Samles for å følge oppgjør om «Kompani Lauritzen»-område

2 weeks ago 11


Heradsstyret seier nei til den minnelege avtalen som grunneigaren av Bømoen og Voss herad har forhandla fram.

Området, som har vore rota til ein årelang konflikt på Voss, husar mellom anna Ekstremsportveko, og den gamle militærleiren har vore basen for TV2-serien «Kompani Lauritzen».

Striden handlar om kva dei private eigarane skal få lov til å gjera med delar av området.

I dag skulle heradsstyret bestemma seg for eitt av to alternativ:

  • Ein minneleg avtale med grunneigar, som ordføraren har forhandla fram.
  • Ekspropriasjon: Når kommunen gjennom ein rettsprosess tvingar eigarane til å selje området tilbake til det offentlege.

No har kommunen avslått den minnelege avtalen med grunneigarane, og vil gå for ekspropriasjon.

Knappast mogleg fleirtal

Bømoen-området utgjer over 2300 dekar, tilsvarar rundt 320 fotballbanar. Bak eigarselskapet står to lokale entreprenørfirma.

I forkant av møtet sa ordførar på Voss, Tonje Såkvitne (Sp), at ho meinte det var på tide å gå for den minnelege avtalen. Den ville gitt grunneigarane 321 dekar til næringsverksemd.

Men med knappast mogleg fleirtal blei den minnelege avtalen forkasta, 22 mot 21 røyster.

Avgjerd Bømoen-saka

22 heradsstyrerepresentantar røysta imot den minnelege avtalen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Samstundes hadde eit fleirtal av representantane fremja eit alternativ forslag om ekspropriasjon. Då den blei røysta over gjekk 23 heradsstyrerepresentantar for ekspropriasjon mot 20.

Bømoen-saka opp i Voss heradsstyre

Senterparti-ordførar Tonje Såkvitne (Sp) meinte det var på tide å setja strek og gå for den minnelege avtalen. Ho argumenterte for at dette vil sikra aktiviteten på området.

Foto: Tale Hauso / NRK

Under denne avstemminga snudde ordføraren.

– Når den minnelege avtalen fall er det viktig at eg som ordførar stiller meg bak fleirtalet i heradsstyret. Eg signaliserer at eg skal vere med på å følgja opp prosessen framover, seier Såkvitne

Voss tinghus

Tinghuset på Voss.

Foto: Tale Hauso / NRK

Dette inneber at heradsstyret ber administrasjonen om å laga ei ny sak om ekspropriasjon for idrettsområdet og tilkomstvegen, som skal behandlast 26. mars 2026.

Samtidig skal dei laga ein plan for området som trengst til beredskap og luftsport, altså til drivstoff, flyparkering og landing. Ekspropriasjon kan også bli aktuelt for desse områda.

Om Bømoen AS vil forhandla, får kommunen lov til å prøva å bli einige om ein frivillig avtale om kjøp av grunn og rettar.

NRK har vore i kontakt med Bømoen AS. Dei treng å sjå over vedtaket frå heradet, men er skuffa over resultatet.

– Vi er skuffa, og hadde håpa på eit fleirtal for minneleg avtale, seier styreleiar i Bømoen AS, Olav Lægreid.

Langt unna ei avslutning i saka

Trass i ei avgjerd, er saka langt unna eit endeleg punktum, som mange lengtar etter.

Ordføraren seier at vossingane som i dag håpa på ei avslutning i Bømoen-saka, vil bli skuffa.

– Denne saka kjem til å ta tid. Uavhengig av om det hadde blitt minneleg avtale eller no med alternativt vedtak, seier ho.

Ho peikar på at det er fleire ting som skal løysast. Bømoen er eit området som inntil hausten 2024 var uregulert.

– Dette er hovudgrunnen til konflikt, og framleis er det store område som ikkje er detaljregulert, så dette tar tid.

Fallskjermhoppar landar på Bømoen i Voss

Fallskjermmiljøet fryktar for framtida på Voss. Dagleg leder i Ekstremsportveko åtvarar om konsekvensane dersom luftsportsmiljøet forsvinn.

Foto: Silje Kvalsvik Olsen

Rigga til visning på kinoen

Då heradsstyret behandla saka like før jul, følgde over 9000 sjåarar strøyminga av møtet på kommune-TV. Det er rekord.

Denne gongen har gjengen som kallar seg «bygda» rigga opp for felles visning av møtet på kinoen på Voss.

– Her kan folk samlast for å følgja med, eller stikka innom når det passar i løpet av dagen, seier Ann Christin Nøss.

Bygda samles for Bømoen-oppgjør

Ann Christin Nøss, frå gjengen som kallar seg «bygda» har rigga opp kinosalen på Voss for visning av dagens møte i heradsstyret. På skjermen vises «kommune-TV» og oppgjeret om Bømoen-området.

Foto: Tale Hauso / NRK

Nøss fortel at Bømoen er det «alle» snakkar om.

– Politikarane blir nedringt, avisene har vore tettpakka med lesarinnlegg. Til og med ungane diskuterer dette rundt frukostbordet.

– Så dette betyr mykje for både store og små, seier ho.

Klargjøring til Bømoen-heradsstyremøte

Yngve Høyland, dagleg leder i gjengen som kallar seg «Bygda» gjør kinoen i Voss klar for visning av møtet i heradsstyret.

Foto: Tale Hauso / NRK

Publisert 05.02.2026, kl. 19.40

Read Entire Article