Dokument nr. 15:1579 (2024-2025)
Innlevert: 13.03.2025
Sendt: 13.03.2025
Til behandling
Spørsmål
Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kva for dato opnar politistasjonen på Sørumsand, og korleis vil statsråden sikre at midlane som er løyva for å bemanne politistasjonen vert nytta til auka lokalt nærvær av politiet og førebygging i lokalmiljøet, i tråd med Hurdalsplattformen?
Begrunnelse
I Hurdalsplattformen heiter det at regjeringa vil «styrkje politiets tenestestader med førebyggjande einingar, fleire oppgåver og ressursar. Sikre ei minimumsbemanning per tenestested og at tenestene er tilgjengelege alle kvardagar, heile året.»
Politiet fekk i statsbudsjettet for 2025 til saman 63 millionar kronar for å dekke heilårseffekten av ti nye tenestestadar med ei bemanning på fem årsverk kvar stad, herunder Sørumsand. Trass i at det fleire gonger har vore varsla at opning av stasjonen var nært foreståande, så er stasjonen i skrivande stund framleis ikkje opna. I lokalmiljøet etterspør ein og forventar ei rask opning av stasjonen, då opning av stasjonen allereie er langt på overtid. Det er for øvrig viktig at midlane som er løyva for å bemanne politistasjonen vert nytta til ei reell styrking av det lokale politiet, gjennom auka nærvær av politiet og førebygging i lokalmiljøet. Dei fem årsverka må nyttast til å jobbe frå Sørumsand og i lokalmiljøet der, for å sørge for at politiet i det daglege er tilgjengeleg og tett på lokalmiljøet gjennom førebyggande arbeid.
Svar
Svaret er ennå ikke tilgjengelig