– Eg følte meg rundlurt. Eg forventa kvalitet når du betalar så uhorveleg mykje for behandling. Det må vere krav om at det er ordentleg gjort.
Marianne Didriksen Skille frå Bodø skulle berre til tannlegen for å få sett inn ei tannbru.
Men ei svikt i behandlinga førte til at brua knakk og det gav unormalt mange komplikasjonar.
Det kosta ho mykje både i pengar og energi.
– Det er snakk om 20.000 kroner som eg betalte for den brua. Du forventar frå norske tannlegar at det skal vere ordentleg.
Difor oppsøkte ho ein ny tannlege som oppfordra ho til å søke erstatning.
– Der var det tilfeldigvis ein spesialist som sa til meg at det her er ikkje riktig. Den bura er ikkje laga etter retningslinjene og dette her er ein sak for Norsk pasientskadeerstatning.
Ho søkte og fekk medhald. Erstatninga kom på 100.000 kroner, og skal dekke ny og korrigerande behandling.
Men Skille er ikkje den einaste som fekk erstatning for mangelfull tannbehandling i fjor.
Tannlegefeil toppar sakene
Ein av tre pasientar som fekk erstatning i 2024, fekk det på grunn av feilbehandling hos tannlegen, ifølge Norsk Pasientskadeerstatning (NPE).
I fjor tok imot dei over 1.000 søknader om erstatning etter tannbehandling.
Det er fleire enn nokon gong.
– Det er flest saker og flest som får erstatning for feil som gjeld rotbehandling. I tillegg ser vi også ofte feil som gjeld krone- og brubehandling.
Det seier NPE-direktør Kristin Cordt-Hansen.
At talet har auka trur ho kan kome av at fleire pasientar blir klar over moglegheita til å søke erstatning.
– Vi veit også at Tannlegeforeiningen har gitt god informasjon om ordninga til medlemmene sine, slik at dei kan gi informasjonen vidare til pasientane sine, seier Cordt-Hansen.
Ho seier også at i ein del saker er det ført dårleg journal.
– Det betyr at vi må legge annan informasjon til grunn enn journalen når vi skal vurdere saka.
Og då får dei erstatning som dei kanskje ikkje ville fått viss journalen hadde vore skriven riktig.
Likevel understrekar Cordt-Hansen at vi generelt har god tannbehandling i Noreg.
– Men likevel hender det at feil skjer. I nokre få tilfelle ser vi også tannlegar med mange saker som ikkje har den standarden på behandlinga som dei burde ha. Dette går dessverre utover pasientane deira.
Likar ikkje tala
President i norsk tannlegeforeining, Heming Olsen-Bergem, likar ikkje tala, men påpeiker at dei aldri vil kome heilt ned på null.
– Vi driv mykje operative inngrep. Vi gjer ting med tenner, med kjevar, i nærleiken av nervar, i nærleiken av biholer, som kan medføre mein, seier han og utdjupar:
– Det vil alltid vere saker kor ein, på bakgrunn av den behandlinga ein er nøydd til å gjere, vil få skadar. Sånn er det i kirurgi. Det er også viktig å ta med seg, men vi jobbar heile tida for at det skal vere lågare.
Han er også klar over at journal-skriving er eit problem.
– Eg har tidlegare vore rådgivar for NPE sjølv, så eg kan skrive under på at det er tilfellet, og har vore det over tid.
Han seier dei jobbar aktivt med å få tannlegane til å skrive gode journalar. Og han opplev at tannlegane er blitt betre på dette.
– Det jobbar vi med heile tida saman med både universiteta og fagmiljøa elles. For å sikre at kvaliteten er god i tenesta, og det opplever vi også at ho er.
Det opplever også Marianne Didriksen Skille. Men ho må framleis smørje seg med tolmod.
– Det er ein lang prosess. Eg har no to skruar inn i kjevebeinet medan eg ventar på implantat som skal settast. Altså nye tenner og ein bru som skal settast oppå der, og ei krone.
Publisert 30.01.2025, kl. 06.00