Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_7f587e676d873f40d674faa29e7ef0a1, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Røpe­alarm:– Kva slags alders­rasistisk argument er det? - NorwayToday

Røpe­alarm:– Kva slags alders­rasistisk argument er det?

4 hours ago 4


I den nye realityserien «Kode Rød» blir deltakarane plassert på ei øy for å overleve med minimale ressursar.

Men det var ikkje mangelen på mat eller varme som overraska Terje Sporsem mest – det var det menneskelege spelet.

Dei gamle skulle ut

I serien har det oppstått ein tydeleg front mellom dei yngre influensarane og dei meir vaksne deltakarane.

Sporsem legg ikkje skjul på at han vart overrumpla over å bli plassert i «senior-kategorien».

– Eg føler meg jo som om eg er 24 år, seier Sporsem til NRK, før han ler og legg til:

– Men tida si nådelause tann har vel gitt meg nokre rynker som plasserte meg på gamlehimmelen.

Han fortel om ein kynisk strategi frå dei yngre deltakarane for å få ut dei med mest erfaring.

– Eg forstod etter kvart at det var ein gjeng som konspirerte for å få ut dei som faktisk kunne ting.

Terje Sporsem om at Kevin Kildal blei stemt ut.

– Aldersrasistisk

Det som irriterer Sporsem mest, er at gruppa vel å sende ut dei han reknar som dei største ressursane for å overleve på øya.

Førstemann som blei stemt ut var den praktisk anlagte kunstnaren Vebjørn Sand (59). Denne gongen var det komikaren og tømraren Kevin Kildal.

Kildal hadde lagt ned ein enorm innsats for å skaffe vatn og mat, noko Sporsem meiner dei yngre deltakarane tek for gitt.

Kevin Kildal om å bli stemt ut.

Likevel valde dei unge å kvitte seg med den nevenyttige komikaren.

– Kva slags aldersrasistisk argument er det? Eg har knust dei fleste i fleire konkurransar, seier han kamplysten.

Terje Sporsem varslar no full krig i dei komande rundane.

For det er ein annan ting i spelet på øya han irriterer seg over:

Deltakarar som stemde ut vener, for så å gråte over valet sitt etterpå.

– Du kan ikkje stemme mot di eiga overtyding berre fordi nokon andre har sagt det er lurt, og så sitje og grine etterpå. Det blir for dumt.

en person som smiler til kameraet

Selma Ibrahim fotografert på Ryvingen fyr i Lindesnes kommune, som var staden der «Kode Rød» blei spelt inn.

Foto: Kjetil Solhøi

Stemte taktisk

NRK-profilen Selma Ibrahim meiner at ho i alle fall ikkje baserte si utstemming på alder.

– Mi oppfatning av stemmene eg valde å gje, var ut ifrå kven eg faktisk snakka spel med og følte eg kunne stole på at ikkje stemte på meg der inne, seier Ibrahim no.

Programleiaren peikar på at ho elska å ha både Terje og Kevin på øya, men for å overleve sjølv blir ein dessverre nøydd til å ta ein del kjipe val.

– Eg er 100 prosent imot all diskriminering, men etter å ha sett programmet sjølv ser eg at det var fleire andre som tenkte det var mest «rettferdig» at dei eldste vart sende ut først.

Det utgangspunktet seier ho at ho er ueinig i.

– Eg stemte på dei eg tenkte kunne stemme på meg ved eit seinare høve, heilt uavhengig av alder.

Ferdig med konflikt-reality

Sjølv om Terje Sporsem skildrar opphaldet som «reality på steroida» og eit spennande sosialantropologisk eksperiment, er han klar på éin ting: Dette var siste gong.

– Eg trivst ikkje med det sosiale spelet og fokuset på konflikt lenger, seier komikaren.

Terje Sporsem er en av ti deltakere i Kode rød

Det blir mindre reality og meir god stemning for Sporsem i framtida.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Han blei dessutan litt sjokkert over seg sjølv.

– Eg trudde eg berre var ein snill fyr som ville alle vel, men plutseleg vart eg ein spelar òg.

Alliansen sprekk opp?

Alliansen «mot dei eldre» på øya består no av Selma Ibrahim (31), Knut Peder «KP» Gransæther (25), Emil Solli-Tangen (35) og Rikke Isaksen (30).

Men sjølv om dei stod saman om å stemme ut ein av dei eldste deltakarane i konkurransen, er det ikkje berre harmoni internt.

Emil Solli-Tangen innrømmer i episoden at det sit langt inne å bruke alder som ein strategi.

– Dette følast som det kjipaste eg har gjort i konkurransen. Eg føler meg jævla dust, seier Solli-Tangen i episoden.

Han vedgår at han har måtta lage «utvegar» i eige hovud for å rettferdiggjere valet sitt om å stemme ut Kevin.

Han avslører òg at han i skjul vurderer å bryte med alliansen for å behalde Terje framfor andre deltakarar.

Publisert 07.03.2026, kl. 07.56

Read Entire Article