erfaringane etter kvart.
Foreininga for fastlegar under utdanning og Allmennlegeforeningen trur framleis det er det beste for pasientane er å komme på legekontoret.
– Ein må måle eit blodtrykk, undersøke ei skulder eller eit kne. Da er ein heilt avhengig av å ha pasienten til stades. Det er innmari vanskeleg å få tatt ei blodprøve via ein videokonsultasjon, seier Hans-Christian Myklestul.
Trass i protestane:
Frå april neste år skal alle fastlegar i Noreg tilby legetimar digitalt via video.
Alle må også tilby moglegheit for digital timebestilling via Helsenorge.no.
Bjørn Støfring som vi møter i Førde trur han kjem til å prøve ut videokonsultasjon hos legen.
Bjørn Støfring som vi møter i Førde er positive til den nye teknologien.
Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK– Eg har ikkje gjort meg store tankar, men eg tenker at det kan vere positivt. Det er fleire ting ein kan få ordna via ein videoprat.
Publisert 02.12.2025, kl. 05.16















English (US)