Laurdag morgon såg ein forbipasserande røyk frå den gamle krambua på Lærdalsøyri.
Vedkommande ringte 110 klokka 7.47, bekreftar Tore Fanebust i 110 Vest. Brannmannskap kom raskt på plass.
Men dei historiske bygga er installerte med eit automatisk varslingsanlegg. Her gjekk alarmen først om lag 15 minutt etterpå – klokka 8.01.49.
På dette kvarteret hadde brannen spreidd seg til hus nummer to.
– Her hadde vi flaks, for det var forbipasserande som såg røykutvikling og ringte 110, seier den lokale brannsjefen, Gaute Johnsgaard.
– Viktig å finne årsaka
Det automatiske varslingsanlegget er kopla til Alarmsentralen. Det er eit interkommunalt selskap som overvaker ulike typar alarmar og varsling. Det var her alarmen gjekk like over 8.
– Kvifor det tok tid før alarmen gjekk av hos oss, veit vi ikkje, seier dagleg leiar Terje Brandsøy i Alarmsentralen IKS.
– Men det er viktig å finne ut av det. Det er ein grunn til at det er lagt ned så mykje økonomi i å få eit godt varslingsanlegg.
To bygg vart skadde i brannen. Det var lenge fare for at brannen kunne spreie seg vidare til dei andre bygga, som står tett i tett.
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRKEtter storbrannen i 2014 vart det sett stort fokus på nettopp brannvern i området. Årleg blir det delt ut pengar til brannsikring. Her har også Lærdal fått midlar.
At det tok 15 minutt før Alarmsentralen fekk varselet, kan kome av typar brannvarslar, plassering av dei, og kor brannen starta, ifølge Brandsøy.
– Men dette er berre spekulasjonar frå mi side, og noko lokalt brannvesen må svare ut.
Men heller ikkje brannsjef Gaute Johnsgaard veit kvifor alarmen ikkje gikk med éin gong.
– Det kan ikkje eg svare på. Det må nokon finne ut av.
– Vart den automatiske brannalarmen utløyst?
– Etter det eg veit, vart alarmen utløyst – men seinare.
Brannvesenet rykte raskt ut og har fått ros for godt arbeid på staden.
Foto: Sondre Evenstad Dalaker / NRKOrdførar i Lærdal, Audun Mo, seier det var montert sprinkelanlegg i det aktuelle bygget.
Dette er eit såkalla tørranlegg, som krev at brannmannskap koplar vatn på anlegget.
– Fungerte anlegget bra nok når det tok 15 minutt før Alarmsentralen fekk varsel?
– Etterforskinga vil vise kva som gjekk bra eller ikkje, seier Mo.
– Vakna ikkje av brannalarm
I huset det begynte å brenne i, sov det ein kameratgjeng frå Oslo.
Daniel Skulstadberg seier til Sogn Avis at dei vakna av mykje røyk, men at brannalarmen ikkje gjekk av.
Dei hadde leigd bustaden ein kortare periode av Odd Helge Brugrand.
Brugrand uttalte til NRK laurdag at han har gjort ei rekkje brannsikringstiltak i bustaden – nettopp for å hindre det same som skjedde under storbrannen i 2014.
Det vart store skader etter storbrannen i 2014 og ei rekkje brannsikringstiltak vart sett i verk.
Foto: Jan Christian JervingOgså for politiet er det eit sentralt poeng om brannvarslaren fungerte eller ikkje, seier tenestestadsleiar Vegard Andersen.
– Dette er ein av teoriane vi jobbar vidare med, og som vi må få finne ut av.
I løpet av veka eller i neste veke kjem kriminalteknikarar på plass. Før den tid er det vanskeleg for politiet å seie noko om brannårsaka, seier Andersen.
Politiet har gjort ei rekkje vitneavhøyr, mellom anna av dei som sov i huset då det byrja å brenne, augevitne og brannvesenet.
Publisert 10.06.2025, kl. 21.05 Oppdatert 10.06.2025, kl. 21.10