– Livsfarleg. Det er vel beste måten å skildre det på, seier politiadvokat Ørjan Ogne i Vest politidistrikt.
Det starta som ein laserkontroll og fartsoverskriding tilsvarande forenkla førelegg, men enda i ei fleire mil lang biljakt på E39 og smale vestlandsveg i Nordhordland.
Lista over lovbrot vart lang for mannen i 40-åra.
I tillegg til villmannskøyringa er mannen tiltala for fartsoverskridinga, ruspåverka køyring og for å ha køyrt bil utan førarkort.
Verken blålys, sirener eller spikarmatte var nok for å stoppe ham på vegen i juni i år.
– Spikarmatta klarte han på mirakuløst vis å unngå, ved å køyre av vegen og forbi, slik at politiet ikkje fekk stoppe han slik som var tenkt, fortel politiadvokat Ogne.
Det er ikkje kjent korleis mannen stiller seg til tiltalepunkta.
Politiadvokat Ørjan Hogne omtal hendinga som livsfarleg.
Foto: NRK– Pressa inn i murkant
Mannen hadde politi med blålys og sirene hakk i hel gjennom den kring fire mil lange biljakta.
I tillegg til lokal politipatrulje, hadde Up ein patrulje i nærleiken, som også vart med i biljakta.
Politiet målte mannen til over fartsgrensa fleire stader. Den mest ekstreme i Romarheimsdalen viste 154 km/t i 80-sona.
I Masfjordtunnelen kryssa han dobbel sperrelinje i samband med fleire forbikøyringar.
Patruljane sine forsøk på å stoppe bilen, med ein patruljebil framme og ein bak, klarte mannen også å sno seg unna.
Først i nokre knappe hårnålssvingar på Stordalsvegen fekk politiet gjennomført det dei kallar ein «kontrollert stopp», der politiet køyrde inn i sida på bilen.
– Då var det fysisk kontakt mellom køyretøya. Rømlingen vart pressa inn i ein murkant, og kom seg ikkje vidare.
Det fortel politiinspektør Eivind Hellesund, assisterande distriktsleiar i Utrykkingspolitiet.
POLITIJAKT: Ei langvarig politijakt måtte til for å få stoppa bilen.
Foto: Vest politidistriktIngen personar skadd
Begge køyretøy fekk skadar i samanstøyten, men både tenestepersonar, rømlingen og dei to passasjerane som var med i bilen, kom uskadde frå hendinga.
Ifølgje Hellesund og Ogne var det heller ikkje farlege situasjonar, utover faren som køyringa i seg sjølv innebar.
Til alt hell var det lite trafikk på E39, sjølv om det var midt på dagen.
Hellesund meiner politiets biljakt var forsvarleg.
– Det blir heile tida gjort fortløpande vurdering av ut frå veg og føreforhold og køyreåtferda til denne rømlingen, om ei forfølging skal avbrytast. Her vart det nok vurdert at det ikkje var på eit slikt nivå at ein måtte avbryte.
– Mange trafikkreglar vart brotne, vedgår assisterande distriktssjef i Utrykkingspolitiet, Eivind Hellesund, etter biljakta i sommar.
Foto: Agnieszka Iwanska / NRKVil ikkje forklare seg
På nyåret må mannen i 40-åra møte i Hordaland tingrett.
Mannen har til no ikkje ville forklare seg om hendinga ovanfor politiet.
NRK tar torsdag kontakt med mannens forsvarer, advokat Marius Wesengberg.
Advokaten seier at han nettopp har fått tilsendt dokumenta i saka, og derfor ikkje har noko å kommentere på noverande tidspunkt.
Publisert 09.10.2025, kl. 11.37 Oppdatert 09.10.2025, kl. 11.48