Reuters: Skal ha åtvara om saudiarabisk lege

2 hours ago 3


Mannen brøyt gjennom sperringane og køyrde rett inn i ein julemarknad i byen Magdeburg fredag kveld.

Ei kvinne og eit barn vart drepne og minst 60 personar vart skadde i det som vart skildra som eit angrep av det tyske politiet.

Fleire tyske medium har meldt at mannen som køyrde bilen var ein 50 år gammal lege frå Saudi-Arabia. Mannen skal ha budd i Tyskland sidan 2006.

Emergency personnel work at a Christmas market after a car drove into a group of people, according to local media, in Magdeburg, Germany, December 21, 2024. REUTERS/Axel Schmidt

Foto: Axel Schmidt / Reuters

No melder nyheitsbyrået Reuters at heimlandet hans skal ha åtvara Tyskland om mannen. Ifølge ei saudiarabisk kjelde skal grunnen ha vore ekstreme utsegner på X.

Islam-kritikar

Politiet meiner mannen handla aleine, og jobbar no med å få klarleik i eit eventuelt motiv.

Ifølge den tyske kringkastaren MDR skal mannen ha vore negativ til islam og sett på seg sjølv som ateist.

I 2016 sa han i eit intervju med avisa Frankfurter Allgeimeine at han var den «mest agressive islam-kritikaren i historia», skriv Die Welt.

Han skal også ha uttalt seg negativt om tyske styresmakter. Ifølge kringkastaren, og avisa Welt, skal mannen ha skrive på X for eit år sidan at tyske styresmakter forfulgte flyktningar frå Saudi-Arabia.

Den mistenkte mannen skal også ha kunngjort «snart hemn» i innlegget som no er sletta, ifølge MDR.

Security guards stand in front of a cordoned-off Christmas Market after a car crashed into a crowd of people, in Magdeburg, Germany, Saturday early morning, Dec. 21, 2024. (AP Photo/Ebrahim Noroozi)

Foto: AP

Ifølge Reuters var mannen godt kjent i det saudiarabiske miljøet der han budde. Der skal han ha vore ein kontaktperson for nye flyktningar frå heimlandet.

Skal ha støtta AfD

Ifølge fleire medium skal mannen ha vist støtte til det høgreekstreme partiet AfD på X.

Die Welt refererer til ein profil på X som skal vera knytt til mannen. Der skriv han blant anna at "Tyskland ynskjer å islamisere Europa.".

Pløgde inn i folkemengde

Det var i 19-tida fredag kveld at det begynte å koma meldingar om ein bil som køyrde i høg fart gjennom ein julemarknad i byen Magdeburg i Tyskland.

Ifølge vitne skal bilen ha pløyd gjennom sperringane og køyrd minst 400 meter gjennom marknaden.

Ei kvinne som var saman med kjærasten sin på marknaden fortel at dei såg bilen koma susande mot dei. Kjærasten vart treft og dradd av garde med bilen.

– Det var heilt forferdeleg, fortel Nadine til avisa Bild.

Kjærasten vart skadd i beinet og hovudet, fortel ho.

Ifølge tyske medium skal mannen ha leigd den svarte BMW-ein han køyrde i.

Publisert 21.12.2024, kl. 07.57 Oppdatert 21.12.2024, kl. 08.20

Read Entire Article