– Vi ser opne flammar oppe i fjellet no, så det ser ut til å bli verre, seier Nicolay Prøysmo, som er på ferie på øya Kreta i Hellas.
Prøysmo fortel at han og reisefølge er uroa for tryggleiken og moglegheita for å kome seg heim.
Myndigheitene har ikkje kontroll på flammane, melder lokale medium.
Ifølgje ein
Fryktar å bli isolerte
Han fortel at mange har flykta frå brannområda med drosje eller blitt henta av brannvesenet, og at røyken er synleg over store delar av byen.
– Ser du mot høgre, er det einaste du ser røyk, ikkje noko blå himmel. Det blæs veldig mykje her òg, seier han.
Skogbrann på Kreta, bilete frå kveldstid.
Foto: Olav Grøttum / NRKIfølgje Prøysmo var straumen borte i rundt tre kvarter, men kom tilbake kort tid før han blei intervjua av NRK.
Ifølgje augevitnet nærmar brannen nærmar seg ein hovudveg.
– Viss brannen spreier seg til hovudvegen, blir vi kanskje sitjande fast. Vi har drosje klokka sju i morgon for å rekke flyet, så det kan bli eit problem, seier han.
Prøysmo fortel at det er mange andre nordmenn i området, og at dei før førebels ikkje har fått informasjon frå verken flyselskap eller reiseoperatør.
Nicolay Prøysmo er på ferie på Kreta.
Foto: Nikolay Prøysmo / NRK– Vi er litt uroa for at vi ikkje skal rekke flyet, avsluttar han
– Folk er ganske stressa
Vilde Kjempengren er også på ferie på Hellas.
Ho fortel at skogbrannen som herjar, nærmar seg no turistbyen Paleochora.
– Folk er ganske stressa. Det blir sagt at det aldri har vore brann så nær Paleochora før.
Ifølgje Kjempengren er fleire gater som vanlegvis er stengde for biltrafikk, no er opne.
Stor skogbrann går føre seg på ferieøya Kreta.
– Store varebilar og lastebilar køyrer i høg fart opp mot fjellet, truleg for å hente folk frå landsbyane som ligg høgare oppe.
Tidlegare laurdag fortel ho at dei var på fjellet og at det lukta brent.
– Fyrst trudde vi det var mopeden, men det var visst flammane som nærma seg.
Kjempengren og reisefølgjet har billettar til ein ferjeavgang i morgon, men ho fortel at ruta går nær brannområdet.
Røyk frå brannen kan sjåast i bakgrunnen.
Foto: Nikolay Prøysmo / NRKDei fekk beskjed om at det truleg vil vere mogleg å reise, men at situasjonen er usikker.
Samstundes er den einaste vegen ut av Paleochora i fare for å bli stengd viss flammane spreier seg vidare, fortel ho.
Men ho har ikkje mista håpet:
– Det går mykje ferjer her, både bilferjer og vanlege båtar, så det er heldigvis enkelt å komme seg til andre byar den vegen.
Brannen er på sørvest på Kreta i Hellas.
Publisert 26.07.2025, kl. 20.00 Oppdatert 26.07.2025, kl. 20.59