Slik har du aldri sett Harrison Ford (82) før

2 hours ago 3


I den nye Captain America-filmen er det nemleg Ford som spelar rolla som general Thaddeus «Thunderbolt» Ross.

Den noko aldrande filmstjerna har ikkje jobba i Marvel-universet tidlegare. Men han blei gira då han fekk lese manuset til «Captain America – Brave new world».

– Eg hadde sett andre skodespelarar som eg beundra, ha det skikkeleg gøy med å lage Marvel-filmar. Og eg tenkte: Eg må få med meg litt av det, seier Ford til NRK.

– Kva skal hulken symbolisere?

– Hulken ... Eg meiner, det symboliserer ... Eg veit ikkje kva hulken eksakt symboliserer. Gjer du det?

– Nokon seier det symboliserer nokon som berre flytta inn i Det kvite hus?

– Eg skal ikkje dit med deg.

Harrison Ford vil altså ikkje seie noko om at Donald Trump og kompisen Elon Musk har inntatt Det Kvite hus med actionfilm-fart.

 Brave New World in Los Angeles

Actors Harrison Ford and Anthony Mackie attend the premiere for the film Captain America: Brave New World in Los Angeles,

Foto: Reuters

Aktiv i mange år

I staden vil han snakke om kor kjekt det var for han å jobbe med dei andre skodespelarane. Ikkje minst Anthony Mackie som spelar rolla som Sam Wilson.

– Eg er ein fan av han. Han var ein flott partnar å jobbe med. Og eg synest han gjer ein veldig sterk innsats, seier han til NRK.

Harrison Ford har vore ein kjend skodespelar heilt sidan 70-talet og har fått ei rekke prisar for sin innsats på det store lerretet.

Han fekk det store gjennombrotet sitt som Han Solo «Star Wars: Episode IV – A New Hope».

I 1985 blei han Oscar-nominert for rolla si i «Witness».

Ford Fisher Daniels Mayhew

Denne gjengen spelte saman i Star Wars. F.v. Harrison Ford (Han Solo), Anthony Daniels (C3PO), Carrie Fisher (prinsesse Leia) og Peter Mayhew (Wookie, Chewbacca).

Foto: AP

– Dyktige kolleger

Filmstjerna, som fyller 83 i juli, meiner at den største utfordringa i «Captain America» var å «keep it real» – som han seier.

– Vi jobba på eit «høgare nivå», og vi måtte prøve å halde det ekte, så langt det let seg gjere, seier Ford til NRK.

I motsetning til mange av dei andre filmane han har spelt i, var det mindre fysisk innsats i rolla som «Thunderbolt».

– Det var mykje meir snakking enn det var hopping og falling. Men det var dyktige kolleger som det var kjekt å jobbe med, seier Ford.

At publikum er vande med å sjå ein grøn hulk betyr ikkje så mykje, meiner filmveteranen.

– Eg veit ikkje om folk har fargepreferansar for hulkane sine. Nokon likar grønt, nokon likar raudt, seier Harrison Ford og smiler.

Publisert 12.02.2025, kl. 14.12

Read Entire Article