Søndag var ei rekke statsleiarar frå Europa og Canada samla seg til toppmøte i London om europeisk sikkerheit og vegen vidare for Ukraina. I tillegg deltok toppar frå EU og Nato på møtet.
Dei blei einige om å trappe opp innsatsen, og at ein «koalisjon av villige» skal bidra til å sikre Ukraina, blant anna med soldatar, fly og utstyr til ein fredsstyrke.
Storbritannias statsminister Keir Starmer var vertsskap for toppmøtet i London. Her er han i samtale med Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.
Foto: JUSTIN TALLIS / AFP / NTBKremls pressetalsmann Dmitry Peskov seier dette vil forlenge krigen og ikkje bidra til ei fredeleg løysing.
Han sa også at konflikten som skjedde i Det kvite hus då USAs president Donald Trump tok i mot Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj fredag, viser kor vanskeleg det er å få til ein fredsavtale, melder Reuters.
Opprusting tek tid
Frankrike og Storbritannia går saman om å koordinere arbeidet med ein fredsplan for Ukraina, som dei så skal diskutere med USA og Donald Trump.
Møtet i London handlar om at Europa viser handlekraft og større ansvar for eige forsvar, seier Nupi-forskar Karsten Friis. Men han åtvarar mot at ei opprusting i Europa ikkje skjer over natta.
– Dette tar tid. Det er problemet her. Du bygger ikkje opp eit forsvar på eitt år, du treng fire-fem år for å bygge ordentleg opp.
Oberstløytnant og hovudlærar ved Krigsskulen, Palle Ydstebø, seier at det Ukraina treng no er materiell og ammunisjon.
Akkurat no får Ukraina det dei treng for å halde krigen gåande, men dette bør bli dobla på sikt, seier han.
– Europeisk økonomi og industri er meir enn ti gongar større enn den russiske, så det bør ikkje vere det store problemet for Europa. Men det må handling til, og ikkje berre støtteerklæringar.
– Kor mykje vil det koste Europa å prøve å få slutt på denne krigen?
– Mindre enn kva det vil koste dersom Russland vinn. Dette er ei investering i varig sikkerheit i Europa, seier han.
Publisert 03.03.2025, kl. 10.43