Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_5ad50849062d17bf277c8bf8c205f32f, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Skal kutte plastbruk i VM – 2400 frivillige får plastjakker frå Kina - NorwayToday

Skal kutte plastbruk i VM – 2400 frivillige får plastjakker frå Kina

3 months ago 19


Dette er fossile materiale. Det er laga av fossil olje. Det er plast, seier Ingun Grimstad Klepp. Ho er professor i klede og berekraft ved SIFO, Oslomet.

Ho er ikkje i tvil om kva ho synest om ski-VMs plastbruk.

Ski-VM har ein berekraftsstrategi der dei blant anna ønsker å redusere plastbruken, og det er tydelegvis ikkje i kleda. Dei forheld seg ikkje til kleda når det gjeld plast.

Ingun Grimstad Klepp, professor i klær og bærekraft ved SIFO, Oslo Met

PROFESSOR: Ingun Grimstad Klepp er professor i klede og berekraft.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

I Granåsen treffer NRK Kristi Bakketun med den raude frivilligejakka på. Ho skal jobbe som frivillig nesten kvar dag under VM, og har fått fleire plastprodukt av arrangøren.

– Det er litt motstridande. Om dei vil ha som mål å vere det mest berekraftige VM-et, kunne dei kanskje vurdert å finne noko som ikkje er laga av plast som dei heller kunne freista frivillige med, seier Bakketun.

Dei frivillige som jobbar for VM blir påskjønt med blant anna gratis klede. Til saman deler ski-VM ut 10.000 plagg. Alle får skaljakka som er laga av polyester og polyuretan.

Kirsti Bakketun står og smiler mot kamera.

FRIVILLIG: Kristi Bakketun jobbar som frivillig under ski-VM

Foto: Anders Werner Øfsti / NRK

Plastsmart VM

VM på ski i Trondheim kallar seg eit plastsmart VM, og seier dei har ein ambisjon om å bli tidenes mest berekraftige VM på ski. Men skal eit plagg vere vass- og vindtett, må det bli brukt slike syntetiske materiale.

– Vi har vore veldig klar over at folk skal ha gode og varme klede. Vi skal ha ei solid uniformering. Så skal vi gjere det så berekraftig som mogleg, blant anna med 100 prosent resirkulert polyester i den offisielle VM-jakka, seier Haakon Jensen, kommersiell sjef for Trondheim 2025.

Haakon Jensen står foran tribunene på VM-arenaen i Granåsen og ser mot kamera.

KVALITET: Kommersiell sjef for ski-VM, Haakon Jensen seier kvalitet på kleda er viktig.

Foto: Anders Werner Øfsti / NRK

Kleda er ein del av sponsoravtalen ski-VM har med klesprodusenten Swix.

Sponsor- og eventmanager i Swix, Håkon Dahl skriv til NRK at VM-jakka er laga av 100 prosent resirkulert polyester, eit materiale vald for dei tekniske eigenskapane sine som blant anna slitestyrke.

Eit stort forureiningsproblem

Ifølge FN står klesindustrien for mellom to og åtte prosent av klimagassutsleppa i verda, og ni prosent av mikroplastforureininga i havet.

På land hopar det seg opp gigantiske haugar med klesavfall.

– Det er eit stort forureiningsproblem, at vi har så mykje mikroplast i luft, hav, jord, blod, hjernar og alt saman. Vi må få kontroll over plastbruken. Det er jo også noko som ski-VM er klar over i og med at dei har ein plaststrategi, seier professor Klepp.

Blir liggande i skapet

Kva skjer med slike frivilligeklede etter at arrangementet er over? Ifølge Ingun Grimstad Klepp viser plukkanalyser av avfall at dei blir lite brukt i ettertid. Ho seier at totalt sett er denne typen gåver problematiske.

Det er fordi dei som får dei ikkje har valt dei fordi dei er fulle av logoar, fordi dei kanskje har desse kleda frå før, kanskje dei ikkje likar fargen og så vidare. Slik at det er klede som står i fare for å hamne i skapet meir enn bli brukt, seier Klepp.

  • Mange av produktene de frivillige får, er laget av plastmateriale

    Mange av produktene de frivillige får, er laget av plastmateriale

  • Jakken er laget av plastmaterialer

    Den offisielle VM-jakken

  • VM-jakka er laget av 100% resirkulert polyester

    Jakken er laget av polyester og polyuretan som er plastmaterialer

  • VM-lua består av 30% ull og 70% akryl

    VM-lua består av 30 prosent ull og 70 prosent akryl

  • VM-lua består av 30% ull og 70% akryl

    VM-lua består av 30 prosent ull og 70 prosent akryl

Bakketun er usikker på kor mykje ho kjem til å bruke jakka si etter at VM er over. Men ho antar ho endar som mikroplast til slutt.

– Sjansen er nok stor (for det). Eg trur det er ei stund til det hamnar på fylling, men eg trur mange av kleda hamnar på fylling relativt kjapt, dessverre.

– Viktigaste er at dei fungerer

I VM-arenaer møter vi også Per Alstad og Karl Kristian Eggan. Dei bryr seg ikkje om at kleda dei går med er laga av plast.

Nei, eg har ikkje nokon tankar om det, seier Eggan og legg til:

– Det viktigaste for oss er at dei fungerer. Så får andre ta seg av resten.

Per Alstad og Karl Kristian Eggan er frivillige på VM på ski Granåsen

Per Alstad og karl Kristian Eggan er frivillige under ski-VM

Foto: Morten Waagø

Heller ikkje frivillig Kåre Sæther har nokon sterke meiningar om at kleda han har på seg er av plast.

Plastklede, det er greitt. Vi må nå bruke det vi får, da.

Ein vest i staden for plastklede?

Men kva er alternativet, når alle slike plagg består av plastmateriale? Ingun Grimstad Klepp meiner dei frivillige kan bruke sine eigne klede.

For å bli kjent igjen er det kanskje nok med ei lue eller ein vest utanpå det ein elles har. Da ville ein fått mykje mindre materiale enn fulle påkledningar.

Det synest ikkje den kommersielle VM-sjefen er noko godt forslag. Han meiner at tydeleg uniformering er viktig. Da held det ikkje med ein vest.

– Det skaper ei fellesskapskjensle når alle er likt kledd. Vi blir veldig synlege, synleg vertskap for publikum, som også er med på å skape tryggleik.

Publisert 26.02.2025, kl. 21.30

Read Entire Article