Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_5381ce807e09f0b3e31335366b6bb214, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Skredkanten har kome nærmare huset på Byneset: – Det har vore eit mareritt - NorwayToday

Skredkanten har kome nærmare huset på Byneset: – Det har vore eit mareritt

13 hours ago 5


Det var tidleg om morgonen 22. mai at det 135 meter lange lasteskipet brasa inn i land på Byneset i Trondheim.

Samanstøyten førte til eit skred like ved.

Tre veker seinare har kanten av skredet kome nærmare huset til Jostein Jørgensen og familien.

– Det er ikkje noko lystig syn, seier Jørgensen.

Sammenligning av to bilder

25.mai

en bil parkert på en gresseng

12.juni

En høy vinkelutsikt over en elv
Foto: Helge Bull-Engelstad/NRK

Håper å få flytte tilbake

Det første skredet skjedde same dag som skipet trefte land. To dagar seinare raste meir av bakken ut og Jørgensen, kona og sonen blei evakuert.

Etter nesten tre veker veit dei enno ikkje når dei får flytte tilbake.

Jostein Jørgensen, evakuert etter NCL Salten traff Byneset

– Vi er jo avhengige av at det blir gjort sikringsarbeid for at vi i det heile tatt skal kome tilbake, seier Jostein Jørgensen.

Foto: Elena Bulai Løvland / NRK

Geologar har gjort undersøkingar av skredet.

– Dei påstår at huset står trygt. Det stoler vi på, fortel Jørgensen.

– Vi håper inderleg at vi får flytte tilbake hit igjen.

NRK treffer Jørgensen på ein utkikksplass der han kan sjå ned på huset. Der har han vore kvar dag sidan han blei evakuert.

– Dagen før det skjedde kunne eg aldri drøyme om at det skulle bli sånn som dette. Det har vore eit mareritt, seier han.

Jostein Jørgensen peker på huset sitt

Trygt plassert på berg kan Jørgensen sjå ned på huset sitt. Han har får også lov til å ta kjappe turar innom huset for å hente naudsynte eigendelar.

Foto: Elena Bulai Løvland / NRK

Før skredet gjekk, gav fjæra god beskyttelse mot vêr og vind. Etter skredet er Jørgensen redd fjorden skal grave seg lenger opp på tomta.

Han håper det blir gjort sikringstiltak før hausten kjem.

– Da står sjøen veldig hardt på her, og da vaskar han godt oppover.

Sammenligning av to bilder

25.mai

et par skip i en elv

12.juni

et hus på en høyde ved en innsjø

Uklart kven som skal ta rekninga

Jørgensen og familien får ikkje flytte tilbake før det blir sett inn sikringstiltak.

Kven som skal ta rekninga for dette er enno ikkje klart.

Kommunen ønsker ikkje å ta rekninga og meiner det er reiarlaget som må betale for å sikre skredkanten.

– Reiarlaget NCL må kome på banen og rydde opp i sitt eige rot, sa ordførar Kent Ranum til NRK sist veke.

Så langt har ikkje reiarlaget tatt rekninga.

Reiarlaget NCL hadde chartra skipet da det trefte land. Skipet er eigd av Waterway Shipping Ltd.

Vi er på vegner av reiarlaget, det vil seie eigar av skipet, i dialog med dei råka grunneigarane og kommunen i forbindelse med leirskreda som har gått i kvikkleireområda på eigedommane.

Det seier advokat Herman Steen til NRK torsdag.

en mann som sykler på en sti med et flagg og et flagg

Enn så lenge er vegen ned til huset stengd.

Foto: Elena Bulai Løvland / NRK

Reiarlaget håper at grunneigarane kan flytte tilbake så snart som mogleg, og har stor sympati og forståing for situasjonen deira.

Skipet seglar under kypriotisk flagg, men er drifta av det litauiske selskapet Baltnautic Shipmanagement UAB.

Ikkje bekymra for huset

Sjølv om raset har blitt større, er det ikkje fare for at skredet skal ta huset til Jørgensen.

Det seier Teknisk sjef i Trondheim kommune, Tomas Eidsmo.

– Leira går heilt opp til huset, men ho er ikkje så djup der huset står. Det er vel ingen av geoteknikarane som er bekymra for at huset skal gå, seier han.

Likevel er han einig i at området bør bli sikra for å hindre at skredet veks seg større.

– Det må bli sikra før det kan bli trygt å flytte til huset igjen. Det er ingen tvil om at det må bli gjort tiltak.

Tomas Eidsmo, teknisk sjef Trondheim kommune

Thomas Eidsmo i Trondheim kommune fortel at skredet må bli sikra før Jørgensen kan flytte tilbake.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

To personar sikta

To personar er sikta etter at skipet trefte land.

Den første av dei, ein mann i 30-åra, har forklart til politiet at han sovna da han var på vakt på brua.

Sjøfartsdirektoratet har i sin rapport slått fast at bruvaktalarmen var avslått og at hendinga kunne ha vore avverja.

Politiet har sikta kapteinen for brot på skipssikkerheitslova § 60 første ledd, jf. § 19 første ledd bokstav b, jf. § 14 første ledd.

NCL Salten i dokk hos Fosen Yard i Rissa

Skipet NCL Salten ligg no i dokk hos Fosen Yard i Rissa for å reparere skadane fartøyet fikk da det køyrte på land.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

Ingen av dei sikta mennene erkjenner straffskuld for det dei er sikta for.

Publisert 14.06.2025, kl. 16.21

Read Entire Article