Avgifta fekk ikkje leve lengre enn tre veker, før regjeringa måndag varsla at den blir sett på pause fram til 1. januar 2026.
Det gjorde dei etter mykje motstand frå næringa, som mellom anna meinte at CO₂-avgifta gjekk ut over arbeidsplassane til folk.
Avgjerda om å innføre CO₂-avgifta vart teken berre ei veke før reglane trådde i kraft.
Skal gå i dialog med næringa
Stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap) seier at gode innspel frå næringa er årsaka til at dei snudde om på avgifta.
Per Vidar Kjølmoen (Ap) ønsker at regjeringa skal gå i dialog med næringa.
Foto: Shiva Ghalvazi / NRK– 1. juli vart det innført ei CO₂-avgift for fiskeflåten som går utanlands. Det har vi fått tilbakemelding på at har hatt nokre konsekvensar som ikkje er bra for næringa. Så i dag bestemmer regjeringa at avgifta blir utsett inntil vidare.
Synest det er ei klok avgjerd
Administrerande direktør i Fiskebåt, Audun Maråk, har vore kritisk til CO₂-avgifta til regjeringa.
Han har tidlegare uttalt at dette har vore ei uheldig utvikling, og at avgifta verkar mot si hensikt.
Audun Maråk i Fiskebåt et positiv til at regjeringa har sett avgifta på pause.
Foto: Shiva Ghalvazi / NRKMaråk er no positiv til at regjeringa har vald å utsetje CO₂-avgifta til over nyttår, slik at dei får tid til å ha ein dialog.
– Dette er ei klok avgjerd. Vi får tid til å gå gjennom problemstillinga grundig, med sikte på å finne ordningar som er konkurransedyktige.
Jobbar for ei kompensasjonsordning
No varslar regjeringa at dei ønsker å gå i dialog med næringa slik at dei kan utvikle ei betre kompensasjonsordning.
Kjølmoen seier at dei skal setje seg ned saman med Fiskebåt og andre relevante partar for å bli einige.
– Eg oppfattar at næringa er interessert i å finne gode løysingar, seier Kjølmoen.
Kjølmoen presiserer at eventuelle løysingar ikkje skal bidra til fleire klimautslepp, samtidig som at næringa skal kunne konkurrere på like vilkår med andre.
Audun Maråk i Fiskebåt trur ikkje at ei kompensasjonsordning er den beste måten å løyse dette på.
– Det er ei usikker ordning som blir løyvd i ettertid. Og det at den blir løyvd i ettertid, gjer at folk ikkje veit det året dei bunkrar, kva dei vil få igjen neste år i kompensasjon.
Kjølmoen kan endå ikkje seie noko om kva som vil skje etter nyttår.
– På høg tid
Fleire i opposisjonen har vore kritiske til CO₂-avgifta, og Sylvi Listhaug (Frp) meiner det var riktig å setje den på pause.
Sylvi Listhaug (Frp) meiner det er på høg tid at det vart gjort ei endring. Arkivbilete.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK– Det er på høg til at regjeringa tok til fornuft og snur etter at dei sørgjer for at fritake for CO₂-avgift for fiskefartøy i utanriksfart opphøyrde frå 1. juli.
Det skriv pressesjefen til Sylvi Listhaug i ein e-post til NRK.
– Det er meiningslaust at fiskebåtane reiser langvegs som til Shetland fordi det ikkje lengre vart høve til å bunkre avgiftsfritt i Noreg for fart til utanlandsk hav.
Vidare påpeiker ho at Framstegspartiet ønsker å skrote avgifta heilt.
Publisert 21.07.2025, kl. 14.37 Oppdatert 21.07.2025, kl. 15.31