Forholdet mellom Russland og Vesten har kjølna kraftig etter den russiske invasjonen i Ukraina i 2022.
I førre veke deltok den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov på OSSE-møtet på Malta.
Sergej Lavrov under OSSE-møtet på Malta i førre veke.
Foto: ALBERTO PIZZOLI / Reuters/NTBDet var første gong han deltok på eit toppmøte i EU etter invasjonen. Han fekk alt anna enn ein varm velkomst.
Han blei skulda for krigsbrotsverk og kalla løgnar. Fleire land forlèt møtet i protest då Lavrov heldt talen sin.
Polens og Ukrainas utenriksministre forlater salen når russlands uteriksminister Sergej Lavrov skal tale
APÅtvarar mot reiser
Onsdag sa russisk UD at forholdet til USA og andre vestlege land var i ferd med rakne, melder Reuters.
– På grunn av auka spenning mellom Russland og USA, vil alle reiser til USA vere forbunde med alvorlege risikoar, sa Maria Zakharova, som er talskvinne for det russiske utanriksdepartementet.
Ho rådde også russarar frå å reise til Canada og fleire land i EU fordi dei risikerer å bli «jakta på» av amerikanske styresmakter.
Det iskalde forholdet mellom Russland og Vesten nådde eit nytt botnpunkt i november då Ukraina tok i bruk amerikanske og britiske missil for å angripe territorium, samtidig som Russland endra atomvåpenplanen sin.
– Ei teoretisk problemstilling
Forskar Jakub M. Godzimirski ved NUPI er ikkje overraska over åtvaringa.
Han meiner dette er eit eksempel på eit Russland som går i ei meir autoritær retning.
– Russland er ikkje interessert i at borgarar får direkte kontakt med Vesten. Då kan dei bli smitta av liberale idear, og bli påverka.
Forskar Jakub M. Godzimirski ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).
Foto: Christopher Olssøn / NUPISamtidig er dette langt på veg ei teoretisk problemstilling, meiner han.
– Vestlege land har strenge restriksjonar på reiser frå Russland. Det er ingen direkte flyruter mellom Russland og vestlege land, og vestlege ambassadar er svært tilbakehaldne med å gi visum til Schengen. Då skal ein ha særs gode grunnar for å reise.
Vil ta tid å normalisere
Polens statsminister Donald Tusk sa tysdag at han trudde at fredssamtalane i Ukraina kan begynne i løpet av vinteren.
Men sjølv om krigen skulle ta slutt, vil det ta lang tid før forholdet mellom Russland og Vesten kan normalisere seg.
Med tusenvis av tapte sivile og militære liv, og steile diplomatiske frontar, har krigen laga eit djupt sår det vil ta tid å lege, trur Godzimirski
– Tusenvis av ukrainske soldatar er drepne, og fleire hundre tusen er skadde og lemlesta i krigen. Det kjem til å ta lang tid før denne konflikten blir historie.
Publisert 11.12.2024, kl. 16.24