Skal du på påskefjellet? Ikkje gjer som desse

11 hours ago 6


Alle kan gjere feil. Alle kan vere uheldige. Men nokre typar går igjen.

Er du ein av dei som skal på fjellet i påska?

Har du meldt frå om kvar du skal gå?

Tatt med ekstra kle, mat og drikke, og mint deg sjølv på at det er inga skam å snu?

For det er rart med det.

Dei fleste nordmenn er jo fødde med ski på beina.

Likevel rykker redningsmannskap ut i fjella kvar påske, for å hente ned dei uheldige.

NRK har tatt ein prat med nokre av dei som har møtt dei bortkomne på kloss hald.

Nokre feil går igjen. Og nokre typar er meir typiske enn andre.

Kanskje kjenner du ein av dei? Kanskje er du ein av dei?

Frank Familiefar

Illustrasjonar av folk på fjelltur i påska

Illustrasjon: Karoline Busnes Forberg / NRK

Frank Familiefar har gått skituren til Appelsintoppen cirka 87 gongar før. Denne påska skal han ta med kone og to barn. Sjølv går Frank turen på eit par timar. Med heile flokken estimerer han tre timar.

Allereie frå parkeringsplassen må borna lokkast med Kvikk lunsj. Frank minner stadig om at «no er vi straks framme». Han går i front. Stoppar sjølvsagt for å vente på flokken, men set i gang igjen med ein gong dei når han.

Når dei omsider når toppen, er lokkematen eten opp for lengst. Ettermiddagsbyene som skulle kome når dei var tilbake føre peisen på hytta, dei er allereie på plass.

Sletne og tomme for mat, kledd for sol og ikkje byer, må dei kaste inn handkle.

På neste tur skal Frank ta med rikeleg med lokkemat. Han noterer seg at turen kan vare betrakteleg lenger enn planlagt.

Ina Influensar

Illustrasjonar av folk på fjelltur i påska

Illustrasjon: Karoline Busnes Forberg / NRK

Denne påska skal Ina på fjellet med verdas beste jenter. Høgdepunktet blir fotoshoot på den Instagram-venlege fjelltoppen bak hytta.

Flettene er fletta, Swix-trøya er på, og Solo-genseren ligg klar i sekken. Der ligg også appelsinen, Kvikk Lunsjen og mikrobryggeriølen som er oppkalla etter fjelltoppen.

Brunsjen og bobler er inntatt på hytta, og dei er rusta for tur. Toppen ser dei og stien finn dei i tur-appen. Det finn dei ut av. «No skal vi kose oss, jenter!».

Landskapet er slåande, og det knipsast både her og der. Både dei og praten går. Men stien var visst ikkje så godt merka, og brått skjønnar dei ikkje verken kvar dei kom ifrå eller kvar dei skal.

Tur-appen kan redde dei, men ikkje når mobilen brått er tom for straum.

Dei er rådville. Heilt til ein fornuftig friskus dukkar opp og leiar dei trygt heimover.

Neste gong tek Ina med fullada mobil og batteribank. Kanskje kjem ho til å sette seg betre inn i ruta også.

Gunnar Gore-Tex

Illustrasjonar av folk på fjelltur i påska

Illustrasjon: Karoline Busnes Forberg / NRK

Gunnar er ungkar og har livet på stell. Med kåk i Sandvika og ein saftig bankkonto. I år skal han bli den friluftsfyren han eigentleg er på innsida.

Han har ordna seg randonee-ski med progressiv flex i tuppen.

Skibuksa er av typen teknisk. Jakka er Gore-Tex. Hanskane er storm- og skotsikre, med touch-tupp, slik at han kan ta selfies utan å bli kald på tommelen.

Gunnar føler seg som ein million dollar, og legg sjølvsikkert ut på topptur.

Men etter 280 meter oppoverbakke, i hybride toppturstøvlar med innovativ gå-mekanisme, har gnagsåra blitt like fuktige som snøen. Han gløymde forresten å sjekke føret. Og korleis var det med våt snø og skredfare?

Stega var tyngre i snøkledd skråning enn på eclipse-maskina på Sats. Men Gunnar er ikkje typen som gir opp.

Før fem timar seinare.

Utmatta, kald og fortvila leitar han fram den nyaste iphonen og ber om hjelp.

Gunnar likar det nye utstyret, men noterer seg at det verken gav han erfaring eller kunnskap.

Aksel Adrenalin

Illustrasjonar av folk på fjelltur i påska

Illustrasjon: Karoline Busnes Forberg / NRK

Aksel tok sin første «360 roundabout xtreme jump-to-the-flop backflip swing» då han var fem og eit halvt. Sidan då har han vore hekta.

Toppane kan alltid bli litt høgare, spissare og brattare. Og Aksel kan alltid erobre dei. Med GoPro på hjelmen er han klar for årets nye tind.

Aksel kjenner snøforhold, vêr, vind og fjellterreng betre enn innerlomma på den sennepsgule Norrøna-jakka si. Han vurderer forholda og estimerer at det ligg 87 prosent til rette for suksess.

Det har alltid gått bra før. Aksel kastar seg utfor, og susar elegant av garde før han landar på ei snøhylle og utløyser sitt heilt eige snøskred.

Med skredsøkar og utstyret på stell, blir Aksel redda. Han slepp unna med støkken og ei dryg historie.

Men på neste tind skal han ta tvilen på alvor og ikkje vere overmodig.

Anna Afterski

Illustrasjon av ei brun lita hytte

Illustrasjon: Karoline Busnes Forberg / NRK

Etter antrekket å dømme har Anna stått offpiste heile dagen, og er prakteksemplaret på norsk frisk ungdom. Men i realiteten har ho ikkje med seg ski.

Anna er der for kroa, øl og for å hoppe i takt med Freddy Kalas sine glade tonar.

Klokka nærmar seg 19.30, og Anna har levert heile dagen. På tide å kome seg tilbake til hytta. Den var brun. Eller raud. Og ligg vel rett borti hogget.

Men når alle hyttene er raude og brune og ligg rett borti hogget, så er det ikkje berre berre.

Anna tek seg ein kvil i den mjuke snøen. Før ho blir vekt av ein gjeng i raude kle som pakkar ho inn i aluminium.

Anna noterer seg at ein alltid bør vite kvar ein er, også på svært korte turar.

Viljar Vêrhard

Illustrasjon av snødekt fjell med norsk flagg på

Illustrasjon: Karoline Busnes Forberg / NRK

Den vêrharde 67-åringen har vore ute ei vinternatt før, om han skal seie det sjølv. Han har bygd huset sitt med berre nevane, og kløyvde sin første vedkubbe då han var tre år og ti månadar.

Fjella er berre ei forlenging av hagen hans, og den likar han å ha kontroll på. Greitt å sjekke om det er kome nysnø oppe på kvitfjella, og om gauken har kome attende frå vinteropphaldet sitt.

Kneet har vore litt kranglete, men berre dei siste 17 åra. At det knirkar litt når ein går er ikkje så mykje å bry seg med, og legane har viktigare ting å gjere.

Viljar skal berre gå den vante turen. Men på veg ned att går kneet frå knirk til knekk. Det gir etter, og det må Viljar også.

Viljar noterer seg at han skal ta både knirkande kne og helsa elles på alvor før neste tur.

Tina Turist

Illustrasjonar av folk på fjelltur i påska

Illustrasjon: Karoline Busnes Forberg / NRK

Tina har reist langt og lenge. Turmålet vart planlagt i fjor, ut ifrå dei spektakulære bilda på både Instagram og TikTok.

Ho har berre eit par dagar og ein tett timeplan. Vêret er så som så. Men Tina skal berre kjapt opp. Kike litt på utsikta, knipse eit bilete og kome seg ned igjen til bylivet.

Boots, skinnjakke og jeans får duge. I den snertne bysekken har ho eit sjal og ei hue om det skulle bli kjølig.

Kjølig blei det, og sleip var stien. Tina kjem seg opp, men på veg ned igjen trakkar ho på ei utspekulert kongle og vrikkar foten. Opp kjem redningsmannskap og ned blir ho frakta.

Tina kjem kanskje ikkje tilbake til Noreg, men på neste tur skal ho kle seg etter både vêr og terreng.

Olaf Optimist

Illustrasjon av ei brun lita hytte

Illustrasjon: Karoline Busnes Forberg / NRK

For Olaf handlar livet om små gleder og vakre detaljar. Påska skal han nyte på hytta ved sjøen. Solstrålane glitrar i sjøen og Olaf skal berre ut ein tur og puste inn litt frisk vårluft.

Det er dagen for shorts, og ei tynn ulltrøye. Fuglane kvitrar og Olaf gjer det same. Han tek seg like så godt ein liten joggetur.

Men rundt kvar sving er det nytt vakkert landskap å sjå. Det er først når himmelen går frå blå til grå, regnet slår ned og vinden hyler han innser kor langt vekk han er komen.

Optimisten snur, men blir både kald, svolten, utmatta og nesten pessimist.

Men han veit det går bra til slutt. For hjelpa dukka opp i tide.

Olaf er framleis optimist, men noterer seg at vêret brått kan snu, også på korte turar.

Bruk sunt fjellvett

Både NRK og redningsmannskapa erkjenner at ein verken treng å vere ein typisk type eller gjere store feil for at det skal gå gale.

Men ein av redningsmennene som kjenner dei klassiske fellene er Sigurd Gravning i Røde Kors Hordaland.

Som fagansvarleg for søk og redning minner han om dei gode, gamle fjellvettreglane.

– Om ein sjekkar av på alle dei, så unngår ein dei fleste problem.

Utover dei er det ein ting som kan utgjere forskjellen på liv og død.

– Mobilen er for mange det nye kartet og kompasset. Så lenge folk har straum på mobilen, og vi kan nå dei og finne ut kvar dei er, så er det eit enkelt oppdrag.

Straum på mobilen og batteribank i sekken betyr at ein eventuell redningsaksjon blir betrakteleg enklare, raskare og tryggare, seier Gravning.

  • Vil du helst ha fjellvettreglane i tv-format frå 1972, så får du det i klippet nedanfor:

Hei!

Så kjekt at du har lest heilt hit. Har du tankar om saka eller tips til ei anna sak? Send meg gjerne ein e-post! 

Read Entire Article