Sjudobling av unge ukrainske menn til Noreg: Frp vil sende dei heim

3 days ago 2


– Dei bør vere i Ukraina og kjempe for landet sitt. Ukraina treng sårt fleire soldatar, seier Frps innvandringspolitiske talsperson Erlend Wiborg til NRK.

Partiet meiner Noreg ikkje bør gi opphald til unge menn i stridsdyktig alder, og at ressursane må prioriterast til dei som verkeleg treng beskytting.

Tidlegare denne veka meldte NRK at det i september kom over 700 ukrainske menn i alderen 18 til 22 år.

Det er sju gonger så mange som normalt.

Auken heng saman med at ukrainske styresmakter i august oppheva utreiseforbodet for unge menn, ifølge Reuters.

Frp vil stramme inn

– Vi er imot at Noreg gir beskyttelse til stridsdyktige menn. Noreg kan ikkje vere ein frihamn for desertørar, seier Wiborg.

– Du brukar omgrepet «desertørar». Korleis kan du kalle dei det når dei no faktisk har lov til å forlate Ukraina?

– Det er riktig at menn mellom 18 og 22 år kan reise ut, men mitt bodskap gjeld alle ukrainske menn med verneplikt, svarer Wiborg.

Wiborg meiner det handlar om meir enn lovverket.

Erlend Wiborg ser på en telefon på et rotete kontor

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

– Vi kan ikkje bruke ressursar på unge menn som flyktar frå militærteneste. Dei set andre ukrainske liv i fare når dei ikkje stiller opp for sitt eige land, seier Wiborg.

Frp ønsker også å kutte i ytingane til flyktningar for å gjere Noreg mindre attraktivt.

– Noreg har dobbelt så høge ytingar som fleire naboland. Vi må ned på same nivå, elles vil vi halde fram med å få uforholdsmessig mange som kjem hit, seier han.

Regjeringa avviser forslag om kutt i ytingane

Forslaget om kutt i ytingane frå Frps innvandringspolitiske talsperson, blir avvist frå regjeringa.

– Flyktningar som blir busett i Noreg må ha same gode vilkår som resten av befolkninga, med helsetenester og skule på lik linje, seier Gunn Karin Gjul, statssekretær i justisdepartementet.

Samstundes førebur norske styresmakter seg på fleire ankomstar.

Ukrainske unge menn ankommer nasjonalt ankomstsenter i Råde.

UDI har oppretta hundrevis av nye mottaksplassar for å handtere auken.

Foto: Tomas Berger / NRK

Tidlegare denne veka kunngjorde UDI at dei opprettar 750 nye mottaksplassar for å handtere auken. 150 av plassane blir tatt i bruk med ein gong.

Talet på ukrainske flyktningar i Noreg har no passert 100.000, viser ferske tal frå UDI.

Dei aller fleste har fått opphald gjennom ordninga for kollektiv beskytting, som utgjer over 96 prosent av søknadene.

Har drøymt om Noreg

Andrij Tkatsj (22) frå Luhansk kom til Noreg tidleg i september. Han har budd ei veke på ankomstsenteret i Råde.

– Det er som ein sommarleir, men mindre behageleg, seier han.

Tkatsj fortel at han blei inspirert av arkitektfirmaet Snøhetta i Noreg og håpar sjølv å bli arkitekt her.

Ukrainske unge menn ankommer nasjonalt ankomstsenter i Råde.

Andrij Tkatsj (22) frå Luhansk kom til Noreg for nokre veker sidan.

Foto: Tomas Berger / NRK

– Eg har drøymt om å kome hit i åtte år. Eg vil lære norsk og bli ein del av samfunnet.

Han fortel også at kvardagen i Ukraina har vore prega av krig dei siste to åra.

Du kan ikkje sove om natta fordi dronar flyg over hovudet ditt. Lukta av krig er der heile tida.

22-åringen peikar også på at mange av dei som no kjem er unge under 23 år, nettopp fordi lovendringa opna grensene.

Ukrainske unge menn ankommer nasjonalt ankomstsenter i Råde.

Andrij Tkatsj (22) frå Ukraina har drøymt om Noreg i åtte år.

Foto: Tomas Berger / NRK

Leiaren av ankomsenteret: – Vi merkar trykket

Ved ankomstsenteret i Råde er det i dag rundt 650 bebuarar.

Mottaksleiar Britt Sharffenberg seier dei merkar godt at talet på innkomstar har auka.

– Det er mange fleire som kjem kvar dag enn det var for berre nokre veker sidan. Det gir oss fleire arbeidsoppgåver, seier ho.

Ukrainske unge menn ankommer nasjonalt ankomstsenter i Råde.

Noreg har fått eit høgt tal ukrainske menn mellom 18 til 22 år etter at dei fekk forlate Ukraina.

Foto: Tomas Berger / NRK

Sharffenberg seier stemninga blant bebuarane er god, og at fleire unge menn ikkje har endra dynamikken vesentleg.

– Det kjem langt fleire enn før, og vi må jobbe for å halde gjennomstrøyminga oppe. Om det kom 100 i går, må vi sende ut 100 i dag.

Sjølv om kapasiteten er pressa, meiner leiaren at mottaket har nok erfaring til å handtere situasjonen.

– Då krigen starta tok vi imot opptil 300 per dag. Vi klarte det, og har god kondisjon på å ta imot nye flyktningar.

Ukrainske unge menn ankommer nasjonalt ankomstsenter i Råde.

Mottaksleiar Britt Sharffenberg

Foto: Tomas Berger / NRK

Regjeringa skal vurdere ordninga på nytt

Ordninga med mellombels kollektiv beskytting blei innført kort tid etter invasjonen i 2022, og blei sist forlenga med eitt år. Ho inneber at ukrainarar får opphald utan individuell vurdering av asylsøknaden.

Statssekretær Gunn Karin Gjul (Ap) i Justisdepartementet seier regjeringa følgjer utviklinga tett etter den kraftige auken i unge menn.

– Vi har sett fleire unge menn dei siste vekene. Den situasjonen følgjer vi dag for dag, seier ho.

Ho peikar på at EU har forlenga si ordning til 2027, men understrekar at Noreg vil gjere si eiga vurdering.

Statssekretær i Justisdepartementet, Gunn Karin Gjul (Ap).

Statssekretær Gunn Karin Gjul (Ap) i Justisdepartementet.

Foto: Vetle Hjortland

– Vi må sjå om dette er ei utvikling som varer ved. Regjeringa har tidlegare stramma inn, og no er det berre dei som kjem frå område med angrepskrig som får kollektiv beskytting, seier Gjul.

Ho slår fast at regjeringa ikkje vil gjere raske endringar.

Sjefen for Politiets utlendings­eining, Arne Jørgen Olafsen, har tidlegare sagt til NRK at ordninga kanskje har vart lenger enn ho var meint til.

– Denne forenkla ordninga har no vart i over tre og eit halvt år. Det er sider ved ordninga som truleg ikkje var meinte å vare så lenge, seier Olafsen.

Ukrainske unge menn ankommer nasjonalt ankomstsenter i Råde.

Over 700 ukrainske enn har kome dei siste vekene til Noreg.

Foto: Tomas Berger / NRK

Publisert 03.10.2025, kl. 06.06 Oppdatert 03.10.2025, kl. 06.30

Read Entire Article