– Eg har lamming i beina, eg er trøytt og utmatta, seier Reidun Tjønn Rinde.
I 23 år har ho hatt multippel sklerose (MS). Rundt 14.000 i Noreg har denne kroniske betennelsessjukdommen i nervesystemet.
– Det me er så redde for no, er å mista tilboda våre på rehabilitering. Spesielt senteret i Hakadal og den gode kompetansen dei der har på alt som gjeld MS-diagnosen, seier ho.
MS-senteret Hakadal AS er det einaste landsdekkande rehabiliteringstilbodet spesialisert på multippel sklerose.
Foto: Hakadal ASBerre Helse Vest sa ja
MS-senteret Hakadal AS utanfor Oslo fekk nyleg forlenga kontrakten med Helse Vest. Men den største helseregionen – Helse Sør-Øst – har inngått avtale med andre selskap.
Og Helse Midt og Helse Nord vil ikkje inngå avtale med Hakadal AS.
Dermed får ikkje alle MS-pasientar eit likeverdig rehabiliteringstilbod. Det vil variera ut frå kvar dei bur.
MS-senteret Hakadal AS er spesialisert på tilpassa rehabilitering for MS-pasientar med komplekse behov.
Foto: MS-senteret Hakadal ASI verste fall risikerer senteret å måtta legga ned, og Helse Vest mister tilbodet dei har inngått avtale om.
– Me er avhengige av å ha avtale med Helse Sør-Øst for å kunna drifta vidare. Det er det ingen tvil om, fordi det er der det er eit stort pasientgrunnlag, seier dagleg leiar Øyvind Bjølverud i Hakadal AS.
Utkonkurrert på pris
Senteret har 30 plassar. 75 prosent av dei inneliggande pasientane deira kjem frå Sør-Øst.
Bjølverud seier grunnen til at dei tapte anboda, er at i konkurransen tel pris 60 prosent, og kvalitet tel mindre.
Dagleg leiar Øyvind Bjølverud seier det nasjonale MS-senteret i Hakadal ikkje kan driva vidare utan pasientane frå Helse Sør-Øst.
Foto: Privat– Me er særleg høgspesialisert og spissa på MS-diagnosen, og det kostar nok meir enn det anbodsmodellen la til rette for.
I anbodsrunden etterspurde Helse Sør-Øst ikkje behandling av spesifikke pasientgrupper med behov for høgspesialisert behandling.
Rinde er frustrert viss MS-senteret Hakadal blir utkonkurrert på grunn av pris.
– Om dei då må legga ned fordi det er pengane som er problemet, nei, det går ikkje!
MS-pasient Rinde, ulike fagfolk og ein stortingspolitikar møttest nyleg på Haukeland universitetssjukehus for å diskutera situasjonen.
Foto: Leif Rune Løland / NRKEinaste nasjonale tilbod kan forsvinna
Overlege Lars Bø er leiar for Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for MS.
– Det er MS-senteret i Hakadal som kan fylla behovet i Noreg for dei komplekse, vanskelegaste rehabiliteringsbehova. Men Helse Sør-Øst har gitt avtalen til andre. Dermed risikerer me at det blir ulike tilbod avhengig av kor ein bur i landet.
– Me er bekymra for at det nasjonale tilbodet nå kan falla bort. Det vil gå utover pasientar med komplekse rehabiliteringsbehov og MS i alle helseregionar, seier Bø.
Pasientar får undervisning på MS-senteret Hakadal AS.
Foto: MS-senteret Hakadal ASDet stadfestar generalsekretær Anne Mette Øvrum i MS-forbundet.
– Dei som verkeleg har behov for spesialisert tverrfagleg rehabilitering gjennom eit langt liv med MS, dei blir då gløymde. Konsekvensane er veldig ille – frå nord til sør og aust til vest.
Sp: – Ministeren må gripa inn
Med på dette møtet i Bergen er også tidlegare helseminister Kjersti Toppe i Senterpartiet. Nå er ho leiar for helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.
– Pasientar med MS i Noreg kjem til å mista sitt eigentleg einaste spesialiserte rehabiliteringstilbod.
Kjersti Toppe (Sp) meiner regjeringa må sørga for at MS-pasientane får behalda sitt einaste spesialiserte rehabiliteringssenter. Overlege Lars Bø til venstre.
Foto: Leif Rune Løland / NRKToppe meiner dagens helseminister, Jan Christian Vestre i Arbeidarpartiet, må sørga for å sikra likt og godt rehabiliteringstilbod for dei sjukaste MS-pasientane over heile landet, og å redda senteret i Hakadal.
– Det står i fare for å bli lagd ned. Derfor utfordrar eg ministeren til å gripa inn, sånn at det blir samordna og ikkje kutta i.
Både Stortinget og Vestre har uttrykt at helseregionane må samordna spesialisert rehabiliteringstilbod som er landsomfattande.
– Så har helseføretaka likevel ikkje følgt dette opp. Det er veldig spesielt, seier Toppe.
– Konsekvensane viss Hakadal AS må legga ned, er veldig ille, frå nord til sør og aust til vest i landet, seier Anne Mette Øvrum i MS-forbundet (til venstre).
Foto: Leif Rune Løland / NRK– Fagleg svekking
Leiaren for MS-senteret i Hakadal seier at ingen helseregionar tidlegare har uttalt at dei er misnøgde med tilbodet der.
– Og ikkje minst er pasientgruppa sjølv tvert i mot svært nøgde med tilbodet dei får her. Men så er det jo ei verkelegheit der ein ser ei tilspissing og ei sterkare prioritering om kva helsetilbod ein skal tilby dei ulike pasientgruppene, seier Bjølverud.
Toppe meiner situasjonen skuldast for sterkt pengefokus når dei statlege helseføretaka inngår kontraktar.
– Anboda vektar pris mykje høgare enn kvalitet. Etablerte fagmiljø, som i Hakadal, kan mista anbodet fordi kompetansen dei har, ikkje blir vektlagd.
Ho kallar dette ei klar fagleg svekking.
– Me må avskaffa den måten å kjøpa tenester på. Og heller ha langsiktige avtalar baserte på kvalitet.
«MS påverkar livskvaliteten frå første dag», fortel plansjen, der 29 vanlege MS-plager er rekna opp. Over halvparten opplever mental utmatting.
Foto: Leif Rune Løland / NRK– Som eit nytt menneske
MS-pasient Rinde seier eit godt rehabiliteringstilbod er viktig både fysisk og psykisk.
– Det er tungt å få og å ha MS. Eg har vore nøydd til å læra å leva med sjukdommen, men eg har òg lært kor viktig det er å møta rett helsepersonell som kan hjelpa deg på vegen.
– Når ein kjem heim frå eit rehabiliteringsopphald, kan ein kjenna seg som eit nytt menneske. Det er veldig synd viss me mistar dette viktige senteret. Det vil det gjera problema mykje større for oss, seier ho.
Etter protestar frå både politikarar og fagfolk håpar og trur Bjølverud det ikkje blir kroken på døra frå neste sommar.
Han set sin lit til at Helse Sør-Øst vil lysa ut nye anbod på høgspesialisert rehabilitering, og at MS-senteret i Hakadal då får kontrakt.
– Me på er optimistiske, og har veldig stor tru på at me skal fortsetta å levera tenestene, seier han.
Publisert 23.12.2025, kl. 05.24



















English (US)