Regjeringa set av 42 millionar til å redde villreinen

4 days ago 2


Regjeringa følgjer opp deira tiltak for å betre tilstanden for villreinen i statsbudsjettet neste år.

Det fortel klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) torsdag.

Han er på besøk på Rondane Fjellstue for å fortelje om kva dei 42 millionane skal gå til.

Nå følgjer vi opp desse planane med viktige, vesentlege midlar for å få fart på arbeidet, seier klima- og miljøministeren.

Eriksen står foran noen busker

DIALOG: Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen ser fram til å høyre innspel frå lokalsamfunnet i Sel kommune.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Dårleg tilstand

I september la regjeringa fram ein tiltaksplan for å betre tilstanden til den norske villreinen.

Vi veit at tilstanden for villreinen i Knutshø, Snøhetta og Rondane er dårleg. Skal villreinen klare å overleve må den ha store nok område å røre seg på, seier statsråden.

Miljødirektoratet peikar på inngrep som bygging av hytter, vegar og kraftanlegg, som mest truande.

Det gjer at 20 av 42 millionar kroner blir brukt på tiltak som råkar friluftslivet i villreinområda.

Klima- og miljøministeren meiner samarbeid med lokalsamfunnet blir naudsynt.

Det er ikkje eitt enkelt tiltak som vil løyse situasjonen for villreinen i Noreg. Difor gjer vi no fleire grep i samarbeid med både lokale styresmakter og aktørar i oppfølging av arbeidet, seier Bjelland Eriksen.

En mann i svart jakke

OPTIMISTISK: Statsråd Andreas Bjelland Eriksen er overtydd om at 42 millionar vil vere eit steg mot betre tilstand for villreinen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Total overkøyring

Før besøket torsdag sa ordførar i Sel kommune, Eldri Siem (Sp), at dei blei «overkøyrt av regjeringa» i denne saka.

– Det er imot lokaldemokratiet og det kommunestyret har vedtak om, sa Siem til NRK då tiltaka blei kjend.

Eldri Siem, ordfører i Sel kommune

IKKJE HØYRD: Eldri Siem, ordførar i Sel (Sp), seier at regjeringa lova dei at tiltak skulle vere «basert på frivilligheit». Ho er spent på vegen vidare no.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Årsaka var at kommunestyret hadde vedtatt seg for å ta vare på den populære parkeringsplassen Spranget ved Rondane Nasjonalpark.

Men Statskog eig tomta til parkeringsplassen og kan difor legge ned parkeringsplassen utan å blande inn kommunen.

OMSTRIDT PARKERINGSPLASS: Hvis Spranget blir flyttet 3 km vekk, kan nasjonalparken utvides tilsvarende, mener foreningen Bevar villreinen i Rondane.

Grafikk: Kartverket.no

– Burde gjort meir

Det er samstundes ikkje alle som er kritisk til tiltaka i lokalsamfunnet rundt Rondane. Tvert imot.

– Når reinen startar å slite, er det eit signal på at vi ikkje har klart å ta vare på den.

Det seier Jan Olav Solstad. Han er leiar for villreinutvalet i Rondane Nord.

– Det er bra at regjeringa tek eit overordna ansvar. Men det kunne vore tydelegare innrammingar på andre delar av området, seier Solstad.

Jan Olav Solstad

VIKTIG: Jan Ove Solstad i villreinutvalet Rondane Nord meiner at villreinen er eit nasjonalt og internasjonalt ansvar.

Foto: Lars Erik Skrefsrud

Han er samstundes glad for at villreinen har blitt ei større prioritering.

– Ein har løfta reinen opp på eit nasjonalt nivå og fått synleggjort utfordringane dei står ovanfor. Det synest eg er veldig positivt, seier leiaren for villreinutvalet i Rondane Nord.

Publisert 02.10.2025, kl. 11.30 Oppdatert 02.10.2025, kl. 11.43

Read Entire Article