Rekordår for norsk turisme: – Eit yrande liv på hotellet

3 hours ago 2


– Vi kan trygt seie at turismen er på veg opp, seier Birgith Hjelle Roset, hotelldirektør ved Gloppen Hotell i Vestland.

I 2024 var det rekordmange overnattingar på hotell i Noreg, og det var fleire som fekk kjenne på den auka turismen.

På landsbasis auka antalet overnattingar med 4,2 prosent, ifølgje ein fersk rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er den største auka nokosinne.

Den største auka av overnattingsgjestar kjem frå utlandet, og spesielt turistar frå Tyskland og Sverige kjem til Noreg på ferie. Talet overnattingar frå utanlandske turistar auka med heile 14 prosent frå 2023 til 2024.

På Gloppen Hotell i Vestland har dei tilsette lagt merke til auka, og forbereder seg no på ein ny hotellsesong.

– Sidan eg byrja her i 2004 har vi ikkje hatt så mange utanlandske turistar som hadde i fjor.

Det seier Kenneth Kirkhorn, som jobbar som kokk på Gloppen Hotell.

Kenneth Kirkhorn, kokk på Gloppen Hotell

Kenneth Kirkhorn jobbar litt ekstra på sommarhalvåret.

Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRK

Kirkhorn seier han er forberedt på å jobbe litt meir om sommaren, sidan han uansett får kvile meir om vinteren.

Både Roset og Kirkhorn seier at høgsesongen varer lengre enn den gjorde før.

Vi elskar jo når sommaren kjem, for då er det eit yrande liv på hotellet, seier Roset.

Kronekurs spelar inn

Det er fleire faktorar som har gjort Noreg til eit attraktivt turistmål det siste året.

Det er inga tvil om at kronekursen har spelt ei stor rolle, seier Tobias Strandskog-Christensen, politisk rådgjevar i NHO reiseliv.

Låg kronekurs gjer det billigare for utanlandske turistar å feriere i Noreg. Likevel er mange av hotellgjestane nordmenn som reiser i eige land.

Elg Elgesem og Marie Sahba er blant hotellgjestane på Gloppen Hotell. Dei reiser på turné med teatergruppa si.

Eg anbefaler fleire til å bli kjent med sitt eige land, det er ei stor oppleving, seier Elgesem.

Marie Sahba og Elg Elgesem, gjestar på Gloppen Hotell

Marie Sahba (v.) og Elg Elgesem (h.) synest det er fint å reise frå storbyane og oppleve landet.

Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRK

Hotellgjestane er blant dei som synest at turismen er positiv for Noreg, og at det kan vere eit fint bidrag til økonomien.

Eg tenkjer det er veldig bra for vidareturisme. Folk nyttar seg av den svake krona og kjem i hopetal, seier Marie Sahba.

Lågare temperatur dreg folk til landet

Fleire turistar kjem og til Noreg fordi det er lågare temperatur her.

Hotelldirektøren på Gloppen Hotell har sett ein auke av turistar som mellom anna kjem frå Spania for å kjøle seg ned om sommaren.

Den eine faktoren som spelar inn på den auka turismen i 2024 er at det er kjølig og god temperatur her, seier Tobias Strandskog-Christensen, politisk rådgjevar i NHO reiseliv.

Strandskog-Christensen ser og at det er større fokus på natur og friluftsliv, både for norske og utanlandske turistar.

Tobias Strandskog-Christensen, politisk rådgiver i NHO Reiseliv

Tobias Strandskog-Christensen synest det er positivt med auka turisme.

Foto: NHO Reiseliv

Publisert 08.02.2025, kl. 08.10

Read Entire Article