Ruud plagast av hasjlukt: – Var ikkje klar over at det var så drygt

8 hours ago 4


– Det er den største nedsida med New York, at lukta finst overalt. Til og med her på anlegget. Ein må berre akseptere det, men det er ikkje favorittlukta, seier Casper Ruud i eit intervju med Danmarks Radio.

Cannabis har vore lovleg i New York sidan 2021. Lova gjer det tillate for personar over 21 år å kjøpe, bruke og oppbevare cannabis.

en gruppe mennesker som står utenfor en bygning

KØ: Køen var lang da den første lovlege hasjbutikken opna i New York i 2022.

Foto: KENA BETANCUR / AFP / NTB

Ruud drøymer om US Open-trofeet. Turneringa startar måndag, men fleire utøvarar blir brydde av lukta.

– Eg synest det er plagsamt om ein er på banen og nokon drar opp ein joint. Det er ikkje gøy for spelarane å vere slitne og samtidig måtte trekke inn hasjlukt. Vi får ikkje gjort noko med det, med mindre lova blir endra tilbake, men det tviler eg på skjer, seier Ruud.

Fleire reagerer

Ruud føyer seg inn i rekka av fleire spelarar som reagerer på hasjlukta i New York.

Tidlegare i år reagerte også den australske stjerna Nick Kyrgios. Han er sjeldan redd for å seie kva han meiner, heller ikkje i denne saka.

Tidlegare i år meinte han at hasjlukta gjorde det ekstra vanskeleg for han.

– Eg er tung astmatikar. Når eg spring frå side til side slit eg med å puste, så det er neppe noko eg ønsker å dra inn mellom poenga, sa han til TNT Sports i mars.

– Av og til luktar det mat på stadion, andre gonger røyk, andre gonger weed. Det er ikkje noko vi kan kontrollere, sa greske Maria Sakkari til Sky Sports etter ein kamp i 2023.

Jessica Pegula, Nick Kyrgios

REAGERER: Lukta har plaga både Nick Kyrgios og Maria Sakkari.

Foto: NRK

– Litt uheldig

Christer Francke er tennisekspert i Eurosport og fortel at det amerikanske tennispublikummet skil seg ut.

– Dei skal ha burgarane sine, drikke øl, røyke og alt mogleg. Dei er høglydte og snakkar til og med under ballvekslingane. Nokon er jo på fest inne på arenaene.

en tennisbane på et stadion

ANNLEIS: Den amerikanske fansen på plass i Arthur Ashe Stadium i New York.

Foto: JAMIE SQUIRE / AFP / NTB

Likevel blir han sjokkert når han høyrer det Ruud fortel.

– Eg var ikkje klar over at det var så drygt. Om turneringa blir kjent for dette, er det litt uheldig, ville eg tenkt. Viss spelarane seier frå om dette, bør dei jo bli høyrde og endre på reglane.

Det norske tennisesset er i alle fall klokkeklar på kva han meiner om rusmiddelet.

– Det er noko idrettsutøvarar tar veldig sterk avstand frå. Hasj er jo eit narkotikamiddel til sjuande og sist, og eg er veldig motstandar av det.

Onsdag tapte Ruud og polske Iga Świątek finalen i partennis i US Open. Tysdag startar nordmannen singleturneringa mot austerrikske Sebastian Ofner.

et par tennisspillere

FINALETAP: Iga Świątek og Casper Ruud her frå finaletapet.

Foto: Yuki Iwamura / AP / NTB

Publisert 24.08.2025, kl. 17.40

Read Entire Article