Slik treff «Éowyn» Noreg

5 hours ago 4


Det var venta kraftige vindkast på opptil 35 m/s på Vestlandet mot helga.

Det gule farevarselet kan bli oppgradert til oransje nivå, og skal treffe frå fredag ettermiddag og skalere opp natt til laurdag.

Bilde av et værkart over sørvestkysten av norge. Det er lilla farger, som illustrerer vind, og gule trekanter med vind-symbol på.

Slik er det spådd at stormen «Éowyn» skal treffe Noreg.

Faksimile: Meteorologene

Stormen er ein bombesyklon, altså ein storm som forsterkar seg svært raskt. Dette skjer når lufttrykket fell med minst 24 millibar i laupet av 24 timar, noko som ofte skjer på middels eller høge breiddegrader.

I tillegg er det sendt ut eit farevarsel for kraftig snøfokk i fjellområda i Sør-Noreg frå fredag ettermiddag til laurdag ettermiddag.

Gult farevarsel for snøfokk i fjellet fra fredag 24.01.25

Gult farevarsel for snøfokk.

Grafikk: Meteorologisk institutt

Få oversikt her:

Påverkar trafikken i Vestland

På grunn av mykje vind er ferjesambandet Arsvågen-Mortavika E39 innstilt. Siste avgang går klokka 18.00 fredag frå Arsvågen og frå Mortavika. Det blir gjort ei ny vurdering i laurdag ettermiddag.

Det er kolonnekøyring ved riksveg 7 ved Hardangervidda, og ein må rekne med 2–3 timar venting både frå aust og vest.

Det er innført kolonnekøyring over E134 Haukelifjell. Dette gjeld E134 Liamyrane bom i Ullensvang til E134 Haukelitunnelen i Ullensvang.

Rv. 13 Vikafjellet er stengt, med ny vurdering laurdag klokka 11.00.

Også FV609 mellom Førde og Askvoll er stengt preventivt. Tidlegare fredag var det straumbrot i Bergen, og over 1500 var utan straum.

Det gjekk også eit mindre steinras i Alver, og ras har det også gått i Granvin i Voss herad.

Råkar Rogaland

I Rogaland har Haugaland Kraft førebudd seg på straumbrot.

Ferjerute 1130 Arsvågen – Mortavika er innstilt frå 18.00 til laurdag føremiddag.

Også ferja mellom Utsira og Haugesund er innstilt ut dagen. Det same er ferja mellom Mekjarvik og Kvitsøy.

Eit steinras ved Hunnedalsvegen, mellom Giljajuvtunnelen og Byrkjedal, sperra vegen, men denne er no open.

På Austlandet har det også vore uvêr.

Det er mykje vatn i gatene i Porsgrunn.

Foto: Aud Darrud/NRK

Trefte dei britiske øyane

Det meteorologiske instituttet i Storbritannia sende fredag ut eit raudt farevarsel om uvêret.

Et farevarsel-kart for Storbritannia, hvor store deler av øygruppa er oransje og gul, og deler også er rød. Deler av europa, inkludert norge, synes til høyre, i grått.

Farevarsel for Storbritannia.

Faksimile: Skjermdump / Met Office

Når «Éowyn» treff Noreg, har bombesyklonen passert dei britiske øyane, og Storbritannia og Irland har blitt ramma hardt. Fleire millionar menneske fekk beskjed om å halde seg heime.

Irland førebur seg for stormen Éowyn. Sandsekkar i Bantry, County Cork, Irland.

Eurovision News

Fly vart kansellerte og fleire enn 200 skular stengde i Nord-Irland, Skottland, England og Wales.

Det har blitt registrert vindkast på 50 meter per sekund utanfor Galway, på den irske vestkysten. Orkan styrke gjeld frå 32,6 meter per sekund.

I Irland har fleire enn 700.000 husstandar vore utan straum, i Nord-Irland nær 100.000.

  • Eit kvitt og oransje ark/skilt heng på eit gjerde utanfor togstasjonen i Edinburgh. "Det går ikkje tog i dag grunna stormen Eowyn" står det på arket.

    Eit skilt med beskjed om at det ikkje går tog frå Edinburgh grunna stormen heng utanfor togstasjonen i byen.

    Foto: Jane Barlow / AP
  • Murstein ligger strødd langs en gate i Belfast. Et murhus til venstre mangler øverste vegg. En stor, tom trekant, der mursteinen en gang var stablet, gaper mot kameraet.

    Murstein ligg strødd langs ei gate i Belfast, Nord-Irland.

    Foto: AP
  • Ein mann går bortover ein molo, bort frå havgapet utanfor Blackpool, England. Det er dårleg sikt, kvite toppar på bølgene og vind i eit flagg som er heist. Mannen går og holder seg på hetta og ser nedvoer, har på seg svart jakke og blå jeans.

    Ein mann testar vêret utanfor Blackpool, England.

    Foto: Jon Super / AP
  • Ei tom gate i den skotske hovudstaden Edinburgh fredag føremiddag. Lyskryss utan biler, fortau utan folk.

    Tomme gater i Edinburgh, Skottland fredag formiddag.

    Foto: Lesley Martin / Reuters
  • Eit tre ligg knekt over vegen i Belfast, Nord-Irland.

    Austlege Belfast, Nord-Irland, fredag morgon.

    Foto: David Young / AP
  • En svart søppelbøtte ligger gatelangs i Edinburg, Skottland. Småsøppel ligger rundt. Det er morgen og skumring. I bakgrunnen kjører en blå og hvit buss, hvor det står "NOT IN SERVICE" på toppen.

    Eit søppelspann har blåst over ende i Edinburgh, Skottland. I bakgrunnen køyrer ein buss som ikkje er i trafikk.

    Foto: Lesley Martin / Reuters
  • En mann i gul refleksjakke står bøyd over et tre som har falt bortover en bilvei med en sag. Det er dag og asfalten er våt. I bakgrunnen er en grå steinmur og en svart Audi.

    Dublin, Irland fredag morgon.

    Foto: Brian Lawless / AP

Publisert 24.01.2025, kl. 19.03 Oppdatert 24.01.2025, kl. 19.15

Read Entire Article