Samtalar om trygg ferdsel gjennom Hormuzsundet

1 month ago 11


Samtalane mellom Oman og Iran fant stad laurdag mellom landa sine utanriksdepartement, skriv utanriksdepartementet i Oman på X.

– Under møtet blei moglege alternativ vurdert for å sikre ein smidig gjennomfart i Hormuzsundet under dei noverande omstenda i regionen, skriv departementet.

Formålet med samtalane skal vere å sikre trygg ferdsel gjennom sundet.

Iran har halde sundet stengt sidan USA og Israel angreip landet 28. februar – noko som har ført til høge oljeprisar.

Følg utviklinga i Midtausten her:

Frist på 48 timar

USAs president Donald Trump gav landet ein frist på ti dagar for å inngå ein avtale eller opne opp Hormuzsundet.

– Tida er i ferd med å renne ut – 48 timar før helvete vil bryte laus, skreiv han på Truth Social.

Presidenten har tidlegare varsla at dersom sundet ikkje blir opna vil USA sprenge iranske kraftverk.

Iran svara med ein trugsel om å gjennomføre «uoppretteleg øydelegging» i regionen dersom eit slik angrep skjer.

Etter dette utvida Trump fristen, som går ut måndag.

Hormuzsundet

  • Kva er Hormuzsundet og kvar ligg det?

    Hormuzsundet er ei av dei viktigaste skipsrutene i verda for transport av olje. Sundet går mellom Iran og Oman, og skil Persiabukta frå resten av Arabiahavet.

    Gjennom sundet, som på det smalaste er i underkant av fem mil breitt, blir ein femtedel av olja og gassen i verda frakta. I 2025 vart rundt 20 millionar fat olje frakta gjennom Hormuzsundet kvar dag, ifølgje det amerikanske energidepartementet. Det svarer til ein energihandel for nær 600 milliarder dollar i året.

    Olja kjem ikkje berre frå Iran, men også frå Irak, Kuwait, Qatar, Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata.

  • Kvifor er Hormuzsundet viktig i krigen mellom USA, Israel og Iran?

    – Hormuzsundet er ein av dei stadene der det er enklast for Iran å påverke militært, noko som har stor effekt på verdøkonomien. Dette kan igjen påverke USA ved å skape uro i verdsmarknadene, fortel Kyrre Tromm Lindvig.

    Han er hovudlærar ved seksjon for strategi og fellesoperasjonar ved Forsvarets Høgskole.

    Kort tid etter at USA og Israel gjekk til åtak på Iran, truga Iran med å «stenge» Hormuzsundet og setje fyr på alle skip som prøvde å passere.

    USAs president Donald Trump har åtvara om at Washington vil slå endå hardare tilbake dersom Iran blokkerer oljeeksporten.

  • Kvifor skjer det angrep ved Hormuzsundet no?

    Lindvig forklarer at Iran har mista mykje av evna si til å angripe med avanserte missil, som tidlegare vart brukte mot mål i Persiabukta, USA og Israel.

    – Med Hormuzsundet kan Iran framleis påverke militært på ein veldig effektiv måte med relativt enkle middel, slik som dronar, småbåtar og miner, seier Lindvig.

    Iran meiner at alle amerikanske eller israelske skip, eller skip som fraktar olje for dei to landa, er legitime mål.

    Hittil er det meldt om minst 14 angrep mot skip i Hormuzsundet dei siste to vekene. Onsdag vart lasteskip som segla under flagga til Thailand, Japan og Marshalløyane angripne. Den iranske revolusjonsgarden innrømmer å ha stått bak angrepet på det thailandske skipet.

  • Kva er konsekvensen av å stenge Hormuzsundet?

    Sidan krigen starta, har så godt som all skipstrafikk gjennom Hormuzsundet stått på pause. Det fører til at transporten av olje og gass stoppar opp.

    Når trafikken blir forstyrra, hoppar olje- og gassprisane kraftig, noko som igjen har stor effekt på aksjemarknadene i verda, forklarer Lindvig.

    Analysebyrået Wood Mackenzie ventar oljeprisar på 150 dollar fatet dei neste vekene, føreset at Hormuzsundet framleis er stengt. Dei åtvarar også om at prisen kan stige til 200 dollar fatet i løpet av 2026. Før krigen låg prisane på omkring 70 dollar per fat.

    I tillegg må fleire produsentar redusere produksjonen fordi lagera deira blir fylte opp når eksporten stoppar opp, forklarer Lindvig. Irak, Qatar og Kuwait er nokre av landa som har bestemt seg for å redusere produksjonen av olje og gass.

    Dersom situasjonen i Hormuzsundet vedvarer, vil det vere 20 prosent mindre olje og gass i verda enn vi er vande med. Asia og Europa er dei mest sårbare regionane for forstyrringar i forsyninga, og er meir avhengige av import av råolje, gass og drivstoff frå Midtausten enn andre delar av verda.

Bompengar for passasje

Onsdag varsla Iran at dei vil ta betalt for at enkelte skip kunne passere sundet.

Iran planlegg eit system handheva av det iranske militæret med inspeksjonar og bompengar.

Slik vil landet hindre USA, Israel og andre land som støttar sanksjonsregimet mot Iran å segle gjennom Hormuzsundet.

Forslaget blir behandla i den iranske Nasjonalforsamlinga.

Totalt har 20 skip blitt angripne etter krigen braut ut, og fleire sjøfolk er drepne.

Les fem moglege scenario Midtausten-ekspertar ser for seg her:

Interessert i det som skjer i verda? Høyr Urix sin podkast her:

Publisert 05.04.2026, kl. 13.34 Oppdatert 05.04.2026, kl. 13.52

Read Entire Article