Dokument nr. 15:1537 (2024-2025)
Innlevert: 09.03.2025
Sendt: 10.03.2025
Besvart: 14.03.2025 av justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Sivilombodet har kome med kraftig kritikk av soningstilhøva ved Ålesund Fengsel, og det går fram av rapporten at mange av problema er knytt til eit utdatert, gamalt bygg utan egna uteområde.
Kva gjer regjeringa for å sørge for fysiske og økonomiske rammer som gjer det mogleg å tette avvika som sivilombodet har påpeika i sin rapport ?

Begrunnelse

Sunnmørsposten skriv i eit oppslag 5 mars 2025 at Sivilombodet har kome med kraftig kritikk av soningstilhøva ved Ålesund fengsel. Ålesund fengsel er eit høgsikkerheitsfengsel for menn med 27 plassert i eit gamalt trongt bygg frå 1800 talet midt i Ålesund sentrum. Dei kritikkverdige forholda er sterkt knytt til at fengselet lokala er for dårlege og at fengselet ligg på ei tomt der det ikkje er uteområde som gjer det mogleg å drive fysisk aktivitet og rekreasjon slik fangane har krav på. Anbefalingane frå sivilombodet til forbetring er gitt i 17 punkt der både staten, tilsette , kommunen og spesialisthelsetenesta med ansvar for psykisk helsevern og rus, har ei rolle å spele for å få det til. Om det skal vere mogleg for dei tilsette å skape soningsforhold som held ein kvalitet som er i tråd med sivilombodet sine råd, må rammene som regjeringa gir vere slik at det er mogleg for dei tilsette i dei ulike etatane å gjennomfør dette.

Astri Aas-Hansen (A)

Svar

Astri Aas-Hansen: Sivilombodet har kome med kraftig kritikk av soningstilhøva ved Ålesund Fengsel, og det går fram av rapporten at mange av problema er knytt til eit utdatert, gamalt bygg utan egna uteområde. Kva gjer regjeringa for å sørge for fysiske og økonomiske rammer som gjer det mogleg å tette avvika som sivilombodet har påpeika i sin rapport?
Svar:
God kriminalomsorg er god samfunnstryggleik. Arbeidarpartiregjeringa er derfor opptatt av at kriminalomsorga har gode nok føresetnader til å vareta sitt samfunnsoppdrag og førebyggje ny kriminalitet. Det har over fleire år blitt løyvd midlar til kriminalomsorga. Eg har tillit til at kriminalomsorga prioriterer bruken av midlane på ein god måte.
Kriminalomsorga står overfor fleire utfordringar, mellom anna gamle og ueigna bygg og låg bemanning. Regjeringa har derfor gjennomført og sett i gang fleire tiltak for å gi dei innsette eit godt og tilpassa tilbod, og dette inkluderer fleire byggje- og vedlikehaldsprosjekt. Regjeringa vil og framover halde fram arbeidet med å møte utfordringane i kriminalomsorga.

Det er eit stort vedlikehaldsetterslep i fengselsporteføljen, og mange fengsel er gamle og ikkje eigna for dagens eller framtidas kriminalomsorg, sjølv med betydelege investeringar. Dette var bakgrunnen for at Statsbygg og Kriminalomsorgsdirektoratet i 2023 fekk i oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet om mellom anna å kartleggje og vurdere den bygningsmessige tilstanden til fengsla og om dei er eigna. I rapporten Fremtidig fengselskapasitet. Vurderinger og anbefalinger fra Kriminalomsorgsdirektoratet og Statsbygg kjem det fram at 50 prosent av einingane vil ha behov for større tiltak omgåande eller i nær framtid (innan ti år). Fleire av fengsla har i tillegg eit betydeleg funksjonsetterslep med mangelfulle lokale til mellom anna aktivitet og fellesskap for dei innsette. Ålesund fengsel er døme på fengsel der det krevst store endringar for å tilfredsstille krava til ei forsvarleg kriminalomsorg. Regjeringa vil i 2025 gå i gang med utgreiingar av nytt fengsel i Ålesund-området, jf. omtale i Prop. 1 S (2024-2025).