Rushtid på leige­marknaden

12 hours ago 1


Før helga fekk alle studentar svar på søknaden som studieplass.

Dermed startar tusenvis av studentar jakta på ein stad å bu.

Ei av dei er Inga Tunold.

– Eg ha fått studieplass i Trondheim og står på venteliste i Bergen, så eg ser etter bustad begge stader, seier ho.

Inga ser på telefonen

I det siste har 20 år gamle Inga Tunold brukt eit par timar om dagen på bustadjakt.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Tunold kjem frå Oslo og er ikkje godt kjent i Bergen eller Trondheim

– Eg synest det er litt vanskeleg. Eg veit jo ikkje kor det er fint å bu i dei ulike byane. Og eg vil helst bu i kollektiv, så eg ser etter nokon å bu saman med.

– Kva er viktigast for deg?

– At det er nærme studiestaden, at eg får bu med ålreite folk og at det ikkje er alt for dyrt, seier Tunold.

Skal du leige for fyrste gong? I botnen av artikkelen finn du fem gode råd.

Inga Tunold ser i kamera. Ho skal studere til hausten

Tunold er fyrstegangsstudent. For den gruppa kan hybeljakta vere ekstra vanskeleg fordi mange flyttar til ein ny plass.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

– Vanskelegare å finne ein plass å bu

Perioden frå påske til slutten av august er høgsesong i leigemarknaden.

Vekene 29, 30 og 31 toppar det seg, viser tal frå Hybel og Finn.

– For svært mange fyrstegangsstudentar er det hektiske veker no, seier dagleg leiar i Hybel, Christian Rasmussen.

Christian Rasmussen Daglig leder i Hybel

Christian Rasmussen er gründer og dagleg leira i Hybel. Han opplyser at trafikken på sidene deira i desse dagar er langt over det dei ser elles i året.

Foto: Charlotte Wiig Photography

– Veka etter at opptaksbeskjeden kjem, skjer det alltid noko i leigemarknaden, seier Nora Vigen Stabell i Finn.

Mykje tyder på at bustadjakta kan bli ekstra tøff i år.

I dei største byane står over 13.000 i kø for studentbustad. Dermed må mange leige privat.

Hittil i år har leigeprisane i dei fire største byene auka med 5 prosent, viser tal frå Eiendom Norge.

– Tilbodet er omtrent likt, medan etterspurnaden har auka. Då er det fleire om beinet og vanskelegare å finne ein plass å bu, seier Rasmussen.

Det er vanskelegast å finne plass å bu i Oslo, ifølge tal frå Studentindeksen.

Her er fem råd til deg som skal leige:

1. Alltid kontrakt

Ein god, skriftleg, leigekontrakt sikrar både deg og utleigar. Kontrakten bør innehalde:

  • Avtalt månadsleige
  • Størrelse på bustaden
  • Depositum
  • Eventuell betaling for straum og vatn
  • Oppseiingstid

Forbrukarrådet har ein standardkontrakt som du kan sjekke dersom du er usikker på korleis den bør vere.

2. Depositum

Depositumet skal stå på ein eigen depositumskonto i ditt namn – ikkje hos huseigaren. Dette er eit krav i lova om husleige og er tryggare for deg som leigetakar. Utleigar skal dekke eventuelle gebyr på kontoen.

3. Sjekk bustaden

Ser du riper i parketten? Ei skuff som ikkje går heilt igjen? Luktar rommet litt rart? Ta bilde og noter ned alt før du flyttar inn. Det kan spare deg for diskusjonar og pengar når du skal flytte ut igjen.

4. Vedlikehald

Om ikkje de har avtalt noko anna, så har utleigar ansvar for å halde ved like. Du som leiger er pliktig til å melde ifrå dersom noko er skada og du er pliktig til å sjekke at brannvernutstyret fungerer.

5. Hugs straumen

Straum er ikkje alltid inkludert i husleiga. Det kan bli ei overrasking når fakturaen kjem. Sjekk kva som gjeld – og ta det med i budsjettet.

Publisert 22.07.2025, kl. 14.12

Read Entire Article