Skal hjelpe landa med å bli mindre oljeavhengige

1 hour ago 1


Avgjerda om eit internasjonalt «omstillingspanel» blei tatt på ein konferanse i Santa Marta, Colombia natt til torsdag norsk tid.

Dette var den første internasjonale konferansen om omstilling bort frå kol, olje og gass. Nær 60 land deltok. Målet var først og fremst å få fortgang i arbeidet med energiomstilling.

Noreg var representert med statssekretær Astrid Hoem (Ap) i Klima- og miljødepartementet og representantar for fleire norske organisasjonar.

– Dette er ein historisk augeblink og eit gjennombrot i det internasjonale klimaarbeidet. Santa Marta markerer starten på slutten av den tida då vi var avhengige av fossil energi, seier Susanne Waage, leiar for fossil utfasing i WWF Verdas naturfond.

To kvinner

Susanne Waage frå WWF (til venstre) og Elise Åsnes frå Greenpeace har vore med på konferansen i Colombia.

Foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

– Inspirerande

På klimatoppmøtet i Dubai i 2023 blei landa samde om ei slutterklæring som forpliktar landa i verda til å omstille seg bort frå fossil energi.

Konferansen i Colombia kom i stand for å drøfte kva som kan gjerast i praksis for å følgje opp denne avgjerda.

Lillian Bredal Eriksen er seniorrådgivar for klima i Forum for utvikling og miljø.

– I ei tid prega av krig, energikrise og aukande klimakonsekvensar, er det inspirerande å sjå så mange land kan samlast for å diskutere korleis vi faktisk kan gjennomføre den nødvendige omstillinga, seier Eriksen.

Både Waage og Eriksen var med på konferansen i Colombia, saman med Elise Åsnes, fagrådsgjevar i Greenpeace Noreg.

C

Aktivistar med klare krav om utfasing av fossil energi under konferansen i Santa Marta.

Foto: Ivan Valencia / AP,NTB

– Historisk vendepunkt

Åsnes understrekar at det som kanskje er det viktigaste resultatet av konferansen, er at arbeidet med eit globalt vegkart for utfasing nå også skal inkludere utslepp frå produksjon av olje og gass, ikkje berre forbruk.

– Dette er eit historisk vendepunkt. Verda diskuterer no å fase ut produksjonen av fossil energi. Dette endrar spelereglane heilt. Det treffer rett i kjernen av dobbeltmoralen mellom norsk oljepolitikk og klimapolitikk, siger Åsnes.

Kvinne med brunt hår og hvit skjorte

Statssekretær Astrid Hoem.

Foto: Milana Knezevic / NRK

Statssekretær Astrid Hoem seier det er viktig at alle deltar i diskusjonane om korleis vi skal få til ei global klima- og energiomstilling.

– Verda må samarbeide for å få dette til. Santa Marta-konferansen blei eit positivt møte med opne og gode samtalar der land delte erfaringar og diskuterte løysingar, seier Hoem.

Neste år skal det arrangast ein oppfølgingskonferanse i Tuvalu, i samarbeid med Irland.

Publisert 30.04.2026, kl. 16.19

Read Entire Article