Førre månad blei 16.274 brukte bustader lagt ut for sal i Noreg.
Det viser tal frå Plot.ai, som lagar analysar av eigedomsmarknaden.
– Mai var ein rekordmånad. På våren blir det typisk lagt ut mykje kvart år, men vi har aldri registrert så mange på ein månad, seier dagleg leiar Ravn Wiik Steinsvåg.
Systemet til Plot.ai registrerer alle bustader som blir lagt ut for sal. Dagleg leiar Ravn Wiik Steinsvåg seier det er fyrste gong han ser så høge tal når det kjem til bruktbustader til sals.
Foto: Pressefoto / Plot.AiDei siste vekene har det i mange område vore mindre sal enn det som har blitt annonsert. Dermed veks utvalet for dei som skal kjøpe.
– Det er også mange sal, men tilbodssida har auka. Då får vi det vi kallar kjøpars marknad. Altså at det potensielt er eit godt tidspunkt å kjøpe på, seier Steinsvåg.
Tal frå Finn stadfestar utviklinga.
Totalt blei det lagt ut 56 330 nye bruktbustader for sal på Finn i løpet av årets fem fyrste månader. Det er ein auke på 11 prosent samanlikna med same periode i 2024. I Oslo er auken 21 prosent.
Klokka 11:00 publiserer Eiendom Norge sin bustadstatistikk for mai. Då får vi mellom anna vite korleis prisane har utvikla seg.
Færre på kvar visning
Ei rekke meklarar seier til NRK at dei merkar det store volumet godt.
– Det er nesten for mykje å velje mellom. Folk går på mange visningar og klarer ikkje å bestemme seg, seier Mats Ergo.
Som partnar og eigedomsmeklar i Schala & Partners har Mats Ergo mange oppdrag sentralt i Oslo. Her held han ange gangs visning på Tøyen i Oslo. I tillegg til NRK var det to personar innom.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK– Det er mindre press i bodrundane og då får ikkje vi dei høgste prisane. Det har vore gjengs med sal på pris eller kanskje litt under, seier Ergo.
Oslo er den største bustadmarknaden i landet og svingingar i marknaden viser seg ofte meir tydeleg her.
– Marknaden er ekstremt prissensitivt no, spesielt på små leilegheiter rundt sentrum. Vi merkar færre på visning enn det vi har hatt tidlegare i år, seier Tiri-Alette Dahl Vilnes.
Tiri-Alette Dahl Vilnes er avdelingsleiar og eigedomsmeklar for EiendomsMegler 1 Oslo Sentrum.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKHo skal selje leilegheita for Håvard Brekke Haugland.
Mange som skal selje kan kjenne på uro og frustrasjon dersom salet tek lengre tid enn venta, men Haugland tek saka med knusande ro.
– Eg føler eigentleg ikkje på stresset. Eg er kanskje i ein annan økonomisk situasjon enn andre folk, så eg tenker det vil ordne seg på eit eller anna vis, seier han.
Publisert 04.06.2025, kl. 10.49 Oppdatert 04.06.2025, kl. 10.57