Han er best kjend som den fryktlause og ofte lettkledde «Party Boy» frå MTV-suksessen «Jackass».
Men no er glitteret frå Hollywood bytta ut med det mørke interiøret i Kulturkyrkja Jakob i Oslo.
Saman med Jarle Kvåle frå metalbandet Vreid og vokalist Agnete Kjølsrud frå Djerv, speler han inn musikkvideo til låten «Loving the Dead».
Det heile starta med ein familieferie i Sverige for nokre år sidan.
Pontius, som lenge har vore fascinert av norsk ekstremmetall, snubla over ei plateavdeling i ein vanleg matbutikk.
– Eg fann ein vinyl med bandet Windir. Eg hadde blitt heilt gira på «sognametal», så eg filma det og la det ut på YouTube, fortel Pontius.
Vreid sin nye video er påkosta. Historia krinsar kring ein mann som brått finn seg sjølv i ei kiste i ei kyrkje.
Foto: Kjetil Solhøi / NRK– Fysisk humor
Videoen nådde Jarle Kvåle, som tidlegare spelte i Windir og no frontar Vreid. Han tok kontakt, og då Metallica skulle spele på festivalen Tons of Rock, møttest dei to.
– Eg sa til kona mi at når slike teikn dukkar opp i livet, må ein følgje med. Vi endra flybillettane og vart att i Noreg, seier Pontius.
Han dreg parallellar mellom kaoset i «Jackass» og dynamikken i eit band som Vreid.
– Vi har blitt kalla eit rockeband utan musikalsk talent, seier amerikanaren om den verdskjende stunt-gjengen.
– Men det handlar om det same: Ein gjeng venner som har det gøy saman. Uansett språk eller kultur, så forstår folk fysisk humor.
Vreid-frontmann Jarle Kvåle.
Foto: Kristine Elise Fjørtoft / NRKInspirert av Twin Peaks
For Jarle Kvåle og Vreid representerer samarbeidet noko nytt og annleis.
Låten «Loving the Dead» bryt med det tradisjonelle lydbiletet deira, mykje takka vere Agnete Kjølsrud sine unike vokalarrangement.
Kjølstrud er til vanleg vokalist i metalbandet Djerv.
– Eg har drøymt om å få Agnete med på ein låt i lang tid. Ho skreiv om teksten og gjorde det til noko heilt eige, seier Kvåle.
Sjølve musikkvideoen hentar inspirasjon frå det surrealistiske universet til filmskaparen David Lynch.
– «Twin Peaks» har følgt meg sidan eg var tenåring. No vil vi skape noko vi ikkje heilt veit korleis endar. Eg har til og med fått prøveliggje ei kiste i dag, fortel Vreid-sjefen.
Chris Pontius og Djerv-vokalist Agnete Kjølsrud.
Foto: Kristine Elise Fjørtoft / NRKHeilt ny film i juni
For vokalist Agnete Kjølsrud var det eit spesielt møte å stå ansikt til ansikt med ein av barndommens heltar frå TV-skjermen.
– Eg var ein stor «MTV-slave» og elska «Jackass» før i tida. Det er utruleg rart, men kjempegøy å stå her med Chris no, seier ho.
Sjølv om Pontius snart skal i gang med ei ny «Jackass»-innspeling i USA, legg han ikkje skjul på at han har lagt sin elsk på Noreg.
– Det er utruleg kva keisemd kan drive deg til, enten du veks opp i California eller i Noreg. Og fisar er morosame uansett kvar du er i verda, konstaterer han med eit glimt i auget.
Klipp frå nokon av «Jackass» sine mange stunts
Publisert 19.02.2026, kl. 10.29














English (US)