Det er sett i gang ein redningsaksjon etter ei bilulykke i Øygarden seint torsdag kveld.
– Bilføraren var forsvunnen frå skadestaden da nødetatane kom fram. Me har ikkje kome i kontakt med han og fryktar han kan ligga skadd i området, skriv Vest politidistrikt i politiloggen.
Både Røde Kors, Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp hjelper til i redningsaksjonen.
– Drone frå brannvesenet har søkt gjennom området rundt ulykkesstaden. Ingen observasjon av fører, skriv politiet i ei oppdatering klokka 00.19.
Redningsmannskap på staden.
Foto: Oskar Rennedal / NRKFryktar store skadar
Eit redningshelikopter frå Florø er òg på staden for å hjelpa til i aksjonen.
Helikopteret skal no leita etter personen med varmesøkande kamera, skriv politiet i ei oppdatering klokka 01.04.
Eit redningshelikopter leitar med varmesøkande kamera.
Foto: Oskar Rennedal / NRK– Det har vore ein kraftig samanstøyt, og me fryktar høyenergiskadar på føraren. Det er difor me har høgt trykk på dette, seier operasjonsleiar Morten Rebnord til Bergens Tidende.
Truleg høg fart
Dei trur bilen har halde høg fart før ulukka, gått over autovernet og hamna inne på eit anleggsområde.
I tillegg er ein person køyrd til sjukehus etter ulukka.
Politiet melde fyrst om ulukka klokka 22.17.
– Passasjeren er framleis til behandling på sjukehus, politiet har difor ikkje fått avhøyrt han, skriv politiet.
Personen var vaken då han vart frakta bort frå staden, men det er uavklart kor alvorlege skadane er.
Publisert 19.09.2025, kl. 00.32 Oppdatert 19.09.2025, kl. 01.53