Søndag kveld rykka naudetatane ut til melding om ei trafikkulykke på Hitra.
– Ein bil som har køyrd av vegen og landa på taket. Éin person involvert, fremstår uskadd, skreiv operasjonsleiar Martin Eriksen Skjerve, i politiloggen.
Da politiet kom fram til staden fann dei pappesker liggande i skogholtet rundt bilen.
Det er ikkje kjent nøyaktig kor mykje politiet beslagla.
Foto: Ronny TeigåsFann sigarettar
– Det var eit trafikkuhell som starta det, seier politiadvokat Ingrid Kaja Read til NRK.
– Det var da det blei gjort funn ved sida av bilen.
Ho fortel at politiet arresterte to menn same kveld som dei rykka ut til trafikkulykka.
Dei er sikta for grovt brot på vareførsel-lova.
Kva som var i pappeskene politiet beslagla på staden, ønskte ikkje politiet å seie søndag kveld.
Måndag ettermiddag stadfestar Read til NRK at det blei tatt beslag i sigarettar.
Både politi og ambulanse rykka ut til det dei trudde var ei trafikkulykke.
Foto: Ronny TeigåsPolitiadvokaten kjenner ikkje den nøyaktige storleiken på beslaget, men peiker på at siktinga går på eit grovt brot av lova.
– Så det er ganske mykje.
Ho fortel at dei to pågripne mennene har blitt avhøyrt. Kva som kjem fram i avhøyra vil avgjere kva politiet gjer vidare i etterforskinga.
– Vi må sjå kva som kjem ut av avhøyra før vi ser kva vi skal gjere vidare.
– Da må vi også ta stilling til om vi vil be om at dei blir varetektsfengsla.
Politiet tok beslag i fleire pappesker på staden søndag kveld.
Foto: Ronny TeigåsRead fortel at politiet ikkje er kjent med kva rute dei har tatt inn i Noreg og kor dei var på veg med sigarettane.
Ho fortel at det ikkje er noko som tydar på at det er fleire som er involvert i saka.
– Det er ingenting som tyder på det.
Erkjenner ikkje straffskuld
Frode Wisth er forsvarar for ein av dei sikta mennene. Denne mannen har måndag ettermiddag blitt avhøyrd av politiet.
– Han erkjenner ikkje straffskuld, seier Wisth til NRK.
Han fortel at mannen no er lauslaten. Wisth fortel at han ikkje ønsker å fortelje kva mannen fortalde i avhøyr med politiet.
Politiadvokat Read fortel at den andre mannen har blitt avhøyrd, men ikkje har fått oppnemnt forsvarar.
Publisert 16.02.2026, kl. 17.55 Oppdatert 16.02.2026, kl. 17.57












English (US)