Dokument nr. 15:2519 (2024-2025)
Innlevert: 13.06.2025
Sendt: 16.06.2025
Besvart: 19.06.2025 av justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen
Spørsmål
Birgit Oline Kjerstad (SV): Kva skjer med tvangsreturnerte utlendingar sine eigendeler og bankkontoar dei kanskje har i Norge, og kva gjer regjeringa for at personar som mister norsk ID og blir tvangsreturnert utan at dei får nye id-papir i returlandet, får tilgang til eigne bankmidlar og verdiar dei treng for å overleve etter returen?
Begrunnelse
Siste tida har eg vore kontakt med ein person som har mista opphaldsløyve, sin norske ID, og dermed mista all tilgang til eigne bankkonti i Norge og det han hadde av verdiar her i landet før han vart tvangsreturnert. Personen opplyser at han har teke ut på ny flukt på grunn av ein risiko med å opphalde seg i heimlandet, og prøver no å overleve papirlaus i eit naboland.
Svar
Astri Aas-Hansen: Spørsmålet er lagt fram for Politiets utlendingsenhet (PU), som opplyser at ein utlending som mistar opphaldsløyvet sitt i Noreg, som regel har hatt god tid til å førebu seg – både når det gjeld planlegging av utreise og handtering av ulike praktiske forhold i forkant av retur. Utlendingen vil først få eit førehandsvarsel om tilbakekall av opphaldsløyvet. Deretter vil Utlendingsdirektoratet (UDI) fatte eit vedtak som kan klagast på. Som hovudregel blir det gitt utsett iverksetjing fram til Utlendingsnemnda (UNE) har fatta endeleg vedtak. I det endelege vedtaket frå UNE blir det sett ein utreisefrist som utlendingen pliktar å overhalde. Det blir òg gitt rettshjelp i form av advokatbistand i denne prosessen. Ein utlending kan søkje om forlenga utreisefrist i medhald av utlendingslova § 90 a og retningslinjer frå Justis- og beredskapsdepartementet (G-15/2010). Ein slik søknad blir vurdert av politiet.
Det finst ei rekkje ulike støtteordningar for utlendingar som får utreiseplikt frå Noreg. Dei kan søkje om økonomisk støtte og reintegreringstilskot, inkludert be om praktisk hjelp til å organisere utreisa. Støtte kan bli gitt både ved assistert retur og når politiet gjennomfører ein tvangsretur. Dei ulike støtteordningane er regulerte i ei eiga forskrift om tilskot til assistert retur og tvangsretur.
Politiet sitt ansvar for iverksetjing av vedtaket oppstår først når ein utlending ikkje overheld utreisefristen, eller ein får kjennskap til at personen ikkje har til hensikt å overhalde denne. PU vil, så langt det let seg gjere, leggje til rette for at utlendingar som skal tvangsreturnerast, får høve til å ordne opp i praktiske forhold før utreisa. Eitt av formåla med dette er å sikre ein effektiv retur. Politiet har likevel inga rettsleg plikt knytt til dette, og heller ikkje myndigheit til å gripe inn i private forhold. Det er utlendingen sjølv som har ansvar for å få selt eigedelar/eigedom og få overført midlar til annan konto før og etter ein retur.
Norsk politi sitt ansvar for utlendingen opphøyrer ved overlevering i det aktuelle heimlandet. Politiet har ikkje ansvar for å leggje til rette for utlendingar som ønskjer å realisere verdiar i Noreg etter ein retur. I kva grad utlendingen kan få oppretta bankkonto eller få utferda nye ID-dokument i heimlandet, blir regulert av lovgivinga i det respektive landet.