– Det har jo vore heilt jævlig. Men samtidig, er det jo det eg vil.
Som 16-åring bestemte Selma Øen Li seg for at ho ville bli best i verda i taekwondo.
Og det blei ho. Kampsporten skulle vise seg å bli ein arena der ho verkeleg treivst.
Det synlege beviset har ho i form av tre VM-gull og åtte EM-gull.
Det var likevel ikkje på matta at 25-åringen skulle møte mest motstand.
PÅGANGSMOT: – For meg var det heilt uaktuelt å berre stoppe opp, seier Selma bestemt.
Foto: Iris Katrine Hamre / NRKMåtte ha hjelp til alt
I mai 2022 blei Selma send til sjukehus med sterke smerter i magen. Av legane fekk ho beskjed om at ho hadde invaginasjon.
Det som starta som magesmerter viste seg å vere ein livstruande tilstand som kravde akutt hjelp.
– Eg er vand til mykje smerte gjennom sporten, men det der var heilt ubeskriveleg.
Etter operasjonen måtte alt lærast på nytt.
Det handla om å meistre dei tinga som tidlegare hadde vore sjølvsagt.
– Eg kunne ikkje dusje, ta på meg sokkar eller kle på meg sjølv. Det måtte mamma hjelpe meg med i ganske lang tid, forklarer 25-åringen.
Sidan den gongen har Selma vore to gonger på operasjonsbordet.
Først i februar 2023, så i august 2025.
– Då var det berre å ta dag for dag. Men den andre gongen visste eg kva eg gjekk til, og det var mykje tyngre.
– Det finst fagfolk av ein grunn
Det er tøft å gå frå å vere topptrent verdsmeister til å trenge hjelp til å gjennomføre dei minste tinga.
UVITANDE: Berre få månader etter Selma blei europameister i 2025, måtte ho for tredje gongen operere i magen.
Foto: PrivatDå har det vore heilt avgjerande for Selma å lene seg på menneska ho har rundt seg.
– Sambuaren min har dratt meg ut av senga eit par gonger. Elles hadde eg sikkert vorten liggande, fortel 25-åringen.
Dei dagane Selma har fått ufrivillig mange timar i døgnet, har ho spelt sjakk med nettopp sambuaren.
UUTHALDELEG: – Eg har aldri lyst til å oppleve det igjen, fortel kampsportutøvaren om smerta ho hadde i magen.
Foto: Iris Katrine Hamre / NRKPå tunge dagar i opptreningsfasen har Selma og tatt i bruk fleire teknikkar for å handtere den nye kvardagen, blant anna ein psykolog.
– Ikkje berre fordi eg har vore redd for at det skal skje igjen, men også fordi det har vore traumatiserande å kjenne på så mykje smerte, og sjå korleis det har påverka folk rundt meg.
Kampsportutøvaren fortel at det har vore livsviktig for henne å gå til psykolog.
– Det finst jo fagfolk av ein grunn, ikkje sant?
Kan lærast
Ingrid Lian er idrettspsykologisk rådgivar og doktorgradsstipendiat i idrettspsykologi ved Noregs idrettshøgskole.
Ho meiner Selma viser ei enorm motstandsevne, altså evna til å handtere kriser på ein konstruktiv måte.
– Personar som har ei høg grad av dette, er ofte uthaldande og sjølvstendige. Dei gjennomfører det dei har bestemt seg for, forklarer Lian.
MOTSTANDSKRAFT: Lian meiner ein kan lære mekanismane som gjer det lettare å stå i krisar.
Foto: NIHNår livet blir snudd på hovudet, er det lett å grave seg ned i spørsmålet:
Kvifor meg?
Ifølge Lian er dei same mekanismane som hjelper Selma tilbake til matta, overførbare til alle som står i ei krise.
– Enten ein har eit ønske om å komme tilbake til ein stad der ein har det bra eller berre vil takle kvardagen betre, utdjupar ho.
Og mekanismane kan lærast.
Ser framover
Selma sin tredje operasjon var mindre omfattande og sjansane for at det skjer igjen er mindre.
Likevel lever ho med ei uføreseieleg klokke i magen. Risikoen for at ho må tilbake på operasjonsbordet vil alltid vere der – ho veit berre ikkje når.
– Det kan skje til neste år. Det kan skje om 50 år. Men eg trur det er viktig for meg å heller leve i håpet om at det aldri skal skje, enn å tenke «kva viss det skjer»?
Vegen tilbake har kosta ufatteleg med krefter, men motgangen har også gitt henne ein viktig lærdom:
Ein vinn sjeldan dei tøffaste kampane aleine.
– Det er ingen som ikkje møter på krisar her i livet. Då er det veldig fint å kunne dele det med andre som kanskje har liknande erfaringar eller andre erfaringar som du kan lære av, fortel ho.
MOTIVASJON: Heime hos Selma ligg premiane som ei påminning på kva ho vil tilbake til.
Foto: Iris Katrine Hamre / NRKNo er blikket retta framover. I 2027 ventar VM i Paraguay, og Selma er ikkje i tvil om kva som er målet.
– Eg skal stå øvst der, det er det eg har tenkt.
Publisert 22.01.2026, kl. 21.39
















English (US)