Riksantikvaren vil måle det 250 år gamle bygget grått – byråd ber dronninga om å gripe inn

2 weeks ago 15


– Vi ønsker at det framleis skal vere ein gulfarge, seier byråd for kultur, idrett og friluftsliv i Trondheim, Trond Åm (V).

Han står framfor den nesten 250 år gamle «Stiftsgården» i Trondheim.

Den store trebygningen har vore okergul så lenge dei fleste i Trondheim kan huske.

No anbefaler Riksantikvaren at bygget blir måla i grått. Det har skapt sterke reaksjonar i byen.

– Eg har aldri opplevd så stort engasjement på eit utspel nokosinne, seier Åm om at han har tatt til orde for at bygget må bli verande gult.

Han har no sendt eit brev til dronninga der han ber ho om å gripe inn i fargestriden.

Trond Åm framfor Stiftsgården

Trond Åm ønsker at Stiftsgården skal halda fram med å vera gul som i dag.

Foto: Henning Levold / NRK

– Det betyr noko for opplevinga av byen. Vi går snart inn i ein ganske mørk årstid med mykje dårleg vêr, seier byråden.

– Vi har nok grått rundt oss som det er, så eg trur det er veldig viktig at vi tar vare på dei fargane vi har.

Originalfarge

Noregs største trepalé stod ferdig i 1778. Dei første 20 åra av sitt liv var bygningen grå. Sidan har han vore både lyst gult, brunt, raudbrunt, kvitt, grått igjen og kvitt igjen.

Sidan 1958 har bygget vore gult.

– I samband med det nødvendige vedlikehaldsarbeidet er det naturleg at ein også gjer fargeundersøkingar. Og då har ein funne ut kva som har vore den første fargen på Stiftsgården. Riksantikvaren har då gitt råd om å gå tilbake til den, seier Linda Veiby som er Avdelingsdirektør for Samfunnsavdelingen hos riksantikvaren.

Ho seier det er vanleg at ein går tilbake til opphavleg farge når ein set i stand eller restaurerer bygningar.

– Men det treng ikkje å vera sånn. Den opphavlege fargen er ikkje nødvendigvis fasiten. Eit bygg har ofte hatt veldig mange fargelag.

Når bygget no treng å bli måla på nytt anbefaler Riksantikvaren at Statsbygg går for grå.

– Me registrerer den veldige interessa knytt til fargane på Stiftsgården i Trondheim. Det er stort engasjement, og det er positivt. Og det er jo noko det er viktig å ta med seg inn i den vidare prosessen.

En bygning med dør og vinduer

Her er tre av fargane Stiftsgården har hatt i løpet av 250 år.

Foto: Henning Levold / NRK

Ikkje avgjort

Ho påpeikar at det ikkje er noko som er vedteke enno.

Riksantikvaren har gitt eit råd, men det er ikkje teke noko avgjerd i saka. Me er enno i eit ganske tidleg stadium. Det er Statsbygg som vedtek.

Når Statsbygg får orientert seg i dei ulike innspela som har komme inn, så blir det teke ei avgjerd, og den er eg heilt sikker på at blir god, seier Veiby.

Sidan 1800-talet har bygningen blitt brukt som bustad for kongen når han er i byen.

Ei endring kan opplevast framandt. Engasjementet om kulturminne, det er kjempeverdifullt. Og det er me avhengig av. Og me er opptekne av å lytta til dei innspela som kjem, seier Veiby.

en mann som holder en pinne

Ola Vegard Sæter i Statsbygg viser den lysegrå fargen Riksantikvaren meiner Stiftsgården bør målast i.

Foto: Henning Levold / NRK

Det er Statsbygg som har ansvar for drift og vedlikehald av Stiftsgården.

– Det er bra med engasjement og at det hadde vore trist om ingen brydde seg. Me søkjer no faglege råd før me tar ei avgjer, seier Ola Vegard Sæter, underdirektør i Statsbygg.

NRK har vore i kontakt med hoffet. Dei opplyser at dei er kjent med arbeidet Riksantikvaren og Statsbygg gjer, men tar ikkje del i vurderingane.

– Vi forstår godt at dette er ei sak som Trondheim sin befolkning er oppteken av og bryr seg om, skriv pressekontakt Sara Svanemyr i ein e-post.

En stor bygning med gårdsplass

Fargen på praktbygget i Trondheim sentrum har skapt debatt.

Foto: Henning Levold / NRK

Byantikvaren vil ha gul

Byantikvaren i Trondheim, Mette Bye, meiner derimot at Stiftsgården framleis bør vere gul.

Det blir veldig teknisk å seie at fordi det var den eldste fargen, så skal vi tilbake dit, for da vil den framstå i sin opphavlege prakt, seier Bye.

Opphavleg prakt nummer to er ein fargesetting som vil vere mykje meir vennleg i bybildet, samstundes som den fortel ein litt anna historie enn det den fortel i dag.

Ho seier dei fleste i Trondheim kjenner Stiftsgården som gul.

Vi argumenterer også for at det vil samstemme veldig mykje betre med gata og bybildet, sånn som det ser ut i dag.

Ho seier gulfargen passar godt i Trondheim.

Det er ein historisk fargesetning, men den vil passe godt til vårt klima, vår grå himmel og så vidare.

Kva farge bør Stiftsgården ha?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Det er eit viktig bygg

– Det er nok grått i den byen her, seier Britt Jorun Bergli utanfor Stiftsgården.

– Så eg synest det burde vere som det er.

Ho meiner bygget burde bli måla i den same fargen som det har i dag.

en kvinne som bruker briller

– Han er veldig fin og noko folk drar for å sjå på, seier Britt Jorun Bergli om Stiftsgarden.

Foto: Henning Levold / NRK

Det same meiner Kajsa Skagen og Olve Røsvoll.

– Eg tenker det er viktig at Stiftsgården framleis skal vere gul, seier Skagen.

– Det er eit viktig bygg, men eg trur at for folk flest så verker det ikkje autentisk at han er grå.

en mann og kvinne som poserer for et bilde

Kajsa Skagen og Olve Røssvoll er blant dei som meiner Stiftsgarden må ha den same gulfargen framover.

Foto: Henning Levold / NRK

Røsvoll synest bygget er fint som det er.

– Ein kan kanskje gi han ein liten finpuss, anna enn det treng ein ikkje gjere noko særleg med det.

Publisert 20.09.2025, kl. 06.23

Read Entire Article