Redda 20 sauer frå møkkakjellar i Lærdal: – Ei skremmande oppleving

2 hours ago 1


Søndag morgon gjekk alarmen hos naudetatane:

Eit fjøsgolv hadde kollapsa. Fleire sauer hadde ramla ned i ein møkkakjellar i Lærdal i Sogn i Vestland.

Det første synet som møtte brannmannskapet, var sauer som svømte rundt i halvanna meter med møk.

– Då måtte brannfolka tenke kreativt og finne ei løysing for å få dyra opp, seier brannsjef Gaute Johnsgaard i Årdal og Lærdal.

Frykta trist oppdrag

Løyinga blei å hoppe ned i møkka, feste eit tau rundt magen på sauene og dra dei opp med handmakt.

Av dei 21 involverte sauene, overlevde alle utanom ein.

At det gjekk så bra, var slett ikkje venta.

Brannmannskapa frykta det kunne verte eit svært trist oppdrag.

For Johnsgaard var oppdraget første i sitt slag, men kollegaene i Lærdal har vore bort i liknande oppdrag tidlegare.

– Eg må gi stor honnør til dei for den jobben dei gjorde, seier han.

fleire personar står og heisar opp ein sau frå ein møkkakjellar

Både brannmannskap, politi og naboar bidrog i den intense redningsaksjonen i fjøset i Lærdal.

Foto: Politiet / Politiet

– Skremmande oppleving

Bonden som eig fjøset, Ole Johan Bjørkum, var der då hendinga fann stad.

Han tilkalla kjapt hjelp frå naudetatar, men også frå gode naboar.

Bjørkum er framleis prega av hendinga då NRK snakkar med han. Han seier han vil takke alle involverte i redningsaksjonen.

Han ønsker ikkje på noverande tidspunkt spekulere i kva som er årsaka til at golvet, som er av stål, svikta. Han seier dette no har blitt ei forsikringssak og også ei sak som politiet skal sjå nærare på.

Politisak

Politiet har gjort undersøkingar i fjøset og snakka med vitne etter hendinga.

Inger Helen Stenevik, politiadvokat i Vest politidistrikt, seier bonden har status som mistenkt.

– Politiet etterforskar for å finne ut om sauegolvet braut saman fordi nokon handla aktlaust eller ikkje. Då er det spørsmål om bonden har hatt forsvarleg tilsyn og vedlikehald av fjøsgolvet.

Ho seier det kan bli aktuelt å gjere nye undersøkingar på staden og innhente fagkyndig ekspertise.

– Det var ei skremmande oppleving, seier nabo Audun Mo, som sprang kjapt til fjøset.

Brannvesenet var allereie på plass og i gang med å heise opp dyra. Sjølv om redninga gjekk kontrollert for seg, kjente han at pumpa gjekk.

– Men det var ein minst like skremmande oppleving for sauene, som nok var i sjokk. Dei var også nedkjølte, som nok var det største problemet.

Han rosar dyrlegen som gjorde ein god innsats med å få varmen i dyra att, men også alle dei andre fortener skryt, meiner han.

– Når slike ting skjer, så stiller alle opp, seier Mo.

Brannmannskap i Lærdal

Mannskapa redda 20 sauer sundag morgon. Slik såg dei ut etterpå.

Foto: Årdal Brann og Redning / Årdal Brann og Redning

– Lukta sit framleis godt i

Også politiet rosar innsatsen frå dei lokale bøndene og brannvesenet.

– Vi var heilt avhengige av dei. I verste fall kunne vi ha mista alle dyra, så alt i alt gjekk det bra, seier politibetjent Helene Hermansen.

Ho var også med å dra dyra opp frå møkkakjellaren, og kjente det godt i både armar og rygg.

– Vi drog dei opp for hand, ein etter ein. Til slutt fekk vi opp 21 dyr, noko som var betre enn vi først frykta, seier Hermansen.

Sauene var fulle i møk, og blei slik sett endå tyngre å drage opp.

to personar

Det blei ein spesiell dag på jobben for politibetjent Helene Hermansen og brannsjef Gaute Johnsgaard. Heldigvis enda det svært godt.

Foto: Politiet

– Det er i alle fall første gong eg har vore med på ein slik type redningsaksjon, seier Hermansen, og legg til:

– Og lukta sit framleis godt i.

Fleire fjøsgolv kollapsar

Det er ikkje fyrste gong at fjøsgolv kollapsar og dyr blir råka. Mellom anna døydde ti kyr i Os i 2019 då eit golv kollapsa.

Kor mange slike kollapsar gjeld på nasjonalt nivå, kjenner ikkje politiet til.

Det gjer heller ikkje Noregs Bondelag, men dei seier at dei hjelper bøndene når slike hendingar skjer.

Publisert 23.02.2026, kl. 20.20

Read Entire Article