Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_22d34b4b04b38905f81e828bff3f1033, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Slik startar 2026: Full krig mellom «Kong Vinter» og varme­gradene - NorwayToday

Slik startar 2026: Full krig mellom «Kong Vinter» og varme­gradene

2 hours ago 3


Desember var i snitt tre grader varmare enn normalen i Noreg.

Medan rimfrost var det næraste mange kom kvit jul i år, får det meste av landet (om ein ser vekk frå kysten) minusgrader fram til fyrverkeriet skal opp nyttårsaftan

Så blir det derimot meir uvisst, om vi skal tru statsmeteorolog Pernille Borander. Ho har sett på kva vêr vi kan vente oss i starten av 2026.

I korte trekk tyder mykje på at vinteren kjem tilbake i nord, Sør- og Austlandet ser ut til å nyte godt av godt gamaldags vestavêr.

– Det er stor uvisse på Vestlandet og Trøndelag. Her er det nokre lågtrykk som ikkje har bestemt seg for kvar dei skal. Kampen mellom vinterlufta og plussgradene er ikkje avgjort enno, seier Borander.

Vest og Trøndelag: Vêrgudane kranglar

Sjølv om nokre trendar er byrja å teikne seg for det nye året, er det også ein del uvisse. Årsaka er lågtrykka som er i vente. Lågtrykka fungerer som ein motor, som flyttar på luftmassane.

– Det har alt å seie kvar kaldlufta blir dytta, kvar varmlufta blir dytta, kvar det blir regn og kvar det blir snø, og kva temperatur det blir, seier ho.

Pernille Borander

Det som er mest sikkert, om vi skal tru statsmeteorolog Pernille Borander, er at vinteren kjem tilbake i nord, og at Aust- og Sørlandet får ein kald og tørr start på 2026.

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

Og lågtrykka er årsaka til den store uvissa som er knytt til Vestlandet og Trøndelag. Her er det langt frå avgjort kva vêr som skal styre showet på starten av nyåret.

– I Bergen er det litt meir «bankers» at det blir plussgrader og typisk vestavêr – altså grått og vått. Men om vinterlufta eller plussgradene vinn kampen utover i januar, er førebels heilt umogleg å seie, seier meteorologen.

Aust- og Sørlandet: Kald start

Eit typisk vestavêr på Vestlandet er godt nytt for Sør- og Austlandet. For det betyr ein ganske chill – bokstaveleg talt – start på 2026.

Det betyr gode moglegheiter for å lufte dunjakka, men kanskje ikkje dei største snømengdene med det første.

– Her ser det ut til å starte på den kjølige og tørre sida. Vêret vi har no fortset inn i det nye året, seier Borander.

Trøndelag: Kald start, men ikkje tørt

Medan desember har vore mild også i Trøndelag, tyder mykje på at første veka i januar blir på minussida.

– Men ein kan ikkje forvente nokon tørr start på året, seier Borander og åtvarar om at det framleis er ein open kamp mellom «Kong Vinter» og plussgradene.

– Så får vi sjå kven, om det er plussgrader eller minusgrader, som tek over utover i januar.

Nord: Endeleg «vinter-vibe»

Er du i nord, kan du mest truleg glede deg. Etter ei mild jul ser det ut til at «Kong Vinter» endeleg tar grep igjen.

Det startar solid i helga, med både minusgrader og kraftig vind for deler av Nordland og Troms.

Nordland startar året med minusgrader og snø, sjølv om mildvêret lurer i kulissane og kanskje kan krangle seg tilbake utover i januar.

– I Troms og Finnmark ser det ut til at vinteren kjem tilbake og blir verande ei god stund framover. Det betyr snøbyer, kald luft og nordavind, fortel Borander.

– Altså ingen kamp mellom vêrgudane?

– Nei, der er det mindre og mindre sjanse for at plussgradene kjem tilbake. Det er størst sjanse for ein god del minusgrader.

Ingen storm, men pass på isen

Sjølv om vêret er ubestemmeleg, har Borander éi god nyheit: Det ligg ikkje an til noko ekstremvêr eller store stormar akkurat rundt nyttårsskiftet.

Men – når temperaturen vippar fram og tilbake rundt nullpunktet, betyr det éin ting: Hålke.

– Det kan fort bli is og glatte vegar, særleg i sør der det vekslar mellom pluss og minus, åtvarar ho.

Varm desember

Desember har vore uvanleg mild, til stor frustrasjon for mange skisenter.

Du kan sjekke kva skisenter som held ope her.

Førebelse tala viser at Akershus har størst avvik i høve til normalen, med 5,2 grader. Elles ligg resten av fylka i Sør-Noreg kring fire grader over normalen.

Trøndelag og Nordland er førebels tre og to grader over normalen.

– Troms og Finnmark ligg rundt normalen, eller hakket over, hovudsakleg på grunn av det kraftige mildvêret i jula, seier Borander.

Ho konstaterer at det skal litt til for at snittet skal nærme seg normalen – sjølv med ei kald avslutning på 2025.

– Sjølv om det blir kaldare no på slutten, så blir det kanskje ikkje noko sprengkulde. Så vi kan jo anta at desse tala ikkje endrar seg veldig mykje.

Publisert 26.12.2025, kl. 17.33

Read Entire Article