– Det var skremmande i dag. Natta var verkeleg skremmande, seier 86 år gamle Roza Jukhymivna.
Torsdag vakna ho og dottera opp til ballistiske missil som trefte i nabolaget hennar, i Svjatosjyn vest i Kyiv. Denne bydelen blei hardast råka av åtaka i natt.
Iført ein lilla kjole sit Roza på ein brun pinnestol og langar ut mot Russland til NRK. På venstre side har ho eit lite grønt bord med to kaffikoppar og nokre kjeks.
Roza Jukhymivna tek seg ein kopp kaffi saman med dottera etter ei skremmande natt.
Foto: Fredrik Tombra / NRKAngrepet i natt mot den ukrainske hovudstaden er det kraftigaste og dødelegaste i Kyiv på mange månader. Minst åtte menneske blei drepne og over 80 skadde, ifølgje Reuters.
Det ukrainske redningsmannskapet skreiv på Telegram at dei høyrde lyden av mobiltelefonar frå under ruinane medan dei leita etter drepne og overlevande torsdag.
Torsdag morgon er vegane sperra av medan redningsmannskap leitar gjennom samanrasa bygningar.
Frivillige hjelper til med å rydde opp restar. Bitar frå vindauge samlast i store stablar. På vegen står det ramponerte bilar.
NRK korrespondent Fredrik Tombra fortel om eksplosjonar i hovudstaden Kyiv Ukraina natt til 24. april.
Jukhymivna rasar mot den russiske presidenten for angrepet i natt og krigen i Ukraina.
– Å skyte han er det minste ein kan gjere! Ein må kutte han i bitar! Han har lurt folk trill rundt, meiner ho.
Mista huset for andre gong
Totalt blei det i natt sendt rundt 70 missil og over 145 dronar mot Ukraina, ifølgje Reuters.
– Det er ein veldig vanskeleg situasjon for oss. Borna lid og eg veit ikkje kva dei treng hjelp til.
Dette er orda til Oleksandr Jefymtsjuk. Han står på gata i Svjatosjyn-bydelen framfor ein delvis øydelagd bustadblokk ved sida av den sølvfarga BMW-ein sin.
Oleksandr Jefymtsjuk ventar på å få kome inn i bustadblokka si att etter angrepet.
Foto: Fredrik Tombra / NRKBilen er dekt av støv. Medan oppryddingsarbeidet held på, får han ikkje vende tilbake til leilegheita si.
– Borna mine toler stress, men eg kan fortelje deg at dette er veldig vanskeleg, seier han tydeleg prega av situasjonen.
Han er mest uroa over at borna hans lid unødig under krigen.
– Når borna høyrer at venene deira er døde utanfor huset, er det endå vanskelegare, seier Jefymtsjuk.
Mange bustadblokker blei anten heilt eller delvis ruinerte etter angrepet i natt.
Foto: Fredrik Tombra / NRKAngrepet vekker vonde minne for Jefymtsjuk. Då krigen braut ut i 2022 var han i byen Pryluky lenger nord i landet. Då mista han og familien mista alt dei eigde.
– Dei brann alt. Dei tok med seg alt, fortel han.
No har det skjedd på nytt.
Jefymtsjuk meiner det var berre sivile som blei ramma i angrepet i natt. Det er ingen fabrikkar, soldatar eller militære mål i bydelen, understrekar han.
Ukraina-korrespondent Fredrik Tombra rapporterer frå område hardast ramma av Russlands
Midt i Ukraina-samtalar
Angrepet i natt skjer den same veka som den amerikanske presidenten Donald Trump har sagt at ein avtale mellom Ukraina og Russland er nær.
I mellomtida har Trump oppmoda den russiske presidenten om å stanse bombinga av Ukraina på sitt eige sosiale medium, Truth Social.
– Eg er ikkje nøgd med dei russiske åtaka i Kyiv. Det er ikkje nødvendig, og veldig dårleg timing. Vladimir, STOPP, skriv han.
Alexander Røskestad er Caritas Noregs representant i Kyiv. Han trur det kan vere lenger igjen til der er ein fredsavtale mellom Russland og Ukraina.
Har folk i Ukraina tru på fred?
– Nei, svarar han momentant.
– Russland har eit mål om å ta Ukraina, om det er på slagmarka eller ved å destabilisere landet, seier Røskestad.
Anton Kudinov bidrog til denne saka.
Interessert i utanriks? Høyr podkasten til utanriksredaksjonen?
Publisert 24.04.2025, kl. 18.03