Dei tre mennene i 20- og 30-åra gjorde sitt for å unngå politiet.
Trudde dei.
Kommunikasjonen gjekk gjennom krypterte meldingar, dei brukte kodeord, mellommenn og ulike kallenamn. Som «Albert Einstein».
Men politiet var på sporet. Skjult etterforsking identifiserte fleire involverte, og avslørte sjeldan stor leveranse av kokain mellom Austlandet og Vestlandet:
Minst 17,5 kilo kokain, samt marihuana og LSD, mellom våren 2024 til våren 2025.
Til samanlikning beslagla Tolletaten 278 kilo kokain i fjor. Det største einskildbeslag som er gjort i Noreg var på 820 kilo på bananlageret til Bama. I tillegg vart det funne 150 kilo på skroget til eit skip på Husnes.
Kokainsaka som Vest politidistrikt har rulla opp, skriv seg likevel inn som blant dei større i Noreg. Og blant dei største i landsdelen.
Dei tre tiltalte mennene har erkjent delvis straffskuld.
– Tiltalen som er teken ut, gjeld personane som har hatt sentrale roller i omsetnaden og i dette nettverket, som vi meiner er i bergensområdet, seier Granli.
Skjult etterforsking
Statsadvokaten ynskjer ikkje å gå i detalj, men seier både spaning og kommunikasjonskontroll var av verktøya dei brukte.
I mai i fjor meinte politiet at dei hadde sikra seg nok bevis, og slo til mot adresser i Vestfold, Rogaland og Vestland.
Politiet fann kokain, våpen, ammunisjon, luksusklokke, eit mindre pengebeløp og utstyr som peika i retning av eit profesjonelt nettverk.
Siste par månadane før politiet slo til, gjekk det 11 kilo kokain over fjellet til Bergen.
– På generelt grunnlag er dette avvegingar som politiet heile tida må gjere i forhold til korleis balansere at stoff ikkje skal komme ut, og det å få tak i sentrale aktørar og få bevis mot desse, seier Granli.
– Det er ei stor sak i vår målestokk, seier statsadvokat Sigurd Åsnes Granli i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK700.000 brukardoser
Saka som i februar skal opp over to veker i Hordaland tingrett, har sitt utspring frå ei stor etterforsking som Kripos har gjort mot eit nettverk som har fått kokain inn til Noreg.
Denne genererte arbeid til ulike politidistrikt.
Vest politidistrikt fekk etterforskingshjelp frå Kripos og politiet i Rogaland og Vestfold.
– Organiseringa har hatt eit profesjonelt preg, der narkotika er ført frå Austlandet til Vestlandet, seier Granli.
Tre menn er tiltalte for å ha levert kokain tilsvarande opp mot 700.000 brukardoser til vestlandshovudstaden. Kokainen skal ha hatt ein gateverdi på opp mot 26 millionar kroner.
Mennene er tiltalt for grovt narkotikalovbrot, betydeleg mengd. Dei er også tiltalte for å ha operert som ei organisert kriminell gruppe.
– Strafferamma er 21 års fengsel. Det er ei stor sak i vår målestokk, seier Granli.
Påtalemakta varslar at dei vil konfiskere 11 millionar kroner som dei meiner mennene har tent på narkosalet.
Kokainen vart i hovudsak seld i bergensområdet.
Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK«Einstein» var sjefen
Vestlendingen i 20-åra, som politiet meiner styrte nettverket, er tidlegare dømd for grovt ran, vald og narkotikalovbrot. Sist i desember 2024 for 188 gram kokain og nær 200 gram cannabis.
Han var såleis på narkotikaprogram med domstolskontroll medan han organiserte leveransane.
I krypterte meldingar kalla han seg mellom anna «Albert Einstein».
Han sit framleis i varetekt.
– Min klient erkjenner straffskuld for det han er tiltala for, men er usamd inndragingsbeløpet, seier forsvararen hans, Ole Petter Grythe Hoff.
Utover det har han ingen kommentarar til saka.
I tillegg er ein mann i 30-åra tiltalt for å ha vidareformidla 15,7 kilo kokain. Også han er tidlegare dømd for narkotikalovbrot, vinningskriminalitet og ordensuro.
I denne saka meiner politiet at han var mellommann og lagerhalder.
Det var også hos han politiet gjorde beslag av 1,8 kilo kokain under den koordinerte aksjonen i fjor.
– Min klient har forklart seg i avhøyr om si rolle, som han meiner ikkje er særskilt sentral. Han har erkjent dei delar som han meiner han har hatt omgang med, seier forsvararen hans, Tore Johan Sørland.
Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå forsvararen til den siste tiltalte i saka, ein mann i 20-åra tiltalt for sal av 5,7 kilo kokain.
Bilete av kontantar funne i kommunikasjon mellom dei tiltalte. Posane på biletet inneheld over ein halv million kroner.
Foto: Politiet– Ikkje den einaste leveransen
Det er avgrensa beslag av både narkotika og pengar, men politiet meiner likevel å kunne dokumentere det omfattande narkotikasalet. Dei har sikra seg ei rekkje digitale beslag.
Politiet meiner også å ha ei viss meining om pengane er blitt av.
– Heilt overordna kan det seiast at noko er brukt, noko er overført utanlands og/eller til leverandørledd som betaling for narkotika. Noko er gått til kurerar/underseljarar og andre kostnader ved den kriminelle verksemda, seier Granli.
Sjølv om politiet har fått stoppa ei tilførselsåre av kokain til Vestland, reknar statsadvokaten at det er fleire aktørar.
– Som vi ser av denne saka, så blir det omsett narkotika i bergensområdet i relativt stort omfang. No har vi teke ut nokre aktørar, men det er ingen grunn til å tru at det er den einaste leveransen inn til Bergen.
Publisert 22.01.2026, kl. 16.50












English (US)