Seks personar pågripne etter sølvsmedtjuveri

2 weeks ago 12


Seks personar er sikta for grovt tjuveri og medverking til grovt tjuveri mot sølvsmeden Arven i Bergen, opplyser jourhavande jurist Lene Cecilie Tertnes Christiansen.

– Ein bil har vore etterlyst i TV 2-serien Åsted Norge, og den blei sett på ein adresse i Nittedal fredag kveld, seier ho.

Fire av dei pågripne var etterlyst etter innbrotet hos sølvsmeden natt til 2. november. Det blei stole verdiar for 1,5 millionar kroner.

Ytterlegare to blei arrestert fordi dei var på adressa då politiet tok seg inn, fortel Christiansen.

Det blei også funne sølvplater på adressa, og noko kosmetikk.

– Vi jobbar ut frå ein hypotese om at kosmetikken kan stamme fra innbrotet på Romerikssenteret, seier operasjonsleiar Fredrik Solbakken, i Øst politidistrikt.

Politiet har endå ikkje oversikt over kor mykje sølv som blei funnen på adressa.

TV 2 meldte om saka først.

en bygning med et skilt på

Foto: Marit Hommedal / NTB

Kan ha tilknyting til kosmetikktjuveri

Pågripinga blei gjort av Øst politidistrikt fredag kveld i Nittedal.

Dei pågripne er alle menn i 30- og 40-årsalderen.

Pågripinga gjekk roleg for seg, seier operasjonsleiar Fredrik Solbakken, i Øst politidistrikt.

– Det var tips direkte til oss, frå ein som hadde sett etterlysinga av ein bil på Åsted Norge, og sett denne bilen. Tipset kom rundt klokka 17 torsdag 13. November, seier han.

Politiet undersøker om tjuvegodset kan stamme frå eit sjokkbrekk på Romerikssenteret på Kløfta førre helg.

– Vi undersøker om dei kan ha ein tilknyting til eit kosmetikktjuveri på Romerike, seier jourhavande jurist i Øst politidistrikt, Linda Tengesdal.

Dei sikta blir framstilt for fengsling søndag ved Fredrikstad tingrett.

– Vi kjem til å be om fengsling i fire veker på grunn av undragelsesfare og bevisforspillelsefare.

Publisert 15.11.2025, kl. 12.19 Oppdatert 15.11.2025, kl. 13.00

Read Entire Article