Reagerte på SMS frå med lenke frå 1881

15 hours ago 3


Då pensjonist David Pugh (71) fekk ein SMS frå nummeret 1881 stussa han.

– Det stod noko om at det var noko muffens med adressa mi, og så måtte ein trykke på ei lenke.

71-åringen trykka ikkje på lenka, men sletta SMS-en. Etterpå ringte han til 1881 for å spørje kva dette var.

Denne handlinga støttar Thomas Iversen i Forbrukarrådet:

– David har gjort alt riktig. Han har vore skeptisk, slik som me skal vere, og har ringt inn når han har lurt.

– Det er mykje svindel­forsøkSMS, og ofte er lenker involvert. Bedrifter bør unngå å bruke lenker, for å vere sikker på at folk ikkje blir usikre.

– Sender SMS

Ifølge Asgeir Ohr som er administrerande direktør i 1881, får dei informasjon om adresser frå blant anna tele­selskapa og Posten.

Brukaren kan stadfeste opplysningane sine på «Min side», og 1881 spør innlogga brukarar med jamne mellom­rom om informasjonen dei har er rett.

– Me sender SMS i tilfelle der me mottar adresse­informasjon som avvik frå det me har registrert, slik at den som står oppført veit at det kan vere noko feil i oppføringa deira.

Denne SMS-en opplyser han at er formulert som følger:

1

1881:Hei Navn!

Vi har nå oppdatert din adresse på 1881.no i henhold til Postens adresseregister - Gatenavn Husnummer, Postnummer Poststed.

Vennlig hilsen
Opplysningen 1881

Er denne adressen feil kan du enkelt endre dine opplysninger selv ved å logge inn på https://min.1881.no

Ifølge 1881 får mellom 120.000 og 150.000 brukarar slike SMS-ar årleg.

Det beste er å ikkje ha lenker i SMS-ane, slik mange har endra til dei siste åra. Me tar stega dit, men har valt å gjere det gradvis.

Dersom ein brukar ikkje gjer endringar, vil opp­føringa bli ståande.

Tidlegare hadde me ein praksis der brukaren måtte ta eit aktivt val om å god­kjenne adresse­endringar, og måtte trykke på ei lenke. No informerer me om at det er gjort ei endring, og viser kvar dei kan gå om noko er feil og det må rettast.

Fekk rekning for samtalen

Ei stund etter samtalen til 1881, fekk David Pugh ei utgift på 140 kroner på mobil­rekninga si.

– Dei tar 38 kroner per minutt, seier Pugh.

Han tok igjen kontakt med 1881, men no på kunde­service­nummeret deira.

Då fekk han beskjed om at han kunne få att pengane, dersom han oppgav konto­nummeret sitt. Det ville han ikkje.

Dermed enda det med at Telenor gav Pugh kreditnota. Likevel reagerer han.

– Eg ringde jo i deira rekning, ikkje for meg sjølv.

David Pugh har på seg gul jakke, rødt skjerf, og sit ved eit bord. Mobilen ligg framføre han, og skulderveska hans ved sidan av han.

– Eg stussar også over at dei treng å få stadfesta adressa til nokon som står i folkeregisteret, seier David Pugh om praksisen til 1881.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Iversen i Forbrukarrådet seier at dersom ei bedrift sender ut ein SMS med lenke, så nærast ber dei om at mottakar tar kontakt med kundeservice. Dette skal ikkje koste noko.

Thomas Iversen, forbrukerjurist i Forbrukerrådet. Han står ute. Det er et gult bygg i bakgrunnen.

Thomas Iversen i Forbrukarrådet​​​ meiner 1881 kunne formulert SMS-en sin med nummer til kundeservice, eller med ei formulering om å gå inn på nettsida.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

– Det har du ikkje lov til å ta betalt for som næringsdrivande. Å ta betalt for telefon til kundeservice har vore ulovleg sidan 2019.

At David til slutt enda opp med å få kredittnota, seier Iversen burde blitt løyst på «ein meir elegant måte» frå 1881.

– Samtalen burde blitt internt sett vidare til kundeservice, og dermed ikkje ha kosta noko.

Tar du ein SMS med lenke alvorleg?

Vil endre SMS

Ohr i 1881 opplyser at det Pugh opplevde er eit «generelt problem», og at dei ikkje har hatt tilfelle der nokon har ringt til 1881 på grunn av SMS frå 1881 i seinare tid.

– Historier som denne er ei viktig påminning om at ikkje alle er digitale, og at informasjon me sender ut må vise omsyn til det og sikre at alle veit kvar de kan vende seg.

Asgeir Ohr har sideskil, og har på seg kvit skjorte og mørk gensar. Han står i eit kontorlandskap og ser rett i kameralinsa.

Administrerande direktør Asgeir Ohr i 1881 skriv 1881 ikkje ønsker å sjekke kva som har skjedd, men gir Pugh rett i at han ikkje skal måtte betale for å ha ringt nummeropplysinga ved ein feil.

Foto: 1881

Han opplyser at mottakarar av SMS frå 1881 kan kontakte kundeservicen deira på kundeservicesidene, på e-post, eller på telefon. Å ringe kostar ikkje noko.

Om nokon ved eit uhell skulle ringe nummeropplysninga 1881, er prosedyren at samtalen blir tilvist vidare til kundeservice. Brukaren kan få refundert kostnadane via vår «fornøydgaranti», via førespurnad til kundeservice.

Om det allereie er sendt faktura, seier Ohr det vil vere naudsynt å få eit kontonummer for å refundert pengane.

Når det gjeld kva endringar dei vil gjere, er svaret som følger:

Å oppgi sjølve kundeservice­nummeret kan skape dei same sikkerheits­risikoane som ei lenke.

Ohr innrømmer saka til David Pugh viser behovet for å forenkle SMS-en.

Der skal me i framtida berre vise til nett­sidene våre, utan lenke.

Tips gjerne!

Hei! 

Har du innspel eller tips etter å ha lese denne saka?

Ikkje nøl med å ta kontakt. 

Publisert 05.03.2025, kl. 05.15

Read Entire Article