Rundt 70 menneske var i idretts­hallen då det byrja å brenna

1 day ago 1


Det var 65-70 personar inne i bygget då brannen starta i aktivitetshallen Fysak i Åsane tysdag kveld.

– Heldigvis var det ein snarrådig person på utsida som kom springande inn og varsla våre tilsette på bygget. Så gjorde dei ei kontrollert evakuering av bygget med det same, seier etatsleiar for idrett i Bergen kommune, Torbjørn Iversen.

– Dei fekk ut alle personane som var i bygget, og såg etter at alle som var i dei ulike romma kom seg ut.

En idrettshall like ved Åsane senter er i brann tysdag 17. februar 2026.

Hallen er eit gratis lågterskeltilbod for barn og unge, blant anna for skating, BMX, basketball og gaming.

Brannen tysdag kveld spreidde seg raskt. Då brannvesenet kom til staden, stod heile den eine veggen i brann. Brannen spreidde seg vidare til takkonstruksjonen.

Dagen etter er skadane godt synlege.

en vegg som har synlige skader etter brann

Veggen har synlege skadar etter brannen, og idrettshallen kjem til å vera stengd på ubestemt tid framover.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Trur brannen kan blitt starta med vilje

Brannen skal ha starta på utsida av bygget, ifølgje politiet.

Dei jobbar ut frå ein hovudhypotese om at brannen er påsett, og ber to jenter som var i området, om å melda seg til politiet.

– Me ønskjer kontakt med to jenter som er observert springande vekk frå staden der brannen starta. Me har også video av dei, seier politistasjonssjef i Bergen Nord, Ørjan Hjortland.

Politiet utelukkar ikkje at det kan vera andre årsaker til brannen, og jobbar med å henta inn informasjon.

– Me har ein god del vitneobservasjonar og videomateriale som me går gjennom no.

Politiet ønskjer framleis at vitne melder seg og tek kontakt.

vegg som er skadd av brann

Flammane spreidde seg raskt oppover veggen på hallen og til taket.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Stengd hall på ubestemt tid

Det er uklart kva tid hallen kan opna igjen, men ei tid framover kjem han til å vera stengd.

– No må me jo først og fremst skaffa oss ei oversikt over kva skadar som er oppstått, og sjå kva tiltak som må gjerast for å eventuelt setta bygget i stand igjen, seier Torbjørn Iversen i Bergen kommune.

– Det er veldig synd at barn og ungdom mistar eit viktig aktivitetstilbod i dei komande vekene, legg han til.

Publisert 18.02.2026, kl. 13.02

Read Entire Article