Natt til søndag kom beskjeden om at det ikkje blei noko av kampen mellom Noreg og Skottland, som det var planlagd at skulle bli spelt måndag.
Kampen skulle bli spelt bak lukka dører, og har vore ein dårleg skjult løyndom i fleire månader, etter at nyheita først sprakk i norske medium i mars.
Landslagssjef Ståle Solbakken freste etter kampen mot Marokko søndag, og kalla det heile uprofesjonelt frå Skottland. Solbakken reagerte blant anna på at han ikkje sjølv fekk beskjed frå Skottland-trenar Steve Clarke. Spelaransvarleg Brede Hangeland kalla det «pinleg».
Sjå det norske laget på trening!
Måndag melder blant anna Dagbladet at det var ein fulltalig skotsk tropp som var på trening, og det skotske forbundet har i ei fråsegn sendt til blant anna VG svart på kritikken frå Solbakken.
– Treningskampen for lukka dører blei organisert og arrangert mellom dei respektive lagleiarane – ikkje hovudtrenarane – og dette var den same prosessen vi følgde da vi dessverre måtte avlyse på laurdag, seier ein talsperson.
– Vi meiner dette var den rette og konsekvente prosessen. Kampen skulle også spelast for lukka dører og ikkje annonserast offentleg – så vi blei overraska då nyheita om kampen sprakk i norsk presse, seier talspersonen vidare i uttalen.
Landslagstrenar Steve Clarke sa følgande til BBC søndag:
– Det skulle berre vere ein treningskamp i ein time på treningsanlegget vårt. Vi fekk ein eller to smellar førre veke, og fall ned på at det ikkje var verde risikoen, sa Clarke søndag.
Publisert 08.06.2026, kl. 18.45 Oppdatert 08.06.2026, kl. 18.57













English (US)