– Tidlegare var det 100-meteren folk kom for å sjå, men nå trur eg mange fans kjem på friidrettsstemna for å sjå på 1500-meteren, seier den nederlandske løparen Niels Laros.
Grunnen til at favorittdistansen til Jakob Ingebrigtsen har blitt så populær, trur Laros er nettopp på grunn av nordmannen.
– Det er takka vere Jakob Ingebrigtsen og dei andre som har gjort distansen til den mest populære, fortset han.
GULLGUT: Her har Niels Laros akkurat vunne 5000-meteren under U23-EM i Bergen.
Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRKNRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal ser poenget til nederlendaren.
– Eg er ikkje heilt ueinig i det han seier. 100-meteren har eigentleg vore i eit vakuum i fleire sesongar etter at Usain Bolt gav seg. Det er vanskeleg å finne ein profil som er like populære som Bolt. Noah Lyles prøver, men han prøver kanskje litt for hardt, seier Rodal.
EINIG: Vebjørn Rodal meiner det manglar den store profilen på 100-meteren etter Usain Bolt gav seg.
Foto: Sigmund Sagberg Andersen– Jakob har sett nivået, så er det duellane som har komme. Det er mange frå ulike nasjonar som er med i toppen og det har mykje å seie for at distansen har blitt så populær.
Siktar mot toppen
Under U23-EM i Bergen enda Laros opp med å ta gull i begge øvingane han deltok i.
– Det betyr mykje for meg å vinne to så ulike distansar. Det er ein unik kombinasjon å springe 5000 meter og 800 meter. Det blir tøffare i Tokyo, men all erfaringa eg tar med meg herfrå er veldig bra før VM, seier han til NRK etter 800-meterfinalen.
Niels Laros knuser konkurrentane på oppløpet og vinn 800 meter under U23-EM i friidrett i Bergen.
Niels Laros blir støtt og stadig samanlikna med den norske motstandaren sin, Jakob Ingebrigtsen. Laros har også sprunge finale i VM, OL og innandørs-EM mot Ingebrigtsen – sist da Ingebrigtsen leika seg inn til gull på 3000 meter i innandørs-EM i mars.
Når startskotet går under VM i Tokyo i september, møtest dei truleg igjen.
– Bør han vere redd for deg?
– Du kan velje om du vil at han skal vere redd meg eller ikkje. Eg veit berre at eg og teamet mitt går etter toppen. Og må eg slå Jakob eller nokre andre for å komme dit, er det det eg må gjere, seier han til NRK.
ALLSIDIG: Niels Larson konkurrerer både på 800, 1500 og 5000 meter.
Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK– Alltid på toppnivå
I starten av juli overraska Laros mange da han vann prestisjefylte Bowerman mile (éi engelsk mil) under Diamond League-stemnet i Eugene i USA. I same løp slo han Ingebrigtsens europeiske U23-rekord på distansen.
– Jakob har vore ute med skade i nokre månader nå. Korleis ser du sjansane hans, når de er så mange som spring raskt?
– Dei aller fleste spring fort nå. Eg har ikkje sett kor Jakob er nå, men om han dukkar opp, er han alltid på toppnivå, seier Laros.
– Om han er der, jaktar han gullet. Eg skal prøve å blande meg inn i medaljekampen, men der er det 20 andre som også vil, så vi får sjå når vi kjem til Tokyo.
Under Diamond League-stemnet i Eugene tidlegare i juli, vann Laros ein engelsk mil etter denne spurten:
Yared Nuguse sprang for verdsrekord, men måtte sjå at både han og Diamond Leauge-sigeren i Eugene glapp på éi engelsk mil.
Rodal trur den ferske U23-meisteren også kan blande seg inn i medaljekampen i VM i Japan i september, og at han er ein reell konkurrent for Jakob.
– Han er faktisk i ferd med å bli det altså. Han vann litt overraskande i Eugene, og så har han sett personleg rekord på 800 meter. Han er i ferd med å peike seg ut som ein av fleire medaljekandidatar i Tokyo, seier Rodal.
– Eg veit kva eg er kapabel til og kjem til å jakte draumane mine, så får vi sjå, avsluttar Laros.
Er det greit å jogge i baris? 01:18
Publisert 21.07.2025, kl. 19.46